']); _gaq.push(['b._trackPageview']); (function() { var ga = document.createElement('script'); ga.type = 'text/javascript'; ga.async = true; ga.src = ('https:' == document.location.protocol ? 'https://' : 'http://') + 'stats.g.doubleclick.net/dc.js'; var s = document.getElementsByTagName('script')[0]; s.parentNode.insertBefore(ga, s); })();

 

oubt0

Er så utruleg lei dette perfekt og sunnethysteriet som mange har om dagen ..!
Aldri et godis, aldri et sukker eller salt, aldri et pommefri eller pizza, eller lyst brød aldri ligg og slapp av på benken, et aldri ferdig mat, adlri alkohol, aldri snus, aldri sitt oppe seint, spill aldri nettpoker.
Det er greit at dei overnevnte tinga er usunne ting og mengder av dette ikkje er bra for deg i lengden , men det må var låv og unne seg eit glas sprite eller to i helgen og spille nettpoker ein gång i blandt?
Nei, du skal spise sundt, sundt sundt, og trene, trene ,trene og – abb abb, ikke sitte ned, trene! I Media er det tusenvis av «eksperter» som skal fortelja oss korleis me skal leva livet vårt eller ikkje leva livet og alle vet sjølvsakt best.

41313_425297792591_35818_n – Kopi
Til og med sunn mat skal ein halda seg vekke i frå
Nokon vil at me ikkje skal eta frukt , nokon meinar ein aldri ska eta tomat , nokon potet,Nokon meinar at me aldri skal eta brød, andre pasta/ris og gulerøtter osv ; men kva er det igjen då?
Det å informera om kva som skjer med kroppen og psyken om du gjær for mykje av det som»ikkje er bra» eller spiser for mykje av denne usunne maten er heilt greit , men heilt ærleg det er forskjell på å barbera seg og skjæra av seg haka!
Så det å eta moderate mengder av det som er såkalt «farleg» er ikkje så farleg som det å eta dette kvar dag/ fleire gånger i veka og kva me skal eta og kordan ein skal leva liva sine må kvar enkel få velga sjølv og det er ikkje slik at dei fleste av oss trenger eksperter som fortel oss kva som er sundt og kva som ikkje er det .

DSCN1878
Sjølv har eg ein klar regel for meg sjølv aldri brus , godis og snack ,jo

Vatn!
Vatn!

inni mellom, men aldri i vekene. Eg har eit fokus på å ete sund og variert mat frå bunnen og for i meg fem om dagen, eg trener og går turar kvar veke, men i helgene unner eg meg litt kos og sitter oppe seint , i selskaper et eg kake og har mine dager eg ser tv og slapper av.

308943_10150288042687592_1351117669_n
Min personlige meining er at det ikkje er farlig og eta pizza eller snop, men mengden du får i deg. Og det er det også det mange andre ekspertar meinar, for me har ei helse å ta vare på ,men gjelder også den psykiske helsa og da skal me innimellom eta usunn mat som smaker godt og gjør oss glad,men alt med måte! 🙂

Pizzabuffet på Astor i København
Pizzabuffet på Astor i København
Annonse:
Starte nettbutikk? Klikk her for mer informasjon
Nettbutikk Interiør
..som media skal få oss til følga ;P

Så las eg det igjen endå ein ny mote som dei liksom skal få oss til å gjera.. kem som eigentleg kjem med desse ideane veit eg ikkje, men rare er dei

i 2013 skulle mannfolka  lokkast til å gå i det dei kalde for «String Latéral Flash»  (Google) ei «ultrasexy» stringtruse for menn i følge 730.no og Heidi Holly.

Den ultrasexy stringtruså (sjå den her)

I fjor skulle me farga håra under armane

Farga hår under armane !

I år skal me faktisk greia håret under armane(!) og gå med berre «tanntråd» på stranda. Ein sjukt liten bikini som visar ALT (ein skulle like godt gått naken)  ..

Trandtråd bikinien (link)

.. Mens damene skal nokså minimalistisk kledd.. skal mannfolka pakka seg inn i Mormors gamle sengeteppe !

Shorts av ulltepper!

Og desse tinga skal media prøve å få oss til og gjera eller kle oss i ;P for dette er jo eigentleg ikkje verklege trender, i vertfall ikkje i mitt hovud.. men kanskje nokon få går slik?

