Jo meir avansert- jo mindre reiser kollektivt

 

Sone ditt og datt, dyre biletter, gebyrer og bøter for småfeil, kjefting på barn,  utfylling av klokkeslett, sete, tilleg og anna. Vanskeleg eller umogleg å betala med kontanter,

Mange er blitt lei av ta kollektiv transport.

Dei seier det skulle bli lettare, men har berre blitt meir avansert med åra..

Det lettaste var når me kunne gå inn på eit tog eller buss med kontantene i lommen bare betale for turen.  Det er lenge siden det var så enkelt.

Fyrst kom bilettautomatane og det er forsåvidt greit,  men gebyr for å betala med kontanter på toget er ikkje greit. Det og når dei einaste som etterkvart fekk fritak var pensjonistar blir det litt diskriminerande, kva med born, psykisk utviklingshemmede og kronisk sjuke?  Det blir også feil at dei som ikkje har kort eller at som holder på å koma forseint til toget skal straffast med gebyr fordi dei ikkje får tid å kjøpa billett på forhånd.

Ikkje blitt lettare

Med åra har det ikkje blitt lettare.  Nå veit eg ikkje nøyaktig om det er likt overalt, men lett er ikkje for alle.

Du må bestilla på førehand med app har du ikkje app/ smarttelefon kan du ikkje bruka buss.  Dei som kan kjøpa bilett på nettet må gjera dette heima før dei går, men då må du veta nøyaktig kva klokka du vil ta bussen.  Kva då om du har fleire ærend og ikkje veit kor tid du vil avgårde med bussen?  Kva om du brukar kortare tid og må venta i timar? eller lunsjen tar litt lengre tid enn planlagt? Då er det penger tapt fordi billettane har nøyaktige klokkeslett.  Og kor skal du kjøpe ny bilett viss det ikkje mulig på bussen,  du har ikkje app og det ikkje er automat der?

Samme med tog dersom togstasjonen ikkje har bilettautomat. Nokon få busstasjonar har automat.

Lettare med automat?

Så klart er det litt lettare med stasjonar som har billett automater viss du har tid på deg, men kvifor må det var så mange innstillinger som vara heilt nøyaktige? Selvfølgelig må me skriva kor me skal og voksen, born eller honnør, men kvifor er ikkje dette nok? Strekning, sonar ditt og datt, setenummer, tillegg, klokkeslett og dato må væra nøyaktig ellers er det ikkje berre ein grusom kjeft, men også gebyrer og bøter.

Er du rullestolbruker må du bestille gjennom kundeservice .

Eg har så mange historier å fortelja, om utskjelling av born, voksne mennesker som ikkje forstår korleis dei skal gjære og born som får panikk fordi det er så mykje innstillinger og toget kjøyrer snart.  Det gjer det ikkje lettare når dei veit dei får kjeft og bøter om dei gjer feil.

Kvifor gjer det så vanskeleg?

Eg trudde målet var å få fleire til å kollektiv, men mange kviar seg for å ta toget i dag. Dyrare prisar og avansert å kjøpa bilett.

Kvifor gjera det vanskeleg når ein kan gjera det lett?

Her er nokon enkle grep ein bør gjera for å gjera det lettare for dei aller fleste å kjøyra kollektivt:

  • Det burde vore sjølvsagt at det gjekk an å betale med kontanter og kort inne på buss og tog uten ekstra kostnad. Boksar som dei har ved kassen i matbutikken er noko dei har på bussen i andre land, kvifor skal alltid Noreg alltid henge lengre etter en andre land?
  • Ein kunne også fått kjøpt billetter inne på Narvesen (eller anna kiosk) der dei har kiosk ved stasjonen / bus eller tog stopp.
  • Gratis P-plass for reisande. Det er ikkje alle som bur 10min.  gange frå stasjonen.  Om ein må bli kjøyrt eit lite stykke ner til togstasjonen eller det koster ein formue å parkera nokre frå ein dag til dagar, er det betre å ta bilen.
  • Billigare prisar,  for dei som reisar ein del må ein ut med store summer årleg for å kjøyre kollektivt. Det nyttar ikkje å stiga prisane på bilen om ein ikkje tar ned prisen på kollektivt, ein har ikkje meir råd å ta toget om prisen på kollektiv transport er den same eller stiger litt og litt.
  • Løysningar som får deg fram til reisemålet når tog/bussturen er slutt. Som ikkje er for dyrt eller med rabatt pga.  at du er reisande.
  • Mindre innstillingar når du skal kjøpa ein enkel billett på automaten.  Kor du skal og om du er barn, voksen eller honnør (evt. anna)  burde vore nok.
  • Bilettane burde vore gyldige til dei var brukt opp enkelt og greit. Kjøper du ein billett burde den gjelde til du hadde reist denne turen om det var i dag, i morgen eller neste måned. Har ein betalt for ein strekning frå / til så har ein jo betalt for det og burde det vore det same kor tid ein nytta seg av billetten.  Sama med døgnbillett,  har du betalt for å ta toget i eit døgn bør du få ta toget og bus kor du vil heila døgnet.
  • Rutetider.  I dag går siste tog og buss heim veldig tidlig i helgene.  Er du på byen eller berre på besøk hjå venner i helgen må me gå tidleg heim frå venner,  fester ol.  Til og med før konserten er over eller før utestaden har stengt om ein skal rekke toget. Me ynskjer frihet til å velga sjølv kor lenge me skal vara ute på byen eller på besøk hjå venner. Folk vil ikkje gå lenge før dei andre som forsatt koser seg, det blir litt for strengt dersom voksne mennesker skal ha «innetid. «

Bonus :

Her noko som kunne vore bonus:

  • Innelåste sykkelstativ
  • Leige av tralle, elsykkel evt. med tralle til og frå togstasjonen eller til shopping/ ærend.
  • Rabatt på taxi evt. tog/ buss firmaets ekne taxiar. til og frå.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.