Kva manglar Brynebyen?




Kva manglar Brynebyen?

Me har ein fin liten by her, byen på jæren. Fin bypark som vi kan kose oss når véret tillater, nokon hyggelege møtestader (periodevis), kultur, eit flott bibliotek og slig. Allikevel er det mykje som manglar for full trivsel. Nokon av desse tinga har Brynebuen klaga på opp igjennom åra. Mange av desse under er det eg vil kalla vesentleg for trivsel, fysisk og psykisk helse, andre ting er kanskje «kjekt å ha». Her er i alle fall lista.

Offentlege toaletter

Det er vanskeleg å veta kor vi skal gjera vårt fornødne i Bryne sentrum

Er du kjendis får du låne toalettet på kinoen og evt. andre stader utan å var kunde, men me andre har ikkje denne luxusen. Det finnes toalett på M44 og i Sandtangen, men det er svært langt for trengande, men også dei med dårlegare helsa ol. då er det ikkje berre berre å gå fram og tilbake der om vi skal oppholde oss i Bryne torg eller sentrum over lengre tid.

Matområder med tak

Ein sommar for nokre år sidan kjøpte eg is ein regnvérsdag og skulle setja meg å eta han ein stad under tak. Eg gjekk rundt i heile Fritz Røed, heile sentrum og torget, men fann ikkje ein stad å setje meg ned i pøsregnet og måtte inn eta den nesten smelta isen inne på senteret til kinoen.

Biletet er frå tidlegare «Hove planteslag»

Fleire matområder med tak generelt i distriktet ville fått fleire ut både i skog og mark, parker og byar. Det er faktisk lite kjekt å stå der med mat i regnvêret uten å kunne setje seg ned. Det er jo regnvêrsdagar det er mest av i vårt distrikt også sumarhalvåret, då synes eg vi skulle leggje til rette for meir bruk av både by og turområder også i dårlegare vêr. Det vil hjelpa på psykisk helse ved at fleire kjem seg ut, fleire hyggelege sosiale stunder, gi fleire kundar til dei som selger take away og i kioskar også i gråvêrsdagar.

💦 Elin nyter måltid under tak ein regnvêrsdag i Stavanger.

innendørs matområder

Det er mangel på områder innendørs vi kan ete medbrakt mat generelt i distriktet. Slike områder finnes i perioder inne på kjøpesenter og det finnes også her på Bryne, det er lite av dei og nokre er litt «sløve» og halvferdige. Slike områder burde hatt mjuke sitjeplasser, litt (falske) planter, vatnkran/ dispenser og søppelspann. Somme eg har våre på oppigjennom har også ein liten kjøkkenbenk med vask, mikro og av og til også med moglegheit å ta seg ein kopp te eller kaffi. Men heile poenget er at det skal kunne var mogleg å setje seg ned eta eller ikkje eta, slappe av midt i ein handel, ein dag med ungane, pause frå jobb og anna.

Generelt bør slike avslappande matområder finnast på kjøpesenter, sjukehus, i samband med f. eks. byar og byparkar, idrettsanlegg, skular osv.

Aktivitetar i på kveld/natt i helga.

Generelt er Noreg langt bak mange andre land når det kjem til hyggelege aktivitetar i byane. Det er spesielt i helgene når vi har fri. Mange av oss ville hatt litt meir spenningsfyllt, kulturellt eller humoristisk aktivitet å gå på på om kveldstid og natt i helgene for det er mange som treng meir enn berre dei vanlege utestadene og konsertar på kveldane for å få fullt utbytte av kvalitetstida med vener, kollegaer og kjæreste spesielt i helgene.

Det hadde vore vesentleg kjekkare i ein by om det også hadde vore stader på helgekveldane å gå på der det ikkje var den fyllesjauen, der ein kunne holdt på med forskjellige typar aktivitetar som spelehall, brettspel, og meir variert sceneunderhaldning som humorshow kanskje ting vanlige mennesker kunne meldt seg på, revy ol. Om vi skal bli kjent nye folk eller ha gode samtaler med vener eller kolegaer utan sjau og fyllebråk.