 

Kva synest du om desse trendane?
Ville du gått slik?
Kva trur du blir dei neste trendane?
Kanskje det blir ein mote å gå med nissahua på stranda ein gång?
Kanskje det blir ein mote å gå med nissahua på stranda ein gång?
Her er meg i for eksempel det eg går i på stranda
Her er meg i for eksempel det eg går i på stranda

 

 

 

 

Slik lagar du herleg kaffi .. Heima, utan avansert utstyr

Legg igjen en kommentar
Kaffi med kardemommestrø
Kaffi med kardemommestrø

Det er sundag kveld eg sitt foran fjernsynet og koser meg med ein god kopp iskaffi med jordbærsmak NAM!

Kaffien har eg laga sjølv og eg elskar å eksperimentera med smaker!

Kaffien har eg laga sjølv og eg elskar å eksperimentera med smaker!

Eg er svært glad i kaffi, fyrste gång eg smaka var eg 13/14 år og var i lag med syskenbarnet mitt på Peppes Pizza Bryne, ho hadde fått smaken på kaffimokka og lokka meg til å smaka, etterpå var det tradisjon for oss og gå på kaffibar når traffs for å kjøpa kaffimokka.

Seinare blei eg meir og meir glad i kaffibar og er glad i å variera i alle dei forskjellige typane, men det det å gå på kaffibar kan bli dyrt i lengden og det blir berre dyrare, det er svært synd.

For når det å gå på kaffibar og kafè generellt skal væra så dyrt i dag då kan ikkje dei som tenar anminneleg eller mindre, treffa folk og væra sosiale rundt eit kafebord, med ei kaffikopp eller te, god mat osv utan at ein må ut med kanskje tilsamans fleire hundre kroner då kan dei ikkje gå ut så ofta.

Berre på mezzanin på M44 Bryne ( der går eg aldri meir) har dei fleste kaffiane stege 20 kr berre på få år!!

ja, då er det bra at ein kan laga til noko tilsvarande heima.   

Slik går du fram:

Du treng:

Kok opp kaffi, om du ynskjer kan du laga iskaffi eller kald kaffi då ventar du berre til kaffien er kald, eller er det noko du kan gjera med kaffien frå i går som ellers ikkje er så god kald, men blir dritgod når du lagar iskaffe av den. Skal du laga iskaffi? hugs isbetar + iskald melk!

Fyll litt smak i botn, det du ynskjer så fyll du på med kaffi (kald eller varm) den mengden du ynskjer, fyll så opp resten med melk, men viss du skal ha krem på hugs å ha plass til den. strø så litt kanel eller kardemomme, evt sjokoladestrø. SMAK!

Håpar du likar det !

DSCN3796DSCN3792

 

 

 

 

 

 

 

Teksting av Jærbu på Farmen

Legg igjen en kommentar

Stor oppmerksomhet

Dette med teksting av Frank Tore Aniksdal frå Vigrestad har skapt stor oppmersomhet  på dei sosiale mediar, og kvar eg logger meg på er det lagt fleire linkar frå  innlegg og innlegga har hundrevis av kommentarar.

Og det diskuteres så det koker om tv 2 teksting på jærbuen.

Tekstinga har fått meir oppmerksomhet en f.eks forlovelsen inne i Big Brother huset. (som eg ikkje har sett nokon skriva om på nokon mediar)

Nokon av dei som har sagt meiningane sine høgt er blant anna SP politiker Geir Pollestad og Hagbert sibelius Rør-reime (AKA Tom Weum. )

 

https://www.facebook.com/video.php?v=10152800876896133  (link til video på facebook Geir pollestad)

 

Diskriminering

Det er ikkje rart at folk har latt seg engasjera av denne saka for dette har nok vekka nokon kjensler hjå folk, mange har ledd av dette og reagerar på at han i det heile tatt blir teksta,  mens det  mange reagerar på er ikkje mest at Frank blir teksta , men det dei reagerar på ( i likhet med meg sjølv )er at jærbuen er den einaste inne på farmen som er teksta. Som om at jærsk er den einaste dialekta folk ikkje forstår.. ??  Og er jærsk faktisk så ufortåeligt som mange skal ha det til?

Og kva med oss jærbuar og dei dialektane me ikkje forstår? kan ikkje dei også bli teksta?

Rundt omkring i dette landet er det folk frå alle stader som alle forstår (og ikkje forstår) forskjellige dialektar, Marit Bjørgen blir ikkje teksta, ikkje Anniken Huitfeldt heller, så kvifor teksta berre jærsk? Og er det skal vare framover, at kvar gång ein jærbu er med i eit program eller sit i benken Thomas og Harald så skal han tekstast?

