Komletorsdag :)

Då er det torsdag, og torsdag betyr  komle  for mangen Rogalendingar.

Det er vanligast med komle på vestlandet.  Her er det tradisjon og eta komle om torstadgen, og mange et komle kvar torsdag. Det er også mange kafeer som tradisjon og selja komle kvar torsdag. Derfor navnet Komletorsdag. Kvifor torsdagen ?  Jo, eg er ikkje heilt sikker, men  eg trur det var i frå gammalt av at dei ville eta noko ekstra godt  på torsdagen for og “feira” at det  snart var helg.

Men det er ikkje berre i Noreg  dei et komla.

Dei et det blant anna i Ukraina, Latvia og i Litauen er det ein nasjonalrett. I Sverige har dei bacon og lauk betar i komla eller kroppkaka som det heitar der.

Komlå, som me seier på jæren har også fleire navn alt etter kvar du kjem. dei vanligaste navna er komle, kompe og raspeball. kompe seier  dei på Sørlandet, Raspeball i bergen og omegn. og austlandet, du har også klubb,ball,potetball og trønderversjonen: Snåsaklubb.

På kinaresturanten  “Kina Hjørna” i Kopervik Har Kineserane Ah lin Varne og Zhi Heng Li har også lagt eit kinesiskt navn på Komla: Chong, Chong  med dott i .;P

 

Og her er framgangsmåte på komla.

Du mosar poteter med ei kjøkkenkvern (eit  rivjern fynkar og) bland saman med mjøl, kveitemjøl og byggmjøl.  Ha i litt pepper.  Få det passe tjukt. Prøv og lag passe store ballar med hendene. (I desse travle dager går det og greit og bruka komlemjøl som du blandar med vatn, det har me brukt masse og smaker også kjempegodt!)

Prøv og få ballane pass harde og ikkje for mjuke.

Ha hendene i lunka vatn av og til for best resultat.

 

Ha komlene i ei kokande vatn, slå ner komlene litt  og la dei småkoke i ca ein time.

Tilbehøret til denne herlige retten varierar i frå person til person.

detteer det eg likar:

Kjøttpølser, Kålrabistappe med gulrot i for meir smak, også for du i deg ein ekstra grønsak)

og stekt bacon terningar og smelta smør.

andreting du kan ha til er :

Poteter, kokt kålrabi og gulrøtter, bacon, griseknog, sauehovud, saue kjøtt,

Nokon har kjøtt inni komla dette blir kalla “komle med dott i.”

 

I tilleg er det tradisjon og drikka kulturmjølk attåt, somme likar også vanlig melk eller saft.

Dette litt forskjellige typer:

http://www.contrazt.no/komlamed/oppskrifter.html

Her kan dykk sjå programmet “Komletorsdag”  på NRK

http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/693292/

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.