Jo meir avansert- jo mindre reiser kollektivt

 

Sone ditt og datt, dyre biletter, gebyrer og bøter for småfeil, kjefting på barn,  utfylling av klokkeslett, sete, tilleg og anna. Vanskeleg eller umogleg å betala med kontanter,

Mange er blitt lei av ta kollektiv transport.

Dei seier det skulle bli lettare, men har berre blitt meir avansert med åra..

Det lettaste var når me kunne gå inn på eit tog eller buss med kontantene i lommen bare betale for turen.  Det er lenge siden det var så enkelt.

Fyrst kom bilettautomatane og det er forsåvidt greit,  men gebyr for å betala med kontanter på toget er ikkje greit. Det og når dei einaste som etterkvart fekk fritak var pensjonistar blir det litt diskriminerande, kva med born, psykisk utviklingshemmede og kronisk sjuke?  Det blir også feil at dei som ikkje har kort eller at som holder på å koma forseint til toget skal straffast med gebyr fordi dei ikkje får tid å kjøpa billett på forhånd.

Ikkje blitt lettare

Med åra har det ikkje blitt lettare.  Nå veit eg ikkje nøyaktig om det er likt overalt, men lett er ikkje for alle.

Du må bestilla på førehand med app har du ikkje app/ smarttelefon kan du ikkje bruka buss.  Dei som kan kjøpa bilett på nettet må gjera dette heima før dei går, men då må du veta nøyaktig kva klokka du vil ta bussen.  Kva då om du har fleire ærend og ikkje veit kor tid du vil avgårde med bussen?  Kva om du brukar kortare tid og må venta i timar? eller lunsjen tar litt lengre tid enn planlagt? Då er det penger tapt fordi billettane har nøyaktige klokkeslett.  Og kor skal du kjøpe ny bilett viss det ikkje mulig på bussen,  du har ikkje app og det ikkje er automat der?

Samme med tog dersom togstasjonen ikkje har bilettautomat. Nokon få busstasjonar har automat.

Lettare med automat?

Så klart er det litt lettare med stasjonar som har billett automater viss du har tid på deg, men kvifor må det var så mange innstillinger som vara heilt nøyaktige? Selvfølgelig må me skriva kor me skal og voksen, born eller honnør, men kvifor er ikkje dette nok? Strekning, sonar ditt og datt, setenummer, tillegg, klokkeslett og dato må væra nøyaktig ellers er det ikkje berre ein grusom kjeft, men også gebyrer og bøter.

Er du rullestolbruker må du bestille gjennom kundeservice .

Eg har så mange historier å fortelja, om utskjelling av born, voksne mennesker som ikkje forstår korleis dei skal gjære og born som får panikk fordi det er så mykje innstillinger og toget kjøyrer snart.  Det gjer det ikkje lettare når dei veit dei får kjeft og bøter om dei gjer feil.

Kvifor gjer det så vanskeleg?

Eg trudde målet var å få fleire til å kollektiv, men mange kviar seg for å ta toget i dag. Dyrare prisar og avansert å kjøpa bilett.

Kvifor gjera det vanskeleg når ein kan gjera det lett?

Her er nokon enkle grep ein bør gjera for å gjera det lettare for dei aller fleste å kjøyra kollektivt:

  • Det burde vore sjølvsagt at det gjekk an å betale med kontanter og kort inne på buss og tog uten ekstra kostnad. Boksar som dei har ved kassen i matbutikken er noko dei har på bussen i andre land, kvifor skal alltid Noreg alltid henge lengre etter en andre land?
  • Ein kunne også fått kjøpt billetter inne på Narvesen (eller anna kiosk) der dei har kiosk ved stasjonen / bus eller tog stopp.
  • Gratis P-plass for reisande. Det er ikkje alle som bur 10min.  gange frå stasjonen.  Om ein må bli kjøyrt eit lite stykke ner til togstasjonen eller det koster ein formue å parkera nokre frå ein dag til dagar, er det betre å ta bilen.
  • Billigare prisar,  for dei som reisar ein del må ein ut med store summer årleg for å kjøyre kollektivt. Det nyttar ikkje å stiga prisane på bilen om ein ikkje tar ned prisen på kollektivt, ein har ikkje meir råd å ta toget om prisen på kollektiv transport er den same eller stiger litt og litt.
  • Løysningar som får deg fram til reisemålet når tog/bussturen er slutt. Som ikkje er for dyrt eller med rabatt pga.  at du er reisande.
  • Mindre innstillingar når du skal kjøpa ein enkel billett på automaten.  Kor du skal og om du er barn, voksen eller honnør (evt. anna)  burde vore nok.
  • Bilettane burde vore gyldige til dei var brukt opp enkelt og greit. Kjøper du ein billett burde den gjelde til du hadde reist denne turen om det var i dag, i morgen eller neste måned. Har ein betalt for ein strekning frå / til så har ein jo betalt for det og burde det vore det same kor tid ein nytta seg av billetten.  Sama med døgnbillett,  har du betalt for å ta toget i eit døgn bør du få ta toget og bus kor du vil heila døgnet.
  • Rutetider.  I dag går siste tog og buss heim veldig tidlig i helgene.  Er du på byen eller berre på besøk hjå venner i helgen må me gå tidleg heim frå venner,  fester ol.  Til og med før konserten er over eller før utestaden har stengt om ein skal rekke toget. Me ynskjer frihet til å velga sjølv kor lenge me skal vara ute på byen eller på besøk hjå venner. Folk vil ikkje gå lenge før dei andre som forsatt koser seg, det blir litt for strengt dersom voksne mennesker skal ha «innetid. «