Entan kan dei teksta heile programmet (slik dei gjorde i «Jakten på Kjærligheten») , eller ikkje teksta programma. Det er mi meining.

 

 

mennesker ,likeverd og mangel på det..

Legg igjen en kommentar

Man lever i 2014 og me burde egentlig lert og godta kvarandre, men slik er det ikkje .. langt i frå .. Faktisk trur eg at det går mindre på utsene no en det gjorde før, i allefall føler eg det slik.

Mange som blir mobba eller utestengde i dag blir det ikkje lenger berre pga. utsene men kva personar dei er inni seg .. og med mobbing meiner eg ikkje berre på skulen slik «barneskule mobbing»(som nok

er den verste form for mobbing).

Eg meiner også ute i samfunnet .. Mange vil nok være uenig og sia dei ikkje røyner noko sjølv .. føler dei kanskje at Noreg er eit fint land, eit trygt land og at folk i Noreg har det fritt og godt.

Eg høyrer ofte folk seie » me har det godt i dette landet..», «me er heldige som bur i Noreg». Då tenker eg at dei sjølve er heldige som  ikkje har røynt det vonde som faktisk foregår i dette landet.

F.eks er Noreg på verdstoppa innen korrupt lik linje med f.eks  Afganistan og Somalia. Det går ut over uskyldige som ikkje er «perfekte» og i eit slikt tillfelle det er dei høgast utdanna og dei med magt som får det

slik dei vil og ikkje dei som fortel sanninga. Og det er det eg meiner med mangel på menneskeverd. For om ein er sikker i sin sak då ein går til rettsak om noko, kvifor må du då «betale» dommerar for og få igjennom ein dom?

På barneskulen er det på eit anna nivå, ein lokker med  leker eller godis for og få nokon til og vare med på mobbing.

I dag skal man helst var innen den «perfekte» rammen. Man skal ha høg utdanning, med god jobb og høg lønn. Man skal være Gift/samboer (mann og kone), ha born som skal gå i barnehage..

i 2014 kan folk  bli melde til barnevernet om det ikkje «perfekt» ..

Ein gång ute på byn  kom ein mann bort til oss  og snakka litt med oss .. eigentleg verka han ikkje så hyggeleg, men me svara han så høfleg me kunne, men då han høyrde at ingen av oss hadde jobb på det tidspunktet ( nokon av oss var heime med små born, nokon hadde var akkurat ferdig skule osv.)

gjekk  med det same , «eg skal ut og lufte meg » skulda han på så gjekk han i frådrinken han hadde drukke to munner av og kom ikkje igjen.. Det var i grunnen heilt greit, men ei sak av prinsipp.

Mange har ei innstilling at dei ikkje vil vare vener/kjæreste  med dei som ikkje har utdanning/ jobb eller som «naver»  for dei er «late» og «utan ambisjonar..» seier dei, men det er ikkje slik det fungerer..

Mange treng hjelp til og komme seg ut i arbeidslivet, Grunner kan vare : Fysisk eller psykisk sjukdom, mobbing, eller at du av ein eller anna grunn har «faldt utanfor..»

Nokon meiner at foreldre utan utdanninger eller åleineforeldre ikkje er gode foreldre. Nokon har til og med sagt at » Det burde ulovleg og vore åleine med born»

Nokon  vil til dømes ikkje ha for mykje med og gjere med folk med andre religeonar, eller som er eller har vore allkoholikarar » dei kan vare farlige » seier nokon.

Så mi meining er at folk som meiner slikt er utan verkeleg  livserefaring..

Man skal ikkje velge vener etter fyrste inntrykkje, men lære seg å kjenne og sjå kven man trivs i lag med og kven som får oss til og le.. Elin F. Håpar dette kan få nokon til og tenke seg om.. 😉

 

Komletorsdag = Komlepizzafredag!

2 kommentarer

Når ein bur i Rogaland er ein blitt vant med Komletorstag, det er mange som vil ha komle kvar einaste Torsdag, gamal tradisjon i mange år som ein trur byrja for og feira at det snart er helg, men har du prøvd Komlepizza?

Det har du kanskje ikkje. Her har du fremgangsmåte :

Mitt forslag er å bruka grov pizzabotn, kanskje toro sin du blander med vatten ( min favoritt) Du kan baka botn sjølv eller kjøpa i butikken.

