Dropp mannfolkjakta, gjer heller dette.

Mange der ute klager på at dei ikkje finner mann, ikkje ordentlige menn. Mange leiter og dater,  forsøker nettdating, singelgrupper osv.

Mange er skuffa over mennene dei dater eller at det berre blir vennskap og aldri ordentlig forhold.

Kvifor blir det ikkje forhold sjølv dei oppnår alle kriterier på lista di?  Kvifor blir det ikkje meir sjølv om han har både høg utdanning, er sosial og har godt humør..?

Fordi det ikkje er nok. Den rette kjem ikkje fordi mannen er perfekt etter di lista. Kjemien,  kjennslene og den djupe forelskelsen kjem kanskje med ein heilt anna type mann.

Vær open og dropp sjekklista. 

Er det nokon ting du bør ha på såkalla liste er det  respekt, ærlighet, humor du kan forsatt visualisere korleis du ynskjer ein mann skal vara og sjå ut, sjå denne framfor deg (uten ansikt), men la hovedfokuset vara kva dykk prater om og korleis han behandler deg.

Det som er viktig når du skal vara i forhold er kva dykk gjer i lag, korleis ein mann får deg til å føla og om han gir komplement, støtter deg, stiller opp når du treng han osv.

Ikkje om han har utdanning, er veltrent, sosial og verdensvant.

Utanom det bør du vara open.

Det som er viktig er om han gir deg oppmerksomhet og tid,  ikkje berre dyre blomster og gåver.

Om han ofte kjem seint og forsøker å gjer det godt igjen med ein svær bukett blomster kvar gång eller prøver å erstatta kvalitetstid med dyre gåver då han ikkje viser interesse for dine hobbyer og om du då klager og han i tillegg meiner du overreagerer, er dette raude flag etter mi meining.

Ein ordentlig man bør lytta og be ektefølt om unnskyldning.

Om han sender deg melding, vits , dikt eller berre ein fin gif, tagger deg i konkurranser eller eit morosamt klipp ol. på facebook eller ringer deg for å høyre stemmen din er dette absolutt grønne flagg.

 

Desperate kvantitetsforhold:

Eg har bekjente som presenterar den eine nye mannen etter den andre, som har hatt fleire av og på forhold fordi dei er så desperate etter å » være i forhold».

Ein går raskt inn i forhold kvar gong dei møter ein ny hyggeleg mann dei har kjent ei helg og forholdet tar slutt når dei har blitt kjent. Dei vil ikkje vara «singel»  og vil heller bruka tid på mannfolkjakt enn tid med venner

Nokon er desperate etter det perfekte forhold og helst NÅ! Men du finn ikkje alltid det perfekte forhold etter éin tur på byen, det må voksa med tida.

Nokon opplever kjærleik ved fyrste blikk andre finn kjærleiken etter årelangt vennskap.  Har du funne ein mann du kjenner noko ekstra for vil situasjonane oppstå etterkvart der ein merker meir og meir kor ekta kjenslene er.

Det kan vara sider ein oppdagar med kvarandre, djupe samtalar, episoder der han hjelper eller støtter deg, gåver du får eller detaljer om deg han hugser som viser at han kjenner deg osv.

Slutt jakten! 

Slutt jakten og lev livet ditt.  Mitt råd er å behandla deg sjølv slik du ynskjer å bli behandla av ein mann.

Lev livet ditt, kle deg som deg sjølv, gå på konsert og høyr musikk du liker, kom deg ut å finn på aktiviteter du synes er kjekt og del meiningane i samtaler eller på sosiale medier. Då vil du tiltrekke deg mennesker lik deg sjølv og som liker deg for den du er og etter kvart den rette mannen for deg.

Bruk tid på venninne dine, familie og søsken. Gjer ting som er gildt og som får deg til å føla deg bra som f.eks «self care». Som singel har betre tid til å gjera dei tinga du elsker så nyt denne tida i staden for å deppa,  då kjem den rette mannen inn i livet ditt på rett tid!

Hugs å nyt tida med venner og familie medan du er singel og har tid til det fordi når du finn den rette vil det kanskje bli mindre tid til venner og familien du har frå før, då du har fått deg kjæreste du vil møta mest mogleg  og at det etterkvart blir etablering.

Ha tolmodighet, nyt singellivet og lykke til,  Elin.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.