Det kan seljast alkohol, men desse stadene burde ha eit større utval av alkolfri drikke og friske og fargerike alkoholfrie drinkar ( mocktails) i tillegg til enkel snacks som popcorn, bacon chibs, tortilla cibs, nachos, pomfritt, salat, grillspyd, smudi, osv. Med slike stader er det lettare å bli kjent når ein er ute med nye bekjentskaper og får betre kvalitetstid med vener og familie.

Kafé med norsk mat

Noko som svært mange saknar i tillegg til meg sjølv er ein koseleg kafé med god norsk husmannskost. Det er lenge sidan vi hadde noko slik i byen vår og dei siste som dreiv noko slik «skaut seg sjølv i foten» ved å stiga prisane fleire gonger på slutten. Stor del av kundegruppa om ein selger enkel husmannskost bla. pensjonistar, småbarnsfamiliar og uføre, då er det viktig at prisane er overkommelege slik at kundane fortsetter å koma.

Plass for ungdom

Bryne er ikkje den einaste byen som har lagt ner eller generelt har lite for ungdomen, spesielt kveldstid og i helgene.

M44 prøvde seg med med ein spelehall, men feilen her var at den ikkje var plassert ein stad med eigen inn med moglegheit for å var open også utanom M44 sine opningstider som litt lenger utpå kvelden laurdag og sundagen litt tidligare på kvelden.

Det er heller ikkje lenger mogleg for ungdom å møtast på Bowlingane etter sju tida i helgene pga. lovverket om alkoholservering noko eg synes er tull. Kvifor skal ikkje ungdom kunne bowle der eller eta god mat berre fordi dei også selger øl når ein samstundes har lov å ha med born på ein Kinarestaurant som selger alkohol?

Dei tilbuda som finnes er på møllekjellaren og diverse organisasjonar og kristne klubbar ol. (FRIK, Blå kors, Bryne kyrkje ol.) Det er kjempeflott med dei som lagar arrangement for ungdom i helgene.

Aktivitetar for alle i alle aldrar

Generellt er det lite aktivitetar å finna på lokalt på jamt utover i kvardag og helg. Me har mykje kjekt her f.eks når det kjem til avslappa underhaldning som stand up, trubadurar og bokbad ol, men me har mange dagar å fylla med aktivitet med familie å vener, laurdagskveldar og sundagar for å nevna noko.

Kvifor ikkje tilrettelegga for å kunne utnytta alle dei mange regnvêrsdagane me har her i distriktet? Flotte mat- og uteområder med tak over slik at me kan pakka med oss matpakke og var meir ute på tur i skogen eller nyte god mat kjøpt på gatekjøkken, pizzaria eller anna take away ute i frisk luft tross halv dårleg vêr i f.eks. Fritz Røed parken?

Bryne har heller ikkje noko( eller lite?) steder vi kan møtast saman med vener utover det vanlege som gir oss meir kvalitet på det sosiale samværet. Noko som gir litt spenning, noko kreativt, konkurranse, ordentleg sjov osv.

Kvar går du om du skal ha det hysterisk morosamt på Bryne?

Kafe med alminneleg enkel mat

Kor lenge sidan er det ikkje då me sat på ein enkel grei kafé på Bryne med alminnelige kaker, kaffe og påsmurt til heilt overkomelege prisar?

OBS – kafeen utprisa seg sjølv på slutten, maten og lokalet var greie, men med høgare og høgare prisar kom det færre og færre folk på slutten. Slik som Espressobaren også held på no med mindre og mindre porsjonar til høgare og høgare prisar.

og vi er heller ikkje alle interessert i å jemt gå på flotte dyre kafear som det er mest av no, då dei er for mange folk kun til spesielle anledningar.

Me går ikkje ut for å eta storslått mat og Columbiansk selskaps kaffi, men for å drøsa og treffa kjentfolk. I kvardagen vil mange ha alminneleg billeg kaffi, enkle rundstykker, påsmurt og salatar, men til prisar me føler enkel mat skal ha. Vi kan ikkje ha kafé med alminnelig mat til restaurantprisar.

