Slik lagar du herleg kaffi .. Heima, utan avansert utstyr

Kaffi med kardemommestrø
Kaffi med kardemommestrø

Det er sundag kveld eg sitt foran fjernsynet og koser meg med ein god kopp iskaffi med jordbærsmak NAM!

Kaffien har eg laga sjølv og eg elskar å eksperimentera med smaker!

Kaffien har eg laga sjølv og eg elskar å eksperimentera med smaker!

Eg er svært glad i kaffi, fyrste gång eg smaka var eg 13/14 år og var i lag med syskenbarnet mitt på Peppes Pizza Bryne, ho hadde fått smaken på kaffimokka og lokka meg til å smaka, etterpå var det tradisjon for oss og gå på kaffibar når traffs for å kjøpa kaffimokka.

Seinare blei eg meir og meir glad i kaffibar og er glad i å variera i alle dei forskjellige typane, men det det å gå på kaffibar kan bli dyrt i lengden og det blir berre dyrare, det er svært synd.

For når det å gå på kaffibar og kafè generellt skal væra så dyrt i dag då kan ikkje dei som tenar anminneleg eller mindre, treffa folk og væra sosiale rundt eit kafebord, med ei kaffikopp eller te, god mat osv utan at ein må ut med kanskje tilsamans fleire hundre kroner då kan dei ikkje gå ut så ofta.

Berre på mezzanin på M44 Bryne ( der går eg aldri meir) har dei fleste kaffiane stege 20 kr berre på få år!!

ja, då er det bra at ein kan laga til noko tilsvarande heima.   

Slik går du fram:

Du treng:

  • Vanleg kaffetrakter + den filterkaffien du liker best, det treng ikkje vara noko dyr type for at det skal vara godt
  •  Smakstilsettninga du ynskjer Feks. Vaniljesaus, jordbærsaus eller syltetøy, sjokoladesaus, karamellsaus osv, du kan også finna på noko sjølv.
  • høge kaffiglas + lange kaffiskeier viss du ynskjer
  • Krem om du ynskjer
  • Krydder om ynskjeligt, f.eks Kanel eller kardemomme (anbefales, er veldig godt)
  • Sugerøyr
  • Melk

Kok opp kaffi, om du ynskjer kan du laga iskaffi eller kald kaffi då ventar du berre til kaffien er kald, eller er det noko du kan gjera med kaffien frå i går som ellers ikkje er så god kald, men blir dritgod når du lagar iskaffe av den. Skal du laga iskaffi? hugs isbetar + iskald melk!

Fyll litt smak i botn, det du ynskjer så fyll du på med kaffi (kald eller varm) den mengden du ynskjer, fyll så opp resten med melk, men viss du skal ha krem på hugs å ha plass til den. strø så litt kanel eller kardemomme, evt sjokoladestrø. SMAK!

Håpar du likar det !

DSCN3796DSCN3792

 

 

 

 

 

 

 

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *