Det julå dreie sæg om..

For kva dreier jula seg eigentleg om? Mange ser ut til å væra einige om at det ikkje handler om dei dyraste gåvane og den flottaste maten, men kvifor ser det då alikevel ut som om mange konkurerar i dette? Kvar einaste år må folk spør på facebook om kva som er greit og ikkje greit. I fjor holdt » vi som er hekta på jul » på å koke over av spørsmål om kor tid ein kunne pynta slik at admin ikkje kunne godkjenna slike spørsmål til slutt.
Mange seier dei gruer seg til jul nettop på grunn av alt maset og presset , men kan dei ikkje gjer som dei sjølv ynskjer med mat, pynt og gåver? Ein treng ikkje gjer som alle andre, eller er det slik det er blitt? At mange vaksne føler meir press og stress en kos julå?
Kva med den omvendte typen, den som ikkje gjer noko ekstra for seg eller andre i jula? Dei som konkurerar i gjer minst mogleg.
– Eg bryr meg ikkje om julå har berre litt pynt og kanskje litt julemat.
– å nei eg gidde ikkje å pynta eingång eg ..
– å her har me ikkje pynt heller og julaftå har me grandis
Er det ikkjedet litt trist med begge desse typane både dei som skal visa andre at dei » ikkje bryr seg» og dei som skal overgå kvarandre?

Adventskalenderen

Eg var forbausa den fyrste gången høyrde ein far som sa han ga ein mobil i kalendergåve til dottera og over elevar som visar kvarandre kem så har fått dyrast kalendergåven..
Du kan vera med dei som er i gang å snu dette, for det er heldigvis ein voksande trend å gi aktivitetar, spiselege gåver, rimelige gåvekalendere, for er det noko born set betre pris på er det tid og enkle gleder.

Sjølv har eg gavekalendera med julegodt og bruksting som sokker, truser, deodorant, billig sminke osv. Regelen er at det skal helst ikkje kosta meir en 20kr per gåve og ein på juleaftå til 50kr. Slik har me hatt det lenge og det som er finare en kalendergåver til tusenvis av kroner så er det «Adventstunda» me har og har hatt ilag sia eg var lita. Med advendtskalender episoder på tv / film, julekaker og åpning av kalendergåven. Min søsters påfunn frå barndommen av.

Julegåver

Kvifor er gåver så viktige?
Det er ikkje gåven i seg sjølv, det som er inni som er viktig, men merksemda.
Å gi ei gåve som du har lagt litt arbeid i om du har plukka han ut i butikken, funne på finn, eller laga sjølv er det same. Det at den er pakka inn skal få spenninga til å stiga – Kva har nettop denne personen funne på til meg? Nei det skal du ikkje finna ut før du opnar ho på julakvelden:
-Å gi ei slik gåve seier:
-Vil bli betre kjent med deg
-Er glad for å ha deg i livet
-Ynskjer fleire hyggelege stunder med deg fremover.
-Eg er glad i deg.

Ei slik gåve seier desse orda meir en dyre mobilar, falsk høflighet året igjennom, dyre reiser osv

Når ein har ei god vennine, ei tante eller mamma som du på grunn av omstendighetane ikkje ser så mykje i løpet av året, er denne merksemda i form av ein liten gåve som er pakka fint inn og som ligg under treet veldig viktig.
Kva når ein person er der for deg når andre sviker? eller ein som er der når han ikkje er der? kva med ei du kan ha desse fine uviktige, men samtidig viktige samtalane med gjennom året?
fortenar ikkje dei ein » Eg set pris på deg » gåve på julaftå?

Samhold og samvær

Dei av oss som får væra i samen med dei som me har nær bør ta vare på desse stundene, for det er slett ikkje alle som får være i lag i julå. I dag er mange splitta av så mange ulike årsaker at det er ingen selvfølge at folk for være i lag med mannen, barna eller besteforeldrene i julå.
Så til dei av dykk som får var ilag med borna pust ut, sett samen et pepperkake hus i lag ein dag. Til dykk som har nokon å besøka på eit gamlehjem, psykriatisk, fengsel osv gå påbesøk viss du kan og ha med gaver, kaker eller anna fint.
Legg til rettes for at besteforeldre får koma på besøk , hjelp til med henting og bringing om mogleg. Lag den maten dei liker. Du veit aldri når borna får den sista julå med besteforeldrene. Du kan heller ikkje veta korleis neste jul blir eller kem som forsatt er tilstades neste år verken av besteforeldre, born, sysken, vener eller onkler og tanter.
Så bruk verken Desember eller jula på å trykke på tull på mobilen, kjatra på telefonen, vasa på badet, småvasing med ting som «må» være perfekt, medan born eller vener ventar på deg.

og heilt til sist.

Er du fyrst på facebook så ikkje skroll og skroll, men ta deg tid til å faktisk lese innleggene folk skriver eller bildene dei legg ut fordi ein tommel opp kan være som eit klapp på skulderen eller ein klem til nokon som treng det. Du viser at du bryr deg og varmer eit hjarta.

Så til alle i samen der ute                                                                                                        Ha ei god jul!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.