Liv i storgata

Ja brynebuen har ikkje snakka om anna på lenge, korleis dei saknar livet i storgata. Det har teke seg litt opp med åra, men det går veldig seint

Det er ikkje «noko for alle» lenger i gata vår, men mykje alt for dyre nisjebuttikkar ( men hyggelege sølvsagt), men som mange diverre ikkje har råd til å handla i og andre berre har ærend i av og til. Det er også salongar der ein går etter timeavtalar . Det blir ikkje liv i gata av folk som har ærend i gata av og til.

Me saknar skilter med reklame og tilbud, stativer og korger, meir benkar og bord, plantar og pynt og konditori / kafé med kringlelogo i vindauget.

Kva saknar du i Brynebyen❔

Utsikt over Bryne mot Klepp

free page counter

Tid for Hevn- Nordisk filmanbefaling

Nordisk filmanbefaling

Hævnen -DK

To gutar frå forskjellige verder treffast og utviklar eit unikt venskap i dette dramaet frå 2010. Me blir drokne inn i ei historie som heile tida gjer oss nye spanande episodar.

Dei to gutane ( Markus Rygaard og William Jøhnk Nielsen) har eit utruleg godt samspel og ei innlevingsevne som dreg oss med inn i deira smerte, glede og ikkje minst utforskande væremåte. Vi får bli med på dei mange spanande og skumle opplevingane dei har saman i løpet av filmen.

Christian si mor er daud, Elias har ein far som reiser vekk i lengre periodar for å arbeide. Dei båndar med ein gong dei møtast og saman vikler dei seg både inn og ut av problemer. Kven er det som utsetter dei for kva problemer? og planane dei har for å hevnast er kanskje godt over grensene..

Andre medvirkande er bla. Trine Dyrholm og Mikael Persbrandt.

Denne filmen kan du strømma på Viaplay, YouTube, Appel TV, Google TV.

Systre på tur – Øksnevadskogen

Her har du videoen og blogginnlegget finn du under videoen!

Øksnevadskogen er ei naturskjønn oppleving på Jæren rett ved Øksnevad VGS. Denne turstaden har ikkje noko tydleg turløype, men har lengre eller kortare rundar å velge i og du kan om du ynskjer ta ein lengre tur på kryss og tvers stiane i mellom. Ein kan også gå rundt i skjølve skogen og oppleve ulike skogsområder og eventyrleg natur som etterkvart ikkje føles som same skog som me byrja turen i.

Parkering ved Øksnevad vgs eller gardsutsalget. Ingen toalett, ingen søppelspann heller ikkje ved rasteplasser/ gapahuk, men kan hende det er nokon søppelspann ved eller til og frå parkering til småsøppel, men til større ting skal du ha med avfallspåsar.

Naturopplevinga her er allikevel så flott og unik at det bør opplevast. Kle deg til ulikt terreng, fottøy som tåler fuktighet, sittjeunderlag, mat, tørkepapir, avfallspåsar og andre ting du kan få bruk for her kan det fort gå nokre timar.

Øksnevadskogen får sterk firer.

Eit nytt liv utan minne

Nordisk filmanbefaling

Mannen uten minne, FIN

Dette er ein fin fortelling om ein mann som mister hukommelsen etter overfall i parken. Nå må han starta eit nytt liv då han ikkje hugsar noko om seg sjølv eller kvar han kjem frå og dette med to tomme hender og utan pengar.

Mannen møter både gledar og konfliktar i det nye livet, Korleis går med dei bekjentskapa i det nye miljøet på søppelplassen der han nå må bu? Kva skjer når han finn interesse for ei frivillig arbeidene i Frelsesarmeen? Kva utfordringar møter han og korleis taklar han dei?

Det er mykje som skjer i hans nye liv og denne dramakomedien er verdt å sjå for ein roleg og fin kveld på sofaen.

Skodespelet

Finnar er annleis skodespelarar enn nordmenn, dei tolkar rollar generelt strengare/stramare og tolkar denne historia på ein heilt anna måte enn om ein slik film var laga i Noreg.

