Romantiske aktiviteter som ikkje koster så mykje

Romantikken treng ikkje å utebli om ein har dårleg råd eller vil spare litt pengar.  Her er nokon enkle dater som verken krev mykje tiltak eller penger.

Måneskinnstur                                         

Kvifor ikkje ta din kjære med deg ut midt på natta for ein spontan romantisk måneskinnstur?  Ut å sverma som mi mor alltid seier.  Dette er ein liten og veldig koseleg ting eit par kan gjera ein gang av og til rundt dei tider det er fullmåne.  Ein kan også berre sitje på altanen med noko godt i glaset og under same pleddet evt. under ein terrassevarmer.  Utruleg koseleg og heilt gratis!

Piknik på straen

Eit teppe, ei korg med godsaker, fin sommerleg bekledning og lyden av måker og bølgeskvulp.  Det treng ikkje å koste så mykje for å bli fantastisk.

Post og oppgåve løype

Å laga ei lita løype i hagen med poster kan være både morosamt og lærerikt.  Ein kan gjere det saman med familie og venner eller berre to. Ein kan laga poster og henga opp eller leggja rundt omkring i ei løype.  Postane kan ha oppgåver, gåter, hjernetrim , spørsmål om kva som helst eller om deg sjølv.  Ein kan klippe ut bilteter frå blader og aviser, kanskje bilder av kjendiser og gjetta kem det er er, kva dei er med i, er gift med osv.  eller ha f.eks.  biletet av halve ansiktet.

Ein kan gi fysiske premierer, i form av noko romantisk eller begge deler.

 

Kveldsbad

Er det veldig varmt kan det vara veldig herleg og ikkje minst romantisk å ta turen til eit vatn eller ei strand og ta seg eit avkjølande bad ein litt sein sommerkveld når det bare er dykk to.

Boblebad.                                                      

Det kan vara romantisk i sitje i saman i eit varmt og herleg boblebad.  Å koma seg på tur med eit hotellrom som har dette kan fort bli kostbart.

Det finnes fleire varianter du kan ha i heimen som ikkje treng å kosta så mykje fordi det er ein invisering som har i mange år. Det treng ikkje å vara med bobler heller, eit vanleg badekar med plass til to gir samme gleden så skal dykk pussa opp badet eller ha ny dysj/ badekar kan ein større oppgradert versjon med plass til begge vere ein god investering.

Ein anna løysning kan vara oppblåsbart badekar til å ha inne eller ute eller oppblåstbart boblebad til terassen i måneskinn eller solnedgangen, roseblader og essens i vatnet og evt. cider eller noko anna godt i glaset. Kan det bli betre?

PS! Ein kan også byggja badestamp sjølv.

Tur i solnedgang                                         

Er det ein nydeleg solnedgang ute så kvifor ikkje ta ein spontan kveldstur når sola går ned og himmelen er på sitt aller vakraste. Ein kan også køyra bort til ein fin stad ei lita stund før sola går ned, gå ein liten tur og setja seg ner på ein fin benk  få med seg solnedgangen og fuglekvitter i ein fin skog med blomster eller ved eit lite vatn til mørket kjem.

Måltid i naturen.                                         

Kvifor ikkje ta frukosten på eit teppe plenen eller middagen på terassen?  Eller kva med å ta eit av måltida med seg i ein skog eller rasteplass?  Me har åte kveldsmat på flotte rasteplasser, frukost i skogen og middagen på ei strand eller på ein fin kai.

Ha med enkel mat og pakk ned i tasker som held på varmen. Gjer klar ein sekk med bestikk, glass, papir og anna du treng på førehand og hugs å finn ut i førehand kor dykk vil reisa så ikkje dykk bruker tid på å leita etter ein plass å stoppa.

PS! Ha ein sekk alltid klar med litt utstyr slik at du kan gå på litt spontane turar oftare utan å trenga så så mykje pakking kvar gong.

Overnatting i telt.                                      Finn ut kor i nærleiken det er lov å overnatte i telt.  Ein teltur er veldig koseleg og ein velger sjølv kva av romanisk utstyr eller anna ein vil ha med. Spidding av pølser eller marshmallows, kvikklunsj, blader, massasje, brettspill, koseklær eller sexy undertøy… Ect.

Finn ut kor det er lov å setta opp telt og tenna bål eller grilla! 

Massasje.                                               

Kva med å gi kvarandre herleg massasje av og til?  Ein god luktene massasjekrem eller olje. Om ein vil kan det bli ekstra romantisk med duftlys, dempa belysning, musikk, og sjokoladefondue.

Glamping

Sjølv om glamping er luxus versjonen av camping gjer ikkje det at det treng å vara dyrt.

