Merkeklede alltid finast?

Nei du ser ikkje betre ut i ein dress til mange tusen ifh. til ein til nokon hundre. det er stilen som avgjer kor kul du er kledd. Med det utvalet me har i dag kan du skapa nøyaktig samme stil i billige og dyre klede.

Det er ikkje noko gale i å ville kjøpe dyre merker av og til om ein har råd, men skal du ut på noko spesielt som å opptre ein stad eller i eit flott arrangement er det dei dyraste merkekleda som får » æra » av å være det sjølvskrevne fyrstevalet.

Eg synest det er litt lite kreativt.

Kanskje nokon berre har skapet fullt med dyre merkeklede? Det dyra blir ofte finast i augene våre, men er alltid dei dyre merkene flottaste.. til å sjå til?

Ein kjole kan være frå Cubus og ein annan Chanel og mange ville meint den dyre var finast, men var begge frå same billige stad ville kanskje svara variere meir?

Uansett anledning blir litt påverka av prisen på kleda folk trur at dei ser best ut i dei dyraste merkene dei billige kleda brukar ein heima , små selskaper og slik. Det er ein litt kjedeleg tankegang..

Kva med å ikkje var så bestemt på forhånd om du skal i eit enkelt familieselskap eller opptre for eit større publikum på eit flottare arrangement?

Kan Jakka frå Armani gå i lag med buksa frå Spar Kjøp? Eller kan dressen/ kjolen frå Cubus piffast opp med dyrare sko og belte? Kan ein dyr dress tonast ner med heilt enkelt tilbehør , sko frå, belte og skjorte ?

Kva med å gå i ein dress frå Spar Kjøp på eit flottare arrangement?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.