Dei er traustare som folk og har generelt litt mindre ordforråd og difor passer rollane perfekt. Hovudrolleinnehaver Markku Peltola får fram sårbarheita og motet til denne hovedperson på ein god måte og medskodespelarane er med å dra oss djupt inn historia med rollane som visar både medkjensle, vennskap og ekte frekkhet mot mannen i hovedrolla.

Produksjonsår er 2002

Denne fIlmen kan du no sjå gratis på Rakuten TV og skal være tilgjengeleg på Netflix, SF Anytime, Google play og kanskje andre stader.

kva manglar Stavanger sentrum?

Større variasjon av butikker ,alminnelige butikker

Stavanger er ein storby med mangfald av mennesker, då meiner eg det bør var eit større utval av butikkar i byen.

Det er mange forskjellige typar butikkar om ein reknar med kjøpesentera, men i sjølve gatene i sentrum er det mykje dyre klede,design og dyre interiør butikkar og mange mennesker finner ikkje noko å shoppa pga. økonomien, økonomiske vanar, smak og personlighet osv.

Me er ikkje alle i frå same miljø og likar ikkje dei same tinga difor blir mange lei av å gå her då folk som ikkje trives med desse butikkane blir skuffa når ein reiser på shopping eller julegåvehandel her og ikkje finn noko her grunna økonomi eller ulike interesser. Då trekker folka til kjøpesentera.

Noko av det ein ikkje finn i Stavanger «Alt mogleg» og hushaldning butikkar som Dollar store og Europris ol. , dei billigare klede kjedane som Kappahl, Lindex, Cubus og Spar Kjøp, morrobutikk , sexshop, diverse annleis klesbutikkar i forskjellige stilar i lågare prisklassar, jernvare/ hushaldning /elektrisk med bra utval av forskjellige nyttig og kjekt å ha( (smarte løysningar til heimen som gjer ting lettare,bmeir miljøvennleg og oppbevaring osv. ) deler til verktøy, husholdningmaskinar ol. slik at det blir mindre kasting av apparater.

Ei storby bør kunne tilby noko for alle og i ulike prisklassar spesielt også når både handelsstanden, politikarar og menneska som brukar byen ofte klager på at det er for lite folk som brukar byen.

Betre kollektivt tilbud

hadde lettare kome seg hadde våre nokon få enkle grep hadde blitt gjort i den kollektive transporten. Billigare, billettar, lettare å betale med kontantar også utan gebyr og fleire avganger kveld /natt spesielt etter arrangement og i helgene.

Dei har arrangement i byane, på utestadene og nattklubbar, men me som bur mot Jæren får ikkje vara med på mykje av dette grunna siste tog avreise er rundt 12 i vekene og 2 tida helg. Dei burde i hatt eit par avganger til i løpet av natta og ei lita stund etter stengetid på nattklubbane i vertfall helga og i samband med slik som Gladmaten, Fjåge i Vågen ol.

Sunn mat i farten

Det lett å få tak i mat i farten både raskt og billig i Stavanger. Pølser på kiosken, snackbar mat og småretter på McDonald og Birger King er ikkje noko problem. Det som er verre er å tak i sunn mat i farten til ein god pris. Nokon kiosker og matbutikker selger eit lite utval påsmurt og salater til grei pris, men det er også eit veldig lite utval. Stort sett har den sunne maten skyhøge prisar. På McDonald kan ein få burger til 30kr og pølse på kiosk koster 20kr og grovt rundstykke med grønt, ost og skinke til 80kr, Spar har lite frukt og grønt i farten og her det blir same salaten kvar gong som er billigast.

Få snackbarar eller take away selger reine salater / varme grønsaksrettar som lite måltid eller som f.eks. tilbehøyr til ein god pris (meiner ikkje vegetar/ veganske rettar då dei ofte har vegetar kjøtt erstatning)

Eit tips om du vil ha litt sunnare mat i farten kan du kjøpa salat frå butikkar og ha attåt tilbehøyr frå ein snackbar for eksempel.

