Dei viktigaste forsetta

Mange kjører hardt ut med nyttårsforsetter frå fyrste Januar også dabber det meir og meir av mot sommeren, men eg meiner at du kan ta det med ro og ta ein dag om gången , la ei forandring festa seg om gången og auk gradvis med nye forandringar.
Eg meiner at det viktigaste er at du får til forsettet ditt i løpet av året og ikkje at du får til alle forsetter frå starten av januar.

Slutta å røyka, eta sunnare, byrja og trena osv er blandt dei vanlegaste nyttårforsetta. Det er stort fokus på fysisk sunnare livstil, men kva med også andre viktige ting? kva med dei indre kjennslene våre?

Her er nokre av dei forsetta eg meiner du også kan ha godt av å prøva på å setta deg, som kan få deg til å ta betre vare på deg sjølv og gi deg betre sjølv kjennsle

Finna ein ny hobby, noko du trivst med og bruka tid på dette.
Prøva nye ting, kanskje likar du noko du ikkje trudde du ville lika. Tenk litt utanfor boksen
Finn ut ein måte å utvikla dine evner kreativt, alle har evner og talent. Nå vonar eg at du finn dine,
Finn flotte ting ved deg sjølv og gi deg sjølv komplementer. Om det gjelder, ditt utsjåande, klær, talentet, vennlegheit, humor, at du får andre til å le eller føla seg betre.
Sjå deg i speilet nå og då og sei til deg sjølv -Eg er vakker, – eg er flott , smilet / håret mitt er flott osv fordi DU ER FLOTT!
Få inn ein avslapnings dag og to i månaden, der du tenker på deg sjølv. Du kan eta god mat, gå på kino, kaffibar, sjå film og krypa ner i sofaen.
Kom deg ut- for roen skuld, for fredens skuld, for å slappa av, for å samla tankane, stressa ner, nyta været og naturen, sjå på livet, fuglar, kattar, blomar, himmelen. Både du, hjarta ditt, hjernen din og sjela di har godt av at du kjem deg ut i naturen av og til i løpet av året, i divarse vær, en liten tur er betre en ingen tur.

Eg vonar at året som kjem blir eit godt år og at du får ynskjene dine oppfyllt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.