Gladmat, Norske jordbær og elles stigande prisar

Med dei stadig stigande prisane på mat og arrangement er det inga overrasking lenger når me høyrer om prisstigning her og der..

Nå er det allereie dyrt frå før av på gladmaten og mange har ikkje råd. At prisane skal stiga med 50 % er jo ein stor skam. Problemet er at det er nok «rike» til å holde det gåande for dei som driver slik og folk seier at dei «gledeleg betaler » sjølv kor dyrt det blir og » det er det verdt» uansett kva det gjelder og kor mykje prisen stiger , men noko til eit par hundre eller ei korg jordbær til variert mellom 50 og 100 kr er ikkje verdt prisen for alle. Itillegg blir fattige mobba og klaga på for at ikkje eter Norsk mat. Kva hadde du gjort om du sleit med å få endane til å møtast og fekk valet mellom ei korg jordbær til 50kr ++ og ei til 25kr?

Om folk skal forsette og betale med glede uansett kor dyrt ting blir , blir fleire»silt vekk» frå sosiale sammenhenger og frå å eta normal sunn Norsk mat.

Diverre finnes det folk både blant vanlige mennesker og politikere som meiner det skal vera slik. Dei vil berre ha «flotte» folk på desse festivalane, konsertane, restauranter og skal få tilgang til den beste Norske maten osv.


Heldigvis er ikkje dette meiningane til folk flest, men med desse stadig stigande prisane og i tillegg dårlegare tilrettelegging for hemmande, er den vegen det går .
Ta kjøpesentera f.eks veldig mange av dei i området har vonde benker å sitte på til vanlege besøkande, men inne på kaffeane er det gode mjuke sitteplasser, men der er det sjølvsagt dyrt.
Slike festivaler har stort sett berre harde sitteplasser og er så dyre at berre rike har råd. Jo dyrere alt blir, jo færre kjem til å møta opp her og der på arrangement og om nokon år er Noreg dauere og fattigere. Dei «svake» blir stadig silt vekk frå å delta i vanlige sosiale sammenhenger, samstundes som me må sitte å sjå på fleire nedleggelsar om me ikkje grip inn og gjer noko med dette.

Med den rekordfarten prisane har hatt til no , korleis vil det vara om 3 år? Då vil kanskje ikkje butikkmedarbeidere , arrangørar , artistar , utsillarar og andre ansatte rundt omkring som har jobb i dag kanskje ikkje har arbeid å gå til om 3år?

Norsk uteliv

Eg er ikkje så glad i det norske utelivet, eg synest det skjer alt for lite på ein vanlig bytur i Noreg.
Eg går berre på utvalde ting som konserter ol.

Eg treng nok litt meir spenning enn å berre drikka å jabba. Og på på ein vanlig pøb skjer det nok litt lite, det er litt dumt for eigentleg hadde det vore kjekt å sosialisert seg på eit anna nivå.
Eg skulle ynskja at det var meir forskjellige ting å finna på ute på byen om nåttå i helgene for eg vil ha litt meir liv og aktivitet.
fyrst og fremst burde spillhaller, bowling, kino også hatt opent( i vert fall der dei som har status som by) og når det var tivoli i byen var det også oppe om nåttå.
Eg snakker med så mange som er heilt einge, dei ville også at det skulle vore mer forskjellige underholdning og sosiale aktiviteter på pøbane.
«Er derfor eg ikkje går ut » svare mange også..
kanskje noko å tenka på når mange pøbbar klager på at det ikkje kjem folk og at det går dårleg. Dei kan liksom ikkje berre forventa at folk skal komma og drikka drinkar til stive prisar og lytta på trubadurar som spele dei same sangane om og om igjen..

kva med noko meir spanande aktiviteter, då tenker eg på meir en karaoke, quiz og stand up som er gjengangerar på pøber,

Her er linken til mitt neste blogginnlegg der eg skriver litt om kva eg ville hatt som aktiviteter ute på byen:

Me lever tross alt bare ein gang, Kvifor kan me ikkje finna på meir i saman i helgene?