Konditori / Bakeri i vågen

Ein varm solkinnsdag er det herleg å sitje i Vågen på ein av utepøbane og nytta ein kald ei med eller utan alkohol, men noko eg saknar når er i Stavanger er å av og til nyta andre ting enn berre dei tinga ein får servert på bar. Mange eg snakkar med i det dagliga meiner det same og kunne som meg tenkt ein koseleg kafé langs kaien i Vågen i Stavanger. Sitje ute i sola evt. under ein parasoll nyta kaffi og kake, påsmurt eller bakverk. Eller kunne eta softis, kuleis, slush, shaveis, brus etc. på eit koseleg kafébord i varmen og med utsikt utover sjøen og høyra på bølgjeskvulp og lyden av måker.

Offentlige toaletter

Generelt er det alt for lite offentlege toaletter i Stavanger. Er ein på i Vågen f.eks. er det kun eit einaste offentlig toalett og er det opptatt, kø eller ute av drift må ein til Jernbanen eller til toalettet ved «dei røde sjøhus» Dersom eit anna også er ute av drift eller anna er langt mellom toaletta.

Det er også galt at det koster så dyrt å gå på toalett når me tross alt betaler så mykje skatt som me gjer og Stavanger er ein turist by med mykje utenlandske turister som har mindre pengar enn oss.

Toalettet på jernbanen burde i hvert fall være gratis for alle då dette er som navnet seier inne på ein Jernbanestasjon som i utgangspunktet burde vore gratis då mange folk legger igjen mykje penger både i kollektiv transport, bakeriet, Narvesen og tog og buss biletter er jo veldig dyrt. Så her burde funnet Løyning så toalett besøk kunne vore gratis for alle, noko toalettbesøk alltid burde være.

Også under «Fjåge i Vågen» med fleire tusen deltakarar var det eit einaste tilgjengelege toalettet for dei som ikkje er på nokon pub. ( Til og med har eg opplevd dette utav drift🙈🙈)

Enkle og alminnelige spisestader

Stavanger har mange fine restauranter med flott mat til finare anledninger og gjerne for dei litt rikare.

Det er mange forskjellige mennesker som bur og brukar Stavanger by til både kvardag og fest. Eg ser eg ikkje er åleine å sakna nokre andre stader å kjøpa enten billigare, alminneligere eller kvardagsligere mat for dei forskjellige typar menneske som finnes i distriktet.

Det kan vera seg fleire pizzabarer, gatekjøkken mat i finare lokaler( ikkje berre i boder eller små stader med litt stolar), Norsk husmannskost, og koseleg innreia stader som har fast «la carte» meny» som grillet kylling, burger og pommes frites, pizza, biffsnadder etc. Kanskje nokre stader som har både litt husmannskost og har » la carte» meny utenom slik at plassen blir for heile familien. Generelt saknar eg desse stadene som selger denne maten og » gatekjøkken» burgere og grillet kylling inne i fine koselige lokaler.

Kan også til slutt nevne noko som hadde vore bra i Stavanger er fleire sitteplassar også fleir under tak då det er mykje regnvær i dette distriktet, fleire stader å fylle vatn på flaske ( eller beger), nokre meir stader med gratis parkering, rimelige kafear med enkel servering, samt noko av det nemt over hadde endå fleire brukt byen til kvardags og folk med diverse utfordringar får også koma seg ut sosialt.

Alternativ til dyre kafear

Ein drøs i godt lag er noko dei fleste av oss set pris på. I dag er det dessverre mange mennesker som ikkje har råd til å unna seg ein matbete og kopp kaffi på kafè om det er på kjøpesenteret eller i byen er mesteparten av kafear flotte dyre stader med fin mat som jo gjer at er endå fleire som ikkje har råd.

i tillegg til at fleire ikkje har råd til å gå ut på ein fin stad å ta seg ein kaffikopp, er denne dyre og ofte litt småjålete maten ikkje å foretrekke for alle i kvardagen. Heilt alminneleg kaffè som serverer den enkle kvardagsmaten ser me nestan ikkje lengre ennå det er mange som har lyst på dette i kvardagen, då drøsen og det sosiale er det viktigaste og ikkje «nytrukket selskapskaffe» til ein skyhøg pris.

