Hausten er komen og frukta med den . .

hausten er ei fin tid
Det mørknar sakte og stille, dei fine fargane , halloween , der går i mot vinter og jul..
Noko eg likar aller best med hausten er den deilige frukhagen heima på Bryne.
Bringebær, stikkelsbær, solbær, epler og pærer og meir .. i år bugna det med bær. Me har har plukka og plukka, gitt vekk, frøse ner og laga jus.
i helga laga eg og syster mi Elisabeth råsaft av epler og pærer.
Me tilsett ikkje noko som helst, ikkje sukker heller
Denne safta / jusen smaker så friskt og det kan ikkje verta sunnare en dette.

 

Her verte frukta pressa til jus

 

 

 

 

 

 

 

Dette smaker nydeleg.

Huset luktar så godt når ein held på med slikt. Lukta av haust set seg liksom i huset då..

Klar til siling på gamle måten..          

 

 

 

 

 

Å sila det på denne måten gjer at safta blir endå tynnare. me brukar ikkje alltid å gjera det, men av og til når ein har litt tid til overs lager med dei to typane saft med og utan noko fruktkjøtt.

Fornøyd med storleiken på epla i år . .

 

 

 

 

 

 

 

Har frukt og grønt i hagen? Kva lager du? Nokon faste tradisjonar?

ElinF.

#råsaft #eplehagen #haust #eple #pære #epletre #pæretre

 

Annonser

Slik lagar du herleg kaffi .. Heima, utan avansert utstyr

Kaffi med kardemommestrø
Kaffi med kardemommestrø

Det er sundag kveld eg sitt foran fjernsynet og koser meg med ein god kopp iskaffi med jordbærsmak NAM!

Kaffien har eg laga sjølv og eg elskar å eksperimentera med smaker!

Kaffien har eg laga sjølv og eg elskar å eksperimentera med smaker!

Eg er svært glad i kaffi, fyrste gång eg smaka var eg 13/14 år og var i lag med syskenbarnet mitt på Peppes Pizza Bryne, ho hadde fått smaken på kaffimokka og lokka meg til å smaka, etterpå var det tradisjon for oss og gå på kaffibar når traffs for å kjøpa kaffimokka.

Seinare blei eg meir og meir glad i kaffibar og er glad i å variera i alle dei forskjellige typane, men det det å gå på kaffibar kan bli dyrt i lengden og det blir berre dyrare, det er svært synd.

For når det å gå på kaffibar og kafè generellt skal væra så dyrt i dag då kan ikkje dei som tenar anminneleg eller mindre, treffa folk og væra sosiale rundt eit kafebord, med ei kaffikopp eller te, god mat osv utan at ein må ut med kanskje tilsamans fleire hundre kroner då kan dei ikkje gå ut så ofta.

Berre på mezzanin på M44 Bryne ( der går eg aldri meir) har dei fleste kaffiane stege 20 kr berre på få år!!

ja, då er det bra at ein kan laga til noko tilsvarande heima.   

Slik går du fram:

Du treng:

  • Vanleg kaffetrakter + den filterkaffien du liker best, det treng ikkje vara noko dyr type for at det skal vara godt
  •  Smakstilsettninga du ynskjer Feks. Vaniljesaus, jordbærsaus eller syltetøy, sjokoladesaus, karamellsaus osv, du kan også finna på noko sjølv.
  • høge kaffiglas + lange kaffiskeier viss du ynskjer
  • Krem om du ynskjer
  • Krydder om ynskjeligt, f.eks Kanel eller kardemomme (anbefales, er veldig godt)
  • Sugerøyr
  • Melk

Kok opp kaffi, om du ynskjer kan du laga iskaffi eller kald kaffi då ventar du berre til kaffien er kald, eller er det noko du kan gjera med kaffien frå i går som ellers ikkje er så god kald, men blir dritgod når du lagar iskaffe av den. Skal du laga iskaffi? hugs isbetar + iskald melk!