Bonus :

Her noko som kunne vore bonus:

  • Innelåste sykkelstativ
  • Leige av tralle, elsykkel evt. med tralle til og frå togstasjonen eller til shopping/ ærend.
  • Rabatt på taxi evt. tog/ buss firmaets ekne taxiar. til og frå.

 

 

Jærdagscomback!

Hadde det ikkje våre så oppskrytt på førehand hadde det nok vore litt kjekkare.

 

Jærdagen skal væra årets vakreste eventyr på Jæren.

Mange jærbuer viser mykje kjennsler rundt det at Jærdagen har vorte mindre og mindre for kvart år.

Jærbuen gledde seg til å endeleg få koma Jærdagen å det var herleg å endeleg få koma ner her igjen

Dei skulle slå til med eit «endå større messa» i år sa dei og derfor blei nok folk litt skuffa med tanke på at det er den minste messå som har våre 😅 Hadde det ikkje våre så oppskrytt på førehand hadde det nok vore litt kjekkare fordi då hadde folk berre gleda seg over at ein endeleg fekk koma på Jærdagen igjen og ikkje gleda seg til det folk  trudde skulle bli ei ekstra store messa.

Men supert å sjå folkaliv i sentrum igjen 😊

Ikkje slik det ein gong var

» Var betre før» seier mange, det var større, meir ting å sjå, meir og betre tilbuder. Me gjekk med så mykje at me ikkje kunne bæra fordi det var så mykje tilbuder både M44 og i gatene.

Dei siste åra har me måtte leite etter tilbuder som er verkeleg gode, særskilte jærdagstilbud.

Nå kan ikkje alt vara slik det alltid har vore, men kva med å halda på nokon tradisjonar? Det er noko med dei tinga som gjær Jærdag til jærdag.

I år var tivoliet og bilane tilbake. Sist Jærdag var tivoliet vekke og bilane saman med traktorer, maskinar, dyra og anna har vore vekke i mange år og då er det i grunnen ikkje jærdag lenger.

Nedprioritert?

Eg ser at Jærdagen blir mindre og mindre samstundes som Jærnåttå blir større. Det er trist at Jærdagen blir sløvare og må avslutta tidleg så ein stenger av gaten fordi Jærnåttå skal skal starta.

Det er trist at Jærdagen minker av allereie på dagtid og stengt tidlig på kvelden til fordel for Jærnåttå.

Mange jærbuer er lei seg for dette.

For familien

Mange må tidleg heim fordi foreldre vil på jærnåttå.

Med messene kvar sine helger kan familiane prioritera Jærdagen for ungane og koma seg på Jærnåttå ei anna helg uten at dette treng ødelegge for Jærdagen.

Jærdagen kunne vore heila helga med liv og røre frå morgon til utover kvelden med live musikk og grillmat for å nevne noko. Ein kunne bruka så lang tid ein ville uten å tenka på at dei stenger av eller fordi foreldre eller andre skal på Jærnåttå og må gå heim.

Kor kjekt hadde ikkje vore for ungdommen og kunne kost seg på kvelden med venner på tivoli, i boder og åte god mat i lag og kanskje høyrt på live musikk, noko mange lengter etter.  Når eg var yngre var me på tivoliet til åtte ni tida og ein gong hadde dei oppe heilt elleve på tivoliet.