Etter mi meining burde samfunnet vårt burde det vore nokon alternativ til desse dyre stadene som gjer at fleire kan koma seg ut i sosiale samvær uten at det skal kosta skjorta.

Her er nokon forslag:

Matområder.

Matområder er noko alle parker , byar og kjøpesentre burde ha. Eit område med benker, bord og stolar der ein kan nyta medbrakt mat eller berre slå seg ned og drøsa med vener utan noko form for kjøpeplikt. Somme på kjøpesenter har også diskar med vask, tørkepapir ol. kor ein sjølvbjent kan kjøpe seg te, kaffi frå kaffimaskin og evt. av og til bakevarer som boller og vaffel ol. til ein billeg penge.

Ein kunne hatt betaling for kontant på ei fastlåst børse og evt. Vipps. Ein er nødt til å tilby kontanbetaling då dette er tvunget betalingsmiddel og med tanke på eldre og alle dei andre som av ulike grunner ikkje har smarttelefon eller ikkje er så teknologiske skal alle ha moglegheit til å kjøpe mat og kaffi her dersom det finnes på matområdet, men innendørs matområdet skal være ein stad utan kjøpeplikt slik at kjøpesenterets kunder har ein fine plass og slappa av mellom shoppinga.

Kafe med enkel servering:

Vanleg traktekaffe, kapsel kaffe og te og/ eller instant pulverpåsar/boksar ( lignande dei har på utenlandsk dagligvare eller lignande Nescafé sine 😁) Dei kunne hatt langpanne kaker og istadenfor rekesmørbrød og smørbrød med ein masse flott / dyrt tilbehør som mange kaster, kan ein servera smørbrød med ost og skinke, crab stick, fiskepudding++ med enkel grønn salat.

Dei kunne solgt frukt og salat i laus vekt med brød til og vannmugger.

Det er mykje mat som er enkel, god og ikkje minst billigare å lage.

Coffee corner i Klepp sentrum
Meir enn ei skjeva i Bryne sentrum

Rabatt for kunder / medlemmer :

Mange kjøpesentre har diverse medlemsrabatter, men av og til er det berre på app og gjelder ikkje alle. Det er også berre tilbud på enkelte ting nå og då.

Dersom ein hadde hatt ein viss prosent rabatt på kafeane for kunder på senteret og ordnet dette med eit medlemskort istedenfor app kunne fleire nytta seg av dette. Eit gratis kort for kunder på senteret.

Sitteplasser på senteret :

Dersom senteret hadde hatt fleire gode sitteplasser med mjuke stolar og benker evt. også bord kan folk kjøpa mat, bakverk og kaffe på kiosk eller matbutikk på senteret og setta seg ner med bekjente og drøsa på diverse koselege sitjeplasser rundt på senteret.

Gladmat, Norske jordbær og elles stigande prisar

Med dei stadig stigande prisane på mat og arrangement er det inga overrasking lenger når me høyrer om prisstigning her og der..

Nå er det allereie dyrt frå før av på gladmaten og mange har ikkje råd. At prisane skal stiga med 50 % er jo ein stor skam. Problemet er at det er nok «rike» til å holde det gåande for dei som driver slik og folk seier at dei «gledeleg betaler » sjølv kor dyrt det blir og » det er det verdt» uansett kva det gjelder og kor mykje prisen stiger , men noko til eit par hundre eller ei korg jordbær til variert mellom 50 og 100 kr er ikkje verdt prisen for alle. Itillegg blir fattige mobba og klaga på for at ikkje eter Norsk mat. Kva hadde du gjort om du sleit med å få endane til å møtast og fekk valet mellom ei korg jordbær til 50kr ++ og ei til 25kr?

Om folk skal forsette og betale med glede uansett kor dyrt ting blir , blir fleire»silt vekk» frå sosiale sammenhenger og frå å eta normal sunn Norsk mat.

Diverre finnes det folk både blant vanlige mennesker og politikere som meiner det skal vera slik. Dei vil berre ha «flotte» folk på desse festivalane, konsertane, restauranter og skal få tilgang til den beste Norske maten osv.


