Kjærleik, fridom og den rette.

Ein er fri og frank og lev livet til det fulle. Plutseleg ein dag skjer det noko heilt uventa, med eit får du auge kontakt med nokon som skal visa seg å være heilt spesiell. Dykk møtes fleire gånger og det er like spesielt kvar gong som om augeblika står stille. Du får ikkje denne personen ut av hovudet og kjærleik ved fyrste blikk finnes jo ikkje eller?

Det var ikkje dette du ville og benekter kanskje desse kjenslene lenge i starten. Det du eigentleg hadde sett for deg var å være fri. Fri til å leve singellivet og gjere det du vil og ta dagane slik dei kjem og ikkje at du skulle dele livet med ein annan, men nå er det eit menneske du ikkje for ut av hovudet og du forsøker jo då dette ikkje var ein del av planen, nei du ville aldri binde deg til nokon, du ville vara fortsatt fri og frank.

For kor lenge er du eigentleg fri til å leva det du i utgangspunktet ville før du begynner å kjenna på lengselen etter det andre menneske?

Er det ekte kjærleik vil du tenkje meir på denne personen med tida, kjenslene og lengselen vil auka. Om du innerst inne elsker eit menneske er du då heilt fri utan dette mennesket i livet ditt? Fri til å gjera slik du vil når du vil?

Er du ikkje allereie «bunden» til dette mennesket?

For det livet du i utgangspunktet ynskja å leva med «piker, vin og sang» eller rote rundt på fester med «mann etter mann» er vel ikkje det same lenger når du gjennom hjarta eigentleg har blitt knytta til eit bestemt menneske? Du er jo ikkje kjenslemessig lenger like fri til å leva dette livet lenger.

Når tida går blir det kanskje vanskelegare å tvihalde på singellivet. Noko av deg ynskjer dette samstundes som hjarta ditt lengter meir og meir etter ein person. Før har du vore både betatt og forelska, men dette er annleis og sjølv om du forsøkjer å gløyme dei kjem dei att i hovudet ditt igjen og igjen. Då er du ikkje lenger kjenslemessig fri til å leve dette «frie» singellivet, du er knytta til denne personen, du er ordentleg forelska.

Du må ta eit val

Då må du ta eit val. Skal du fortsette å lura deg sjølv at du ikkje er interessert i fast forhold? Å være tilknytta eit menneske er ikkje gale når det er den store kjærleiken. Er tanken på å sitje i armkroken til denne personen betre enn tanken på å liggja rundt med forskjellige?

Skal du fortsette å tviholde på singellivet og sjå på at den du elskar finn seg ein annan? Det er no du må ta eit val.

Fridom finn du i lykka

Er du i denne situasjonen er den ordentlige friheten når du har funnet saman med den du elskar. Du er ikkje like fri som singel om du går å lengter etter ein bestemt person. Tenk deg om, om ein er redd for å binde seg, kvifor binda seg til singellivet i staden for det mennesket du innerst inne går å lengter etter?

Er du mest fri når du er saman med den du elskar eller når ein annan er saman den personen du elsker?

Fridom kjem med lykka du får når du og denne personen har funne kvarandre og funnet saman. Fridom er når ein har eit menneske i livet som ser deg og elskar deg for den du er. Fridom er ein person som er med deg på det du likar å gjere og omvendt og som du kan være både sint, sur og sta av og til utan dei bryr seg. Fridom er ein person du har i livet ditt du kan var deg sjølv med og snakke om alt med.

Når ein har funne ein heilt spesiell person som liker deg for den du er bør du ikkje ta vedkommande for gitt for det kjem nok ikkje fleire like han eller ho i livet ditt. Hugs at om det er noko heilt spesielt mellom dykk finnes moglegheita at det kan bli dykk.

Det er no du skal ta eit val, det er betre å prøve og mislykkast enn å aldri prøva.

Elin Fjermestad 😊

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.