Var Jærnåttå ein anna helg kunne ein starta tidleg på dagtid med Live musikk i gatene og inne på puber, god mat og drikke litt boder og ikkje minst boder med salg av fan-artikler, cdar ol. frå artistane som opptrede på Jærnåttå. Folkaliv med barn, ungdom og familiar på dagen og nokon stader med aldersgrense på kvelden. Konserter med store artister på hovedscenen om kvelden/ nåttå og ein mindre konsert med border å sitte på, allsang og mindre folk i eit anna lokal for dei som vil det og saknar dette.

Me er mange som vil ha Jærdagen tilbake, som saknar dyr, traktorer og kanontilbuder.  Eg ynskjer ein kunne dela opp Jærdagen og Jærnåttå slik at me kunne få to store festivaler på Jæren uten det eine øydela for den andre. Jærdagen er jo også for ungane, dei bryr seg om dyr, tivoli, ansiktsmaling, fiskedam, maskiner osv så kvifor øydelegge dette for dei?

Og kva med Jærnåttå? Korleis forsette å utvikle denne musikkfestivalen utan at det går utover Jærdagen ?

 

 

 

Dette bør alle kjøpesenter ha!

Food court til allbruk

Ein svært viktig ting alle kjøpesenter bør ha er ein god food court ( eller lignande) der alle kan setta seg ner nyta medbrakt mat eller kjøpt på dei ulike matstedene på kjøpesenteret.

Eit veldig stort kjøpesenter bør ha fleire.

Det bra for kundane å kunna setta seg ner godt og behageleg å slappa av når ein er på handel. Å kunne få i seg ein matbit er nødvendig for helsa og trivsel.

Det å kunne slappe godt av og samtidig være fri til å helga om ein vil eta mat kjøpt frå senteret, mat me har tatt med oss eller bare slappe av uten mat og berre drøsa er for oss avgjerande kor me vil  handla og kor lenge me blir.

Nokon stader har dei sjølv betjeningsdisk med kaffi og tevann ol. nokon stader gratis eller til ein billig penge.  Kopper,papir, bestikk, tallerkener osv. til mat og drikke, til å vaske opp eller papir / engangs står også framme.

Dagligvare butikker har av og til slike disker og så bruker du litt meir tid i butikken. Eg veit i hvertfall at eg  handler automatisk meir om eg får sette meg ned litt i staden for å måtte gå med ein gong eg blir sliten eller får vondt i ryggen.

Slike småting gjer det liksom så koseligt at du som kunde er ynskja velkommen på ein måte. Slappe av i hyggelege omgjevnadar og då handlar ein også meir. Det er nok ein av grunnane til at nokon senter / butikkar gjer slike ting for kundene, dei blir lengre og kjøper meir.

 

Oppsummering

Så om me skal bli ekstra lenge på eit kjøpesenter er det lurt å ha mange gode sitteplasser, vatndispensarar, food court OL. der me kan berre slappa av eller nyta mat som er medbrakt eller kjøpt der.

Bonus dersom desse matområdene har noko ekstra som kaffi/ te, bestikk og tallerkener OL.

 

 

 

 

 

Kvifor bruker ikkje folk butikken?

#bruknærbutikken #brukbyendin #brukbutikken #jul #noreg #norge #norskjul

Kva tenker eg på? spør Facebook
Så var eg her igjen.. eg går i forretning etter forretning og ser etter julasengsett, men kor finn eg dette? i kvar butikk eg går er alle sengsetta like om det er Kid, Spar kjøp eller Princess.

 

Eg var eit par veker sidan inne på Kid og fann ikkje julasengsett, leita og leita. Eg fann noko sengsett, men det som blei kalt julasengsett fekk meg ikkje i julastemning.
Likt er det om eg går i ein annan butikk. Same mønster, same farger. Alle butikkane sel gardiner, tepper og sengsett som ser nokså like kvarandre uansett kor eg går.

«Eg beit merke i denne blusen, den var tydeleg «inn» i år og det var nok mange julebord med damer med slik bluse, der fargen og storleiken på blomstene var forskjell, elles ganske like.»

Det tar meg tilbake nokre år når dei julemønstrane som er inn i år var nokså like julekleda som var inn det året. Eg leite etter julegåve til min søster, blusar og festantrekk i friske farger. Eg leita og leita, men kor eg gjekk var festantrekka for damer mørkoransje, mørkblå og mørkgrøne, ensfarga. Uanset kor eg gjekk var det likt, like mønster og like fargar.
Alle desse klesbutikkkjedane hadde ein ting til felles, ein mørk bluse med store blomster. Eg beit merke i denne blusen, den var tydeleg «inn» i år og det var nok mange julebord med damer med slik bluse der fargen og storleiken på blomstene var forskjell, elles ganske like. Når eg kom til Fretex fann eg mange fine klede, etter å ha leita på heile Kvadrat og heile Maxi Sandnes og berre funne like klede i alle butikkane.