Heldigvis er ikkje dette meiningane til folk flest, men med desse stadig stigande prisane og i tillegg dårlegare tilrettelegging for hemmande, er den vegen det går .
Ta kjøpesentera f.eks veldig mange av dei i området har vonde benker å sitte på til vanlege besøkande, men inne på kaffeane er det gode mjuke sitteplasser, men der er det sjølvsagt dyrt.
Slike festivaler har stort sett berre harde sitteplasser og er så dyre at berre rike har råd. Jo dyrere alt blir, jo færre kjem til å møta opp her og der på arrangement og om nokon år er Noreg dauere og fattigere. Dei «svake» blir stadig silt vekk frå å delta i vanlige sosiale sammenhenger, samstundes som me må sitte å sjå på fleire nedleggelsar om me ikkje grip inn og gjer noko med dette.

Med den rekordfarten prisane har hatt til no , korleis vil det vara om 3 år? Då vil kanskje ikkje butikkmedarbeidere , arrangørar , artistar , utsillarar og andre ansatte rundt omkring som har jobb i dag kanskje ikkje har arbeid å gå til om 3år?

Kjærleik, fridom og den rette.

Ein er fri og frank og lev livet til det fulle. Plutseleg ein dag skjer det noko heilt uventa, med eit får du auge kontakt med nokon som skal visa seg å være heilt spesiell. Dykk møtes fleire gånger og det er like spesielt kvar gong som om augeblika står stille. Du får ikkje denne personen ut av hovudet og kjærleik ved fyrste blikk finnes jo ikkje eller?

Det var ikkje dette du ville og benekter kanskje desse kjenslene lenge i starten. Det du eigentleg hadde sett for deg var å være fri. Fri til å leve singellivet og gjere det du vil og ta dagane slik dei kjem og ikkje at du skulle dele livet med ein annan, men nå er det eit menneske du ikkje for ut av hovudet og du forsøker jo då dette ikkje var ein del av planen, nei du ville aldri binde deg til nokon, du ville vara fortsatt fri og frank.

For kor lenge er du eigentleg fri til å leva det du i utgangspunktet ville før du begynner å kjenna på lengselen etter det andre menneske?

Er det ekte kjærleik vil du tenkje meir på denne personen med tida, kjenslene og lengselen vil auka. Om du innerst inne elsker eit menneske er du då heilt fri utan dette mennesket i livet ditt? Fri til å gjera slik du vil når du vil?

Er du ikkje allereie «bunden» til dette mennesket?

For det livet du i utgangspunktet ynskja å leva med «piker, vin og sang» eller rote rundt på fester med «mann etter mann» er vel ikkje det same lenger når du gjennom hjarta eigentleg har blitt knytta til eit bestemt menneske? Du er jo ikkje kjenslemessig lenger like fri til å leva dette livet lenger.

Når tida går blir det kanskje vanskelegare å tvihalde på singellivet. Noko av deg ynskjer dette samstundes som hjarta ditt lengter meir og meir etter ein person. Før har du vore både betatt og forelska, men dette er annleis og sjølv om du forsøkjer å gløyme dei kjem dei att i hovudet ditt igjen og igjen. Då er du ikkje lenger kjenslemessig fri til å leve dette «frie» singellivet, du er knytta til denne personen, du er ordentleg forelska.

Du må ta eit val

Då må du ta eit val. Skal du fortsette å lura deg sjølv at du ikkje er interessert i fast forhold? Å være tilknytta eit menneske er ikkje gale når det er den store kjærleiken. Er tanken på å sitje i armkroken til denne personen betre enn tanken på å liggja rundt med forskjellige?

Skal du fortsette å tviholde på singellivet og sjå på at den du elskar finn seg ein annan? Det er no du må ta eit val.

Fridom finn du i lykka

Er du i denne situasjonen er den ordentlige friheten når du har funnet saman med den du elskar. Du er ikkje like fri som singel om du går å lengter etter ein bestemt person. Tenk deg om, om ein er redd for å binde seg, kvifor binda seg til singellivet i staden for det mennesket du innerst inne går å lengter etter?

Er du mest fri når du er saman med den du elskar eller når ein annan er saman den personen du elsker?

