Ligg verdien i summen du gir ?

Står det » design » på noko eller bare det er dyrt løper folk og kjøper fordi folk trur at » jo dyrere jo bedre».
Ein gjenstand til 1000 kan gå fort sund mendan same type gjenstand til 70 kr kjøpt ein annan stad har betre kvalitet og vara i mange år.. samstundes kan ein dyr figur kosta 400 ein stad og kosta under 100 ein anna stad. Same figuren, same merke, same kvalitet, men forskjellig prislapp.

 

Om du kjøper ein dyr lysestake til 800kr hadde du aldri kjøpt same lysestaken om dette i eit merke som var omtalt som et «drittmerke» og i vert fall ikkje til 800 kr. Sjølv om lysestaken hadde vore akkurat den same. Det folk gjer då er å kjøpe ein gjenstand pga. tittel.
Det blir som å henge med dattera til millionæren fordi hun er rik, i staden for å vær venn han du eigentlig vil var ven med.

Folk må gjerne pynte julebordet sitt med bare dyrt service, men liker ikkje at » design » begrepet skal blende folk til å tenke at dyrt = best eller billigt = drit.

Ein figur kan væra svært dyr når han er inne i tida, men når den tida er over er det ofte veldig merkeleg kor liten verdi den har når den plutseleg etter eit år havner i søppelet.

Om du handler ein billig figur ny eller brukt, som du fell pladask for, den er flott, varm, har fine farger og passer inn i di stova. Du kjøper den fordi du elsker den og bare derfor, då vil eg tru du ikkje blir lika fort lei som ein ting du kjøper som er på moten akkurat nå.

Kva med kvalitet, stoff, materiale, kven du har fått det av, korleis han er laga og av kven.
Kva med farger og utsjånad? Burde ikkje den vasen du synest er finast var den plasserar i stova og ikkje den som alle har i stova fordi den er dyr og moteriktig?

Skal eit grått trist skjerf var ein flottare gåve til ei tanta fordi det koster 500, enn eit fargerikt skjerf til 50 på gjenbruk når tanta di strengt tatt liker betre friske farger?

Nokon ting tel meir en penger

Viktige augeblikk, personer, gode saker og utsjånad er mykje viktigare og gir varen høgare verdi en prisen.

Om ein kjærast gir meg ei gåve frå ei 10 kr korg fordi det fekk han til å tenke på meg når han såg det, er dette meir romantisk en om ein rik kjærast går i ein butikk, ber den ansatte berre finna noko og han blar opp 1000 kr uten å i dette meir tanke.
ofte kan ikkje
Kvaltitet gjenspeilas i prisen sjølv om nokon folk trur det.

Utsjånad og kvalitet gir klær høg status for meg og om flotte klær ikkje koster «skjorta» men har ein så overkommeleg pris at vanlige mennesker kan gå med dei også dei utan så mykje pengar får det endå høgare verdi.
Er heilt totalt i mot at det kun skal vera dei rikaste som skal ha «flotte» klær.

*Julegåver er noko som er koselig å få og koselig å gi. Då meiner eg det vikigaste ikkje er kor dyr den er, men at det er lagt tanke og kanskje arbeid i det. Tenk å opna ein ting som står «verdens beste..» eit eller anna på, noko heimalaga, eller ein gåve frå nokon som hugsar at du mangler ein ting eller hugsar kva du liker aller best.

*Du har kanskje ikkje brukt masse penger på gravpynten, kanskje du synest det enkle er finast og du set lenge igjen på gravplassen og luker, planter, fikser og tenner lys. Kanskje snakker litt med den døde. Det er er det som viser kjerlik.

                                . . .

 

Velg gjenstander til huset, klær og puss opp etter din egen smak, velg det du liker, ikkje det naboen liker. Velg dyrt eller billig, men ikkje pynt stova di eller deg sjølv etter status. Er det ein bestemt stil du er ute etter, finn du dette også billigare nytt, men også brukt på gjenbruk, loppemarked ol.
Pengene varer faktisk ikkje alltid og du må bruke dei med omhu, det betyr ikkje at du aldri kan kjøpe dyrt, men det må ikkje overgå andre verdiar.

Unikt design er bare «unikt» ei stund og mote er ikkje på moten alltid og ofte blir du lei etter ei stund. Det må du tenke på før handler med lysten..

Heilt til slutt..

Det blir det litt trist for min del med ein dyr lysestake til 900 kr som har ein høg pris pga. et merke eller fordi den er inn.

Er summen liten stiger verdien på gjenstanden i mine auge. Det kan vara ein kopp eller ein lysestake, er prisen lav ser eg andre kvalitetar, eg ser lysestaken for det den er og ikkje for prislappen. Eg ser på form og  farger og om den har ein historie.
På same måte som mennesker, me skal heller ikkje kjøpe venner for penger. Me vil var i lag med dei som gjer oss glad uavhengig av penger, utdanning og korleis dei bur, så me vil var i lag med dei me blir glade i 💛
På same måte skal du kjøpe ting som gjer deg glad i over lengre tid ikkje berre ei stund til det kjem andre ting på moten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.