Eit anna år var det tross av at det var jul, umogleg å få tak i raude bluser og kjolar då dette ikkje var inn det året.

Mange mennesker = mange forskjellige smaker og stilar

Kvifor er det slik? Kunne ikkje butikkane heller ha kvar sine stilar heller? Me er tross alt snart inne i 2021 og så greit inn i framtida at ein bør tenka litt lengre en at me forsatt skal alle holda på og selga produkter kun etter kva som er inn. Ein kunne solgt litt varer som var inn no i tilleg, hatt litt utval. Ein butikk kunne solgt sin stil og andre sin stil.

Kvar butikk kunne hatt forskjellig stil, i staden for at alle fylgjer same mote, alltid.

Eg blir litt lei av å gå i butikk etter butikk og sjå på dei same fargane. Me er jo så mange folk her og alle har sin smak. Når det kjem til jul har mange den same smaken som meg og me vil ikkje byta ut julå vår etter det som er inn.  Me vil pynta med det me liker, som gir oss glede..

Eg vil avslutta dette innlegget med ein viktig beskjed. Dei vil at me skal bruka butikkane, men dersom alle buttikkane alltid er fyllt med like ting i same mote medan anna ikkje er å finna i butikken, må me gå på nettet.

I mellomtida må eg nok venta med å gå i butikken og handla julasengsett, slik som sist gång tradisjonsrike mønstre med snø og nissar som gir meg julastemning, ikkje var på «moten». Den gången var det bare gull,sylv, englar og stjerner å finna på julasengsetta og/ eller gråtonar.

Ha god jul og sov godt!

Spre varme og glede er viktigast

«Gleden borna får av tinga har                                       litt å seie kva vaner du gir ungane»

Entan overause i gåver eller ingen gåver..

Kva med ein mellomting?

Julehandelen går over skaftet eit år, neste år skal det sparast til dei grader

Mange kjenner på det at det liksom må var svært dyrt og flott får å glede, men må det verkeleg det?

Noko av overforbruket kan bytast ut med aktiviteter, heimalaga gåver, malte korger med mat,drikke og divarse bruksting, skjeldne funn frå gjenbruk, loppemarked osv.

Gleden borna får av tinga har litt å seie kva vaner du gir ungane

 

 

 

Å forstå meininga med jula

Ta ungane med på julegåve shopping av gåver som skal sendast til utlandet, å handle inn varer til folk som leverer til fattige familier i Noreg. Ungane og ungdommane kan gi året rundt, ting dei er lei av eller klær som er som er for små kan gies til dei som leverer til fattige land. Så vil ungane sjå ting med andre auger vil eg tru.

Eg er heilt for å gi overraskelser, aktivitetar og tid i julepresanger, men verkeleg ikkje ein einaste gåve å opna under treet?

Spare penger og redde miljøet

«Det som er tull er å ein ny mobil, pc eller anna kvart år.»

 

Det hjelper verken miljøet, økonomien, når ein held på slik overforbruk, spara og så over på eit kolossalt overforbruk heila året for for å spara igjen til jul eller ved å sløse med penger på både mat, nye klær og dyre gåver til både deg sjølv og andre ei jul og sitta på sparebluss neste jul.

Det som hjelper for familieøkonomien og som også er bra for miljøet er og leggje om vanane, året rundt . For eg meiner det skal var greit å gi både kvarandre og ungane gåver til jul, også materielle gleder.

For om det er å spara penger som gjelder så er det ikkje alltid at aktiviter som kino, konserter, teater blir så mykje billigare, alt etter kva du bruker på gåver selvfølgeleg, men det er apsolutt verdt å invistera i TID i saman.

Å gi ungdomen bærbar pc eller mobil er ikkje tull. Då dei kan gjæra lekser, læra masse nye ting, ha kontakt med vener eller finna venner.

Det som er tull er å ein ny mobil, pc eller anna kvart år.

Ein anna ting som er tull er når gåver havner i søppla, har du verkeleg ingen glede av gåva, kan du gi den til nokon som har det. Med dei 5mill nordmenn skulle gjort det same forstår ein at det ikkje er bra for miljøet heller.