Fridom kjem med lykka du får når du og denne personen har funne kvarandre og funnet saman. Fridom er når ein har eit menneske i livet som ser deg og elskar deg for den du er. Fridom er ein person som er med deg på det du likar å gjere og omvendt og som du kan være både sint, sur og sta av og til utan dei bryr seg. Fridom er ein person du har i livet ditt du kan var deg sjølv med og snakke om alt med.

Når ein har funne ein heilt spesiell person som liker deg for den du er bør du ikkje ta vedkommande for gitt for det kjem nok ikkje fleire like han eller ho i livet ditt. Hugs at om det er noko heilt spesielt mellom dykk finnes moglegheita at det kan bli dykk.

Det er no du skal ta eit val, det er betre å prøve og mislykkast enn å aldri prøva.

Elin Fjermestad 😊

Kor bør du gå? – Snackmat, Bryne.

Me har mange kjekke plasser her på Bryne å få oss rask gatekjøkken mat og snacks mat.  Eg vil koma med nokre anbefalingar over dei stadene eg er mest glad i.

Bintang, ei lita koseleg take-away bu ved jernbanen kor ein kan få både kinesisk, kebab og baktpotet for å nevna noko.  God stekt ris og vårrullane her er noko av dei beste eg har smakt og alle eg kjenner skryt av dei.  Noko av kinamaten her er for dei som likar at det river litt, men du kan trygt bestille vanlig stekt ris. Anbefaler virkelig å smaka baktpotet her og «Vikingskip».

Il tempo, italiensk mat. Ein av hovedgrunnane til anbefalinga av denne staden er den koselege utendørs paviljongen kor det er heilt fantastisk å nyte god mat om sommaren.  Her er mykje god mat å velga frå kebab , pizza, pasta omm.   Her kan du også få litt flottere spekemat ol. og feks bestille litt dyrare brett med fin ost og spekemat med heim.

Wen hua house, liten og fine kinesiske restaurant ved jernbanen i nærleiken av torget.  Dei så klart kinesisk snack-mat her som innbakt scampi, vårruller og anna, men utan om det har dei ein heil meny med bla. burgerar, snitzel, frityrstekt fisk, løvbiff ++ Verdt et besøk!

Billige kaffear

Eg skulle ynskje det kom meir folkelige og koselige kafear som selde enklare og billigare mat.
problemet er at mange vil driva flotte spisestader med dyrare mat, men me kan ikkje berre ha flotte kafear og spisestader.

Ta jærbuen som er enkel der ynskjer mange å koma seg ut på ein kafé og drøsa med kjente og er ikkje ute etter storflott mat.

I dag selger dei ostefat og flotte salater med brie. Det er greit nok ein gong når me vil kosa oss litt ekstra, men me er av enkle folk og har ikkje lyst å flotta oss med dyr mat fleire gonger i veka.

«Meir enn ei skjeva» på Bryne torg.


Kvifor er det ingen enkle kafear lengre som sel alminnelig mat, enkle smørbrød, billigmerke kaffi
og ikkje verken storflotte mokka og ostekaker med fleire lag som bugner over med pynt og roser, italiensk selskapskaffe eller rekesmørbrød på gourmetloff, ein haug med håndpillede reker og masse sitron og anna pynt som mange hiver av.
Eg ynskjer meg almineleg kafe som selger brownie og langpannekaker, enkle små kakestykker i 20/30 kr klassen, billigkaffi og vanlige rundstykker i samme prisklasse og enkle litt mindre smørbrød med billigere ingredienser frå 40/ 50 kr klassen. På Bryne torg finn ein » Meir enn ei skjeva» som er ein av få slike koselege kafèar.

Rekesmørbrød kan ha meir av andre ingredienser som fiskepudding og crabstick evt. også reine crabsticksmørbrød. Dei kan bruka billigare råvarer, laga maten enklare og selga det billigare
og trenger ikkje bruka masse penger på dyrt moderne interiør og designer møbler.

Mange av oss ynskjer å ha ein møtestad ein kan drøsa. Det er ikkje alltid nødvendig med brasiliansk selskaps kaffi eller storslåtte mokkakaker.