Fyll litt smak i botn, det du ynskjer så fyll du på med kaffi (kald eller varm) den mengden du ynskjer, fyll så opp resten med melk, men viss du skal ha krem på hugs å ha plass til den. strø så litt kanel eller kardemomme, evt sjokoladestrø. SMAK!

Håpar du likar det !

DSCN3796DSCN3792

 

 

 

 

 

 

 

Annonser

Komletorsdag = Komlepizzafredag!

Når ein bur i Rogaland er ein blitt vant med Komletorstag, det er mange som vil ha komle kvar einaste Torsdag, gamal tradisjon i mange år som ein trur byrja for og feira at det snart er helg, men har du prøvd Komlepizza?

Det har du kanskje ikkje. Her har du fremgangsmåte :

Mitt forslag er å bruka grov pizzabotn, kanskje toro sin du blander med vatten ( min favoritt) Du kan baka botn sjølv eller kjøpa i butikken.

Skjer opp komlebetar, pølse betar og baconterninger. på Botn smørar du ketchup.

Ha inngrediensene og selvfølgelig ost.  Håpar det smakar! Helsing ElinF

Komlepizza ;)
Komlepizza 😉

 

 

Annonser

Komletorsdag :)

Då er det torsdag, og torsdag betyr  komle  for mangen Rogalendingar.

Det er vanligast med komle på vestlandet.  Her er det tradisjon og eta komle om torstadgen, og mange et komle kvar torsdag. Det er også mange kafeer som tradisjon og selja komle kvar torsdag. Derfor navnet Komletorsdag. Kvifor torsdagen ?  Jo, eg er ikkje heilt sikker, men  eg trur det var i frå gammalt av at dei ville eta noko ekstra godt  på torsdagen for og “feira” at det  snart var helg.

Men det er ikkje berre i Noreg  dei et komla.

Dei et det blant anna i Ukraina, Latvia og i Litauen er det ein nasjonalrett. I Sverige har dei bacon og lauk betar i komla eller kroppkaka som det heitar der.

Komlå, som me seier på jæren har også fleire navn alt etter kvar du kjem. dei vanligaste navna er komle, kompe og raspeball. kompe seier  dei på Sørlandet, Raspeball i bergen og omegn. og austlandet, du har også klubb,ball,potetball og trønderversjonen: Snåsaklubb.

På kinaresturanten  “Kina Hjørna” i Kopervik Har Kineserane Ah lin Varne og Zhi Heng Li har også lagt eit kinesiskt navn på Komla: Chong, Chong  med dott i .;P

 

Og her er framgangsmåte på komla.

Du mosar poteter med ei kjøkkenkvern (eit  rivjern fynkar og) bland saman med mjøl, kveitemjøl og byggmjøl.  Ha i litt pepper.  Få det passe tjukt. Prøv og lag passe store ballar med hendene. (I desse travle dager går det og greit og bruka komlemjøl som du blandar med vatn, det har me brukt masse og smaker også kjempegodt!)

Prøv og få ballane pass harde og ikkje for mjuke.

Ha hendene i lunka vatn av og til for best resultat.

 

Ha komlene i ei kokande vatn, slå ner komlene litt  og la dei småkoke i ca ein time.

Tilbehøret til denne herlige retten varierar i frå person til person.

detteer det eg likar:

Kjøttpølser, Kålrabistappe med gulrot i for meir smak, også for du i deg ein ekstra grønsak)

og stekt bacon terningar og smelta smør.

andreting du kan ha til er :

Poteter, kokt kålrabi og gulrøtter, bacon, griseknog, sauehovud, saue kjøtt,

Nokon har kjøtt inni komla dette blir kalla “komle med dott i.”

 

I tilleg er det tradisjon og drikka kulturmjølk attåt, somme likar også vanlig melk eller saft.

Dette litt forskjellige typer:

http://www.contrazt.no/komlamed/oppskrifter.html

Her kan dykk sjå programmet “Komletorsdag”  på NRK

http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/693292/