Ein kan kjøpe eit passande telt eller hagetelt i god kvalitet som du kan ha ei stund. Ein kan kjøpa noko å ligga på og utstyr til ein rimeleg pris.  Duftlys, tepper, puter, solcelle eller batteri drevne lysfigurer/ lysslynger, plastblomster osv som kan brukast igjen og igjen til dette eller på terassen ol. elles.

Ein kan ha med seg fotbad, god mat og drikke eller kva med å sette opp eit basseng eller boblebad ved siden av?

Her kjem det litt an på kva du har råd til og kvar du setter opp teltet om det er på din eiga tomt, hjå vener, campingplass eller anna.

Viss du sparer til desse tinga treng det ikkje vara så dyrt om det blir som ein investering for fleire år viss dykk liker dette og har oppbevaringsplass slik at dykk kan ta det fram av og til sommerhalvåret.

Spadag.                                                       

Ein dag på spa kan væra veldig dyrt,  men ein spadag heima trenge ikkje vara det.

Massasje, masker, litt god mat og drikke..

Om dykk ikkje har kan det vara lurt å ha kvar si badekåpe og baderomssko. Elles kan du gå til innkjøp av det dykk ynskjer masker, diverse kremer til kropp, føtter, hud og hår osv, srub, body milk, massasje oljer og kremer, duftlys, essens eller røkelse, pynt, lys , bobbleskum til badekaret,  bare fantasien setter grenser.

Tenn litt levande lys på bade og ta ein dysj eller bad i lag,  gi kvarandre massasje eller anna kroppspleie.  Ha dempa lys, og tenn duftlys eller anna og gjer klar mat på førehand som dykk kan eta.

Oppskåren frukt og smelta sjokolade og søt kjeks til,  ost og kjeks eller tapas passer til eit slikt opplegg.

 

Spillekveld/  spill for par

Kva med å ha ein koseleg spelekveld i lag?  Ein kan ka kjekke vanlige brettspel, romantiske eller erotiske spill for voksne.

Ein kan sitta ved spisebordet og ha snacks, musikk i bakgrunnen, heimalaga pizza, brus/ cider ol.  og quizspill, oppgåvespill ol.

Eller sitte på gulvet eller på soverommet,  sexy undertøy,  fingermat, romantisk eller erotisk spill og bobler i glaset.

Tips! Vanlige brettspill til ein billig penge (eller gratis)  finn du på gjenbruk, loppesalg eller finn.no.  Her veit du aldri kva spanande du kjem over! 

 

 

Bonus tips:

Lage stemning, Mange butikker har salgskorger med gode tilbud som ein kan finne mykje spennande i.  Mykje er sterkt nedsatt og det kan vara ting du ikkje tenker over der og då at du kan få brukt for.

Lys, lyslenker,telyshåldere servietter, pynt,  bordpynt, sjokolade,  røkelse, bordbrikker, kremer, oljer, vinkorker/ åpnerar,  pynteblomster, og mykje anna kan du finna som kan vara med å skapa stemning.

Elles selger Normal, Rusta og andre billigkjedar mykje fint og har eit greit utval av slikt.

Mat og drikke

Nokon gånger kan ein ha med seg niste på slike turar.  Også når det gjelder mat kan du kikke i rabatthyller eller elles i butikken etter tilbud på mat som holder og ha liggjande i ei hylle eller skuff.  Du kan finne bla. kjeks, sjokolade, sjokolade og nøttebar, leskedrikk, snacks eller spennande pålegg til nistemat.

Frukt og grønt er også godt å ha med på tur / date.

Gåver

Av og til kan det vara ekstra fint å overraska din kjære med noko ekstra som ein gåve, eit dikt, kort, blomst, sjokolade, pynteting eller noko du har laga.

Slike overraskelser blir ekstra fine om ein overrasker med dette ein gang i blant og det treng heller ikkje vara dyrt.

Kikk litt etter tilbud på fine ting her og der når du er ute på andre ærend, på Finn.no, internettbutikker,gjenbruk og anna. Gjøym det vekk til den dagen daten er.

PS! Kjøper du brukt veit du ikkje kva du kjem over og du kan finna dei heilt spesielle tinga.

Aktivitet

Ein romantisk tur eller date kan bli ekstra interessant med ein liten overraskande  oppgåve eller aktivitet.  Det kan vara massasje, spill, konkurranse, quiz, postar, brettspill eller anna.

Kikk på finn.no, gjenbruk ol. så veit du aldri kva du kan få tak i av spel og aktivitetar. Du kan også finna mykje spennande på bokhandel og «alt mogleg» butikker som Rusta, Europris og Biltema.

Håper dykk koser dykk og får ein eller fleire fine dating idear av desse forslaga.

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.