 

Spre varme og glede

Om både me vaksne og ungane bruker mindre gjennom året kan me med bruka litt penger på glede i jula på til oss sjølv og andre, utan å sløsa.

Ei gåve under treet med hilsen frå ein du ikkje har sett på lenge eller ser kvar dag.

Eg meiner at ei merksemd frå ein viktig person er viktig.  Prisen skal ikkje var viktig, då meininga med jula er ikkje å «bli rik», men å spre varme og glede..

Så er det heller ikkje så farleg å gi nokon noko dei ynskjer seg dersom det vil glede.

Kos deg med julegåve handelen, entan du gjer det på den eine eller andre måten.

Elin

 

Flott med lang førjulstid

#jul #norskjul #førjulstid

For tida koser eg meg i førjulstida med julafilmar. Julafilmar er noko av det viktigaste for god julestemning og det er noko ekstra julamagisk med å sitte klar når filmen kjem på fjernsynet.

November er for meg starten på førjulstida, då kjem det julafilmar på fjernsynet, julareklame og småstart på innpakning av julepresanger som allereie er kjøpt inn..

November verte for meg nedtelling til desember ( som går så alt for fort)

Jul starter i desember og då er det så mykje som skjer av avslutningar her og der, grøutfestar, julabord, julashopping +++ at ein nesten må starta med litt av forberedelsane til jul i oktober/november..

Men eg er tydeligvis ikkje åleine der ..

» nei oktober er ikkje tidsnok, eg starter i september.»

«Å nei» seier ein annan «eg må starte i august»

Og nokon starter julegåvekjøpet i januarsalget

Det går så fort at me må ta oss tid til å kosa oss før julestria slår til for fullt ..

Eg ynskjer at huset skal væra nokså ferdig julepynta til desember slik at eg kan nyte å å stå på eit pynta julakjykken å baka kakemenn, sitta i ei julastova om eg skal pakka inn gåver eller får eit pusterom i en hektisk julemånad når det plutseleg kjem ein god julafilm.

 

 

Drikk ein cola, ligg på benken og et ein seigman og du ligger sansynlivis død i morgen !

 

oubt0

Er så utruleg lei dette perfekt og sunnethysteriet som mange har om dagen ..!
Aldri et godis, aldri et sukker eller salt, aldri et pommefri eller pizza, eller lyst brød aldri ligg og slapp av på benken, et aldri ferdig mat, adlri alkohol, aldri snus, aldri sitt oppe seint, spill aldri nettpoker.
Det er greit at dei overnevnte tinga er usunne ting og mengder av dette ikkje er bra for deg i lengden , men det må var låv og unne seg eit glas sprite eller to i helgen og spille nettpoker ein gång i blandt?
Nei, du skal spise sundt, sundt sundt, og trene, trene ,trene og – abb abb, ikke sitte ned, trene! I Media er det tusenvis av «eksperter» som skal fortelja oss korleis me skal leva livet vårt eller ikkje leva livet og alle vet sjølvsakt best.

41313_425297792591_35818_n – Kopi
Til og med sunn mat skal ein halda seg vekke i frå
Nokon vil at me ikkje skal eta frukt , nokon meinar ein aldri ska eta tomat , nokon potet,Nokon meinar at me aldri skal eta brød, andre pasta/ris og gulerøtter osv ; men kva er det igjen då?
Det å informera om kva som skjer med kroppen og psyken om du gjær for mykje av det som»ikkje er bra» eller spiser for mykje av denne usunne maten er heilt greit , men heilt ærleg det er forskjell på å barbera seg og skjæra av seg haka!
Så det å eta moderate mengder av det som er såkalt «farleg» er ikkje så farleg som det å eta dette kvar dag/ fleire gånger i veka og kva me skal eta og kordan ein skal leva liva sine må kvar enkel få velga sjølv og det er ikkje slik at dei fleste av oss trenger eksperter som fortel oss kva som er sundt og kva som ikkje er det .

DSCN1878
Sjølv har eg ein klar regel for meg sjølv aldri brus , godis og snack ,jo

Vatn!

Vatn!

inni mellom, men aldri i vekene. Eg har eit fokus på å ete sund og variert mat frå bunnen og for i meg fem om dagen, eg trener og går turar kvar veke, men i helgene unner eg meg litt kos og sitter oppe seint , i selskaper et eg kake og har mine dager eg ser tv og slapper av.