Skjer opp komlebetar, pølse betar og baconterninger. på Botn smørar du ketchup.

Ha inngrediensene og selvfølgelig ost.  Håpar det smakar! Helsing ElinF

Komlepizza ;)
Komlepizza 😉

 

 

Når vaksne mennesker mobber…!?

2 kommentarer

Når eg ser vaksne mennesker mobba på internett blir eg både sint og skuffa,

og mange tankar går igjenom  hovudet mitt då:

Kva oppdragelse har dei hatt? og kva tenker dei egentligt ?

Kva får eigentleg «Vaksne» mennesker til og kalle andre mennesker Stygge med fullt navn og i full offentlighet ?

Ein sak eg bl.anna sikter til er etter farmen Marita Wennervold Hollen røyk ut av Farmen, såg eg mange stygge kommentarar: Ho har bl.anna blitt kalt Stygg fleire gånger, «endeleg er den silikonkjerringa ute, hurra!!»

«botox og sillikon kjerring» osv husker ikkje alt eg leste..  Ein ting som er bra er alle dei som tar Marita i forsvar og viser at dei er i mot mobbing, skriver at ho er fin osv.

det er dei som er dei skjikkkelig vaksne. Det er så bra at alle som er motstanderar av mobbing seier i frå.

Og det er ikkje berre her voksne mobber på internett, nei » vaksne»  Så og sei overalt, i politiske debatter f.eks

er det mange som ikkje kan diskutera politikk utan og kobla inn utsjåande ( og andre ting)  til poliktikarena,

«Vegta til Erna Solberg» , » Homo Knut Arild Hareide» , » Den løgne ungen til Arve Kvambe / Jens Stoltenberg» , «Narko Hallgeir Langelang», » nazi-siv»

Det er greit og ha meininger om politikarar og parita deira, det går tross alt ikkje an og ha detbatter og diskutera politikk utan,

Eg er lite ening med Jens Stoltenberg og hans politikk, Faktisk heilt uenig i det meste ..  og det det er mange politikarar eg har «oppi halsen» pga politiske meiningar,

men det  og trekka inn deira utsjåande, og endå verre utsjåande til deira born og familie og skriva det i full offentlighet er og gå mykje for langt.

og som sagt er det mobbing alt for mange stader i det offentlege rom.

Ein kan lura på kva folk det er som held på slik, og har dei born ? tenker dei på at dei faktisk er rollemodellar ? borna ser opp til sine foreldre og då foreldra held på, på denne måten

for dei selvfølgelig eit intrykk av at dette er greit, og på denne måten dei kan vara med på og skapa mobbarar..! Ta dykk i samen og sjekk at hjernen er tilkobla før dykk opnar kjeften. .!

Finaste politikar Val 13

Legg igjen en kommentar

Det er snart val og berre for løye tar me opp noko som ikkje er viktig, nemleg kvifor politikar som er finast  🙂 Eg har laga ei liste i saman med søs heilt uavhengig av kvifor eit parti dei er på, me har diskutert litt fram og tilbake, og sjølv om det ikkje er så mange politikarar me synest er så veldig fine så har me alikavel  klart og laga ei topp 12 liste :

12. Harald A. Nissen MDG

11. Erik Tørrissen FRP

10. Trygve Slagsvold Vedum SP

9.Ola Borten Moe SP

8.Paul Joakim Sandøy, H

7. Tore B. Kallevig FRP

6.Knut Arild Hareide KRF

5.Bjørnar Moxnes RØDT

4. Heikki Holmås SV

3. Bård Vegar Solhjell SV

2. Bent Høie H

1. Ketil Solvik Olsen FRP

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Val 2013

Legg igjen en kommentar

Dei som har det bra på så og sei alle måtar, som ser på Noreg som eit fritt, trygt, rigt og godt land å bu i slik det er i dag.

ikkje har røynt systemets makt og som følar at Noreg er så bra at det ikkje treng og forandras på noko. Det er dei som stemmer rødgrønnt.

Men sanninga er ein heilt anna, for i dette rike, trygge, frie og gode landet har  ein flått fasade som det gjøymer ser bak.

Mange veit det enno ikkje, men alt for mange opplever seg mindre verd og at Noreg er i ferd med og bli eit land der kunn dei som er høgt på strå «perfekte» har rettigheiter.

for i dette landet er det maaange som lir, og det er fleire tusenvis av fattige i rike norge. Gamle blir plasert på do, nokon for ikkje hjelp og må pissa i ei bøtte i si eiga stove.

