Gladmat, Norske jordbær og elles stigande prisar

Med dei stadig stigande prisane på mat og arrangement er det inga overrasking lenger når me høyrer om prisstigning her og der..

Nå er det allereie dyrt frå før av på gladmaten og mange har ikkje råd. At prisane skal stiga med 50 % er jo ein stor skam. Problemet er at det er nok «rike» til å holde det gåande for dei som driver slik og folk seier at dei «gledeleg betaler » sjølv kor dyrt det blir og » det er det verdt» uansett kva det gjelder og kor mykje prisen stiger , men noko til eit par hundre eller ei korg jordbær til variert mellom 50 og 100 kr er ikkje verdt prisen for alle. Itillegg blir fattige mobba og klaga på for at ikkje eter Norsk mat. Kva hadde du gjort om du sleit med å få endane til å møtast og fekk valet mellom ei korg jordbær til 50kr ++ og ei til 25kr?

Om folk skal forsette og betale med glede uansett kor dyrt ting blir , blir fleire»silt vekk» frå sosiale sammenhenger og frå å eta normal sunn Norsk mat.

Diverre finnes det folk både blant vanlige mennesker og politikere som meiner det skal vera slik. Dei vil berre ha «flotte» folk på desse festivalane, konsertane, restauranter og skal få tilgang til den beste Norske maten osv.


Heldigvis er ikkje dette meiningane til folk flest, men med desse stadig stigande prisane og i tillegg dårlegare tilrettelegging for hemmande, er den vegen det går .
Ta kjøpesentera f.eks veldig mange av dei i området har vonde benker å sitte på til vanlege besøkande, men inne på kaffeane er det gode mjuke sitteplasser, men der er det sjølvsagt dyrt.
Slike festivaler har stort sett berre harde sitteplasser og er så dyre at berre rike har råd. Jo dyrere alt blir, jo færre kjem til å møta opp her og der på arrangement og om nokon år er Noreg dauere og fattigere. Dei «svake» blir stadig silt vekk frå å delta i vanlige sosiale sammenhenger, samstundes som me må sitte å sjå på fleire nedleggelsar om me ikkje grip inn og gjer noko med dette.

Med den rekordfarten prisane har hatt til no , korleis vil det vara om 3 år? Då vil kanskje ikkje butikkmedarbeidere , arrangørar , artistar , utsillarar og andre ansatte rundt omkring som har jobb i dag kanskje ikkje har arbeid å gå til om 3år?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.