Det er alltid like kjekt å besøka Wen hua house på Bryne, det er ein ro her inne og alltid smilande ansatte. Her et me god mat i hyggelig omgivelser til både kvardag og fest.

 

 

 

Lokalene er etter mi meining så flotte at ein kan fint kan gå her å feira noko og på same tid så pass nedtona og koselige at ein kan ta seg ein betre kinesisk middag i kvardagen. Kva stemninga er bestemmer du sjølv, om du er i festhumør eller om du vil ta av kvardagsligt avbrekk har dei klart å skape eit lokale som passer til ein kvar anledning.

Maten er særdeles god. Det er stort utval av den kinesiske maten, foretter, klassiske kinesiske retter, menyer for 1-2 personer, kombinasjonsmenyer, skaldyrretter, anderetter m.m.  Og dersom det ikkje er nok har dei også eit lite utval av grillrettar. Set stor pris på at prisliste ligg ute på nettet (facebook : Wen hua house) og at lunsj kan bestillast uansett tid. Dette er med å trekkja opp terningkast.

I tilleg er det lett å ringja å bestilla, gode priser og kort ventetid.

Terningkast 6

Her kan ein nyta god mat i hyggelige omgjevingar og avslappande kinesisk musikk.

 

 

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.