Ungdommar og born tar sjølvmord fordi dei vert mobba og ikkje får hjelp, eller fordi dei blir frårøva sine foreldre og  trygge nettverk.

må i i vilt framande fosterfamile utan grunn.  Mange får eit stempel som dei må leva resten av livet,

dette berre fordi det offentlege har for mykje magt og ikkje vil høyra foreldrene/borna eller dei som kjenner folk best.

Mange Må i dag kjempa og sloss for rettigheitane dei har, enten om det er sjukeheimsplasser, pengestøtte, medesinskhjelp, mobbing osv.

mange får ikkje den hjelpa dei treng, mange opplevar heller at dei  blir nertrykka slik at det offentlige slepp og ha bry med dei. Og dette tross i at folk betalar tusenvis

av kroner i skatt og avgifter kvart einaste år.

For Noreg er ikkje eit fritt land så lenge nokon skal bestemme korleis du skal leva ditt eige liv.

Kvifor skal myndigheitene bestemma om du skal vara heime med ungane dine eller ikkje, om du skal få lov til og nyta eit glas vin på piknik i parken,

at du skal gå heim kl 01.30 -02.00 på ein Lørdagskveld, at barneskuleelevane ikkje skal få gå i kyrkja i juletider,

kvar mykje du skal få lov til og ha med deg heim av f.eks kjøtt som du har betalt med egne penger i eit anna land,

Det skal ikkje vara slik! No er det snart val, o g eg veit kven eg skal stemma på, eg skal i vertfall ikkje stemma på dei som styrar no!

“ Eg har så lust på ein iskald spriteboks..!”

Legg igjen en kommentar
Naaam! Foto: ElinF.

 

Eg kjenner denne følesen .. Den kjem av og til, eg brukar ikkje og drikka så mykje brus, men ein iskald boks med sprite på terrassen ivarmen på hytta er godt! Eller Fanta hehe.. Men eg har sakna det I sommar, for me har måtta “spara” litt på dei siste boksane me har igjen etter fjorårets Danmarkstur..L

Og det er nettop på grunn av  det eg vil at dei skal selja det I norge.

Eg synest at det er dumt at me må fergå over til Danmark eller kjøyra til Sverige for å få og tak I desse boksane. Og dessverre er det også snart slutt på Cola og Pepsi max kartongane.

Istedenfor dei billige Colakartongane som dei selde til 99/129 kr kartongen, seld dei no boksane for seg skjølve til ca 23 kr stykke. Det vil seia over 500 kr for ein kartong med Cola. Men ein Ølboks på 0,33 liter som er det same som dei brusboksane, kan du faktisk finna til ein 10/11 kr. Noko som også er dyrt for brus på boks.

Kvifor skal det var slik? Kvifor skal noreg var så mykje dårlegare (og dyrare) en sverige og Danmark? Kvifor kan ikkje me ha det utvalget av brusboksar her i landet??

Når det kjem til øl og cider på boks så er utvalget Ganske stort. (og eg er ikkje i mot det).  Eg synest ivertfall at det burde våre kartongsal på Cola, Fanta og Sprite og til dei prisane så dei selde colakartongane til før.

Fordelar med brus på boks og brus på flasker:

Dei store flaskene (1.5l) er gode til selskaper kvar det skal vera litt fint og drikka brus frå glas og er økonomiske dersom mange skal dela.

Dei små flaskene (0,5l)  er gode dersom me skal på f.eks. Kosetur , biltur eller om du kjøper mat på ei messe,arrangement, loppesal eller ute kafe. Med at du kan at på korken igjen og ikkje søla så mykje.

Brusboksen har den fordelen at han blir fort kald I kjøleskapet og boksen han er laga i gjer at han heller ikkje blir så fort varm. Han er liten passar fint for dei åleine og som ikkje drikk så mykje brus. For oss er ofte ei stor flaske litt mykje på f.eks ein laurdagskveld og brusen blir ikkje oppdrukken. Neste gång me drikk brus (neste helg) er fresen i brusen borte og brusen smaker ikkje godt lenger.

Ein blogg om kvardagens stress og gledar! Her kan du få tips du ta kan med i kvardagen . . Du kan lese om ting som er viktig eller bare vissvass

css.php
Driftes av Bloggnorge.com - Genc Media™ - Webdesign og hjemmeside - WP Wordpress, HTML, CSS - PRO ISP
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold. Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge.[dått]com.