
Kva manglar Brynebyen?
Me har ein fin liten by her, byen på jæren. Fin bypark som vi kan kose oss når véret tillater, nokon hyggelege møtestader (periodevis), kultur, eit flott bibliotek og slig. Allikevel er det mykje som manglar for full trivsel. Nokon av desse tinga har Brynebuen klaga på opp igjennom åra. Mange av desse under er det eg vil kalla vesentleg for trivsel, fysisk og psykisk helse, andre ting er kanskje «kjekt å ha». Her er i alle fall lista.
Offentlege toaletter
Det er vanskeleg å veta kor vi skal gjera vårt fornødne i Bryne sentrum
Er du kjendis får du låne toalettet på kinoen og evt. andre stader utan å var kunde, men me andre har ikkje denne luxusen. Det finnes toalett på M44 og i Sandtangen, men det er svært langt for trengande, men også dei med dårlegare helsa ol. då er det ikkje berre berre å gå fram og tilbake der om vi skal oppholde oss i Bryne torg eller sentrum over lengre tid.
Matområder med tak
Ein sommar for nokre år sidan kjøpte eg is ein regnvérsdag og skulle setja meg å eta han ein stad under tak. Eg gjekk rundt i heile Fritz Røed, heile sentrum og torget, men fann ikkje ein stad å setje meg ned i pøsregnet og måtte inn eta den nesten smelta isen inne på senteret til kinoen.

Fleire matområder med tak generelt i distriktet ville fått fleire ut både i skog og mark, parker og byar. Det er faktisk lite kjekt å stå der med mat i regnvêret uten å kunne setje seg ned. Det er jo regnvêrsdagar det er mest av i vårt distrikt også sumarhalvåret, då synes eg vi skulle leggje til rette for meir bruk av både by og turområder også i dårlegare vêr. Det vil hjelpa på psykisk helse ved at fleire kjem seg ut, fleire hyggelege sosiale stunder, gi fleire kundar til dei som selger take away og i kioskar også i gråvêrsdagar.

innendørs matområder
Det er mangel på områder innendørs vi kan ete medbrakt mat generelt i distriktet. Slike områder finnes i perioder inne på kjøpesenter og det finnes også her på Bryne, det er lite av dei og nokre er litt «sløve» og halvferdige. Slike områder burde hatt mjuke sitjeplasser, litt (falske) planter, vatnkran/ dispenser og søppelspann. Somme eg har våre på oppigjennom har også ein liten kjøkkenbenk med vask, mikro og av og til også med moglegheit å ta seg ein kopp te eller kaffi. Men heile poenget er at det skal kunne var mogleg å setje seg ned eta eller ikkje eta, slappe av midt i ein handel, ein dag med ungane, pause frå jobb og anna.
Generelt bør slike avslappande matområder finnast på kjøpesenter, sjukehus, i samband med f. eks. byar og byparkar, idrettsanlegg, skular osv.
Aktivitetar i på kveld/natt i helga.
Generelt er Noreg langt bak mange andre land når det kjem til hyggelege aktivitetar i byane. Det er spesielt i helgene når vi har fri. Mange av oss ville hatt litt meir spenningsfyllt, kulturellt eller humoristisk aktivitet å gå på på om kveldstid og natt i helgene for det er mange som treng meir enn berre dei vanlege utestadene og konsertar på kveldane for å få fullt utbytte av kvalitetstida med vener, kollegaer og kjæreste spesielt i helgene.
Det hadde vore vesentleg kjekkare i ein by om det også hadde vore stader på helgekveldane å gå på der det ikkje var den fyllesjauen, der ein kunne holdt på med forskjellige typar aktivitetar som spelehall, brettspel, og meir variert sceneunderhaldning som humorshow kanskje ting vanlige mennesker kunne meldt seg på, revy ol. Om vi skal bli kjent nye folk eller ha gode samtaler med vener eller kolegaer utan sjau og fyllebråk.
Det kan seljast alkohol, men desse stadene burde ha eit større utval av alkolfri drikke og friske og fargerike alkoholfrie drinkar ( mocktails) i tillegg til enkel snacks som popcorn, bacon chibs, tortilla cibs, nachos, pomfritt, salat, grillspyd, smudi, osv. Med slike stader er det lettare å bli kjent når ein er ute med nye bekjentskaper og får betre kvalitetstid med vener og familie.
Kafé med norsk mat
Noko som svært mange saknar i tillegg til meg sjølv er ein koseleg kafé med god norsk husmannskost. Det er lenge sidan vi hadde noko slik i byen vår og dei siste som dreiv noko slik «skaut seg sjølv i foten» ved å stiga prisane fleire gonger på slutten. Stor del av kundegruppa om ein selger enkel husmannskost bla. pensjonistar, småbarnsfamiliar og uføre, då er det viktig at prisane er overkommelege slik at kundane fortsetter å koma.

Plass for ungdom
Bryne er ikkje den einaste byen som har lagt ner eller generelt har lite for ungdomen, spesielt kveldstid og i helgene.
M44 prøvde seg med med ein spelehall, men feilen her var at den ikkje var plassert ein stad med eigen inn med moglegheit for å var open også utanom M44 sine opningstider som litt lenger utpå kvelden laurdag og sundagen litt tidligare på kvelden.
Det er heller ikkje lenger mogleg for ungdom å møtast på Bowlingane etter sju tida i helgene pga. lovverket om alkoholservering noko eg synes er tull. Kvifor skal ikkje ungdom kunne bowle der eller eta god mat berre fordi dei også selger øl når ein samstundes har lov å ha med born på ein Kinarestaurant som selger alkohol?
Dei tilbuda som finnes er på møllekjellaren og diverse organisasjonar og kristne klubbar ol. (FRIK, Blå kors, Bryne kyrkje ol.) Det er kjempeflott med dei som lagar arrangement for ungdom i helgene.
Aktivitetar for alle i alle aldrar
Generellt er det lite aktivitetar å finna på lokalt på jamt utover i kvardag og helg. Me har mykje kjekt her f.eks når det kjem til avslappa underhaldning som stand up, trubadurar og bokbad ol, men me har mange dagar å fylla med aktivitet med familie å vener, laurdagskveldar og sundagar for å nevna noko.
Kvifor ikkje tilrettelegga for å kunne utnytta alle dei mange regnvêrsdagane me har her i distriktet? Flotte mat- og uteområder med tak over slik at me kan pakka med oss matpakke og var meir ute på tur i skogen eller nyte god mat kjøpt på gatekjøkken, pizzaria eller anna take away ute i frisk luft tross halv dårleg vêr i f.eks. Fritz Røed parken?
Bryne har heller ikkje noko( eller lite?) steder vi kan møtast saman med vener utover det vanlege som gir oss meir kvalitet på det sosiale samværet. Noko som gir litt spenning, noko kreativt, konkurranse, ordentleg sjov osv.
Kvar går du om du skal ha det hysterisk morosamt på Bryne?
Kafe med alminneleg enkel mat
Kor lenge sidan er det ikkje då me sat på ein enkel grei kafé på Bryne med alminnelige kaker, kaffe og påsmurt til heilt overkomelege prisar?
OBS – kafeen utprisa seg sjølv på slutten, maten og lokalet var greie, men med høgare og høgare prisar kom det færre og færre folk på slutten. Slik som Espressobaren også held på no med mindre og mindre porsjonar til høgare og høgare prisar.
og vi er heller ikkje alle interessert i å jemt gå på flotte dyre kafear som det er mest av no, då dei er for mange folk kun til spesielle anledningar.
Me går ikkje ut for å eta storslått mat og Columbiansk selskaps kaffi, men for å drøsa og treffa kjentfolk. I kvardagen vil mange ha alminneleg billeg kaffi, enkle rundstykker, påsmurt og salatar, men til prisar me føler enkel mat skal ha. Vi kan ikkje ha kafé med alminnelig mat til restaurantprisar.



Liv i storgata
Ja brynebuen har ikkje snakka om anna på lenge, korleis dei saknar livet i storgata. Det har teke seg litt opp med åra, men det går veldig seint
Det er ikkje «noko for alle» lenger i gata vår, men mykje alt for dyre nisjebuttikkar ( men hyggelege sølvsagt), men som mange diverre ikkje har råd til å handla i og andre berre har ærend i av og til. Det er også salongar der ein går etter timeavtalar . Det blir ikkje liv i gata av folk som har ærend i gata av og til.
Me saknar skilter med reklame og tilbud, stativer og korger, meir benkar og bord, plantar og pynt og konditori / kafé med kringlelogo i vindauget.
Kva saknar du i Brynebyen❔

Utsikt over Bryne mot Klepp










Me har mange kjekke plasser her på Bryne å få oss rask gatekjøkken mat og snacks mat. Eg vil koma med nokre anbefalingar over dei stadene eg er mest glad i.




Er det nokon ting du bør ha på såkalla liste er det respekt, ærlighet, humor du kan forsatt visualisere korleis du ynskjer ein mann skal vara og sjå ut, sjå denne framfor deg (uten ansikt), men la hovedfokuset vara kva dykk prater om og korleis han behandler deg.

Ha tolmodighet, nyt singellivet og lykke til, Elin.

Finn ut kor i nærleiken det er lov å overnatte i telt. Ein teltur er veldig koseleg og ein velger sjølv kva av romanisk utstyr eller anna ein vil ha med. Spidding av pølser eller marshmallows, kvikklunsj, blader, massasje, brettspill, koseklær eller sexy undertøy… Ect.