308943_10150288042687592_1351117669_n
Min personlige meining er at det ikkje er farlig og eta pizza eller snop, men mengden du får i deg. Og det er det også det mange andre ekspertar meinar, for me har ei helse å ta vare på ,men gjelder også den psykiske helsa og da skal me innimellom eta usunn mat som smaker godt og gjør oss glad,men alt med måte! 🙂

Pizzabuffet på Astor i København

Pizzabuffet på Astor i København

Slik lagar du herleg kaffi .. Heima, utan avansert utstyr

Kaffi med kardemommestrø

Kaffi med kardemommestrø

Det er sundag kveld eg sitt foran fjernsynet og koser meg med ein god kopp iskaffi med jordbærsmak NAM!

Kaffien har eg laga sjølv og eg elskar å eksperimentera med smaker!

Kaffien har eg laga sjølv og eg elskar å eksperimentera med smaker!

Eg er svært glad i kaffi, fyrste gång eg smaka var eg 13/14 år og var i lag med syskenbarnet mitt på Peppes Pizza Bryne, ho hadde fått smaken på kaffimokka og lokka meg til å smaka, etterpå var det tradisjon for oss og gå på kaffibar når traffs for å kjøpa kaffimokka.

Seinare blei eg meir og meir glad i kaffibar og er glad i å variera i alle dei forskjellige typane, men det det å gå på kaffibar kan bli dyrt i lengden og det blir berre dyrare, det er svært synd.

For når det å gå på kaffibar og kafè generellt skal væra så dyrt i dag då kan ikkje dei som tenar anminneleg eller mindre, treffa folk og væra sosiale rundt eit kafebord, med ei kaffikopp eller te, god mat osv utan at ein må ut med kanskje tilsamans fleire hundre kroner då kan dei ikkje gå ut så ofta.

Berre på mezzanin på M44 Bryne ( der går eg aldri meir) har dei fleste kaffiane stege 20 kr berre på få år!!

ja, då er det bra at ein kan laga til noko tilsvarande heima.   

Slik går du fram:

Du treng:

  • Vanleg kaffetrakter + den filterkaffien du liker best, det treng ikkje vara noko dyr type for at det skal vara godt
  •  Smakstilsettninga du ynskjer Feks. Vaniljesaus, jordbærsaus eller syltetøy, sjokoladesaus, karamellsaus osv, du kan også finna på noko sjølv.
  • høge kaffiglas + lange kaffiskeier viss du ynskjer
  • Krem om du ynskjer
  • Krydder om ynskjeligt, f.eks Kanel eller kardemomme (anbefales, er veldig godt)
  • Sugerøyr
  • Melk

Kok opp kaffi, om du ynskjer kan du laga iskaffi eller kald kaffi då ventar du berre til kaffien er kald, eller er det noko du kan gjera med kaffien frå i går som ellers ikkje er så god kald, men blir dritgod når du lagar iskaffe av den. Skal du laga iskaffi? hugs isbetar + iskald melk!

Fyll litt smak i botn, det du ynskjer så fyll du på med kaffi (kald eller varm) den mengden du ynskjer, fyll så opp resten med melk, men viss du skal ha krem på hugs å ha plass til den. strø så litt kanel eller kardemomme, evt sjokoladestrø. SMAK!

Håpar du likar det !

DSCN3796DSCN3792

 

 

 

 

 

 

 

Komletorsdag = Komlepizzafredag!

Når ein bur i Rogaland er ein blitt vant med Komletorstag, det er mange som vil ha komle kvar einaste Torsdag, gamal tradisjon i mange år som ein trur byrja for og feira at det snart er helg, men har du prøvd Komlepizza?

Det har du kanskje ikkje. Her har du fremgangsmåte :

Mitt forslag er å bruka grov pizzabotn, kanskje toro sin du blander med vatten ( min favoritt) Du kan baka botn sjølv eller kjøpa i butikken.

Skjer opp komlebetar, pølse betar og baconterninger. på Botn smørar du ketchup.

Ha inngrediensene og selvfølgelig ost.  Håpar det smakar! Helsing ElinF

Komlepizza ;)

Komlepizza 😉

 

 

Halda deg skønn i sommar! Tips av ElinF. :

klikkher for fleire bileter til dette innlegget : http://elinf.bloggnorge.com/?page_id=125&preview=true

Blomster spring ut, fuglane syng og sola skin …

Det er vår og me byrja og gleda oss til sommaren.

Her nokre tips til dei som vil stella seg litt ekstra i sommar.

  • Beskytt huda di med solkrem, skjølv om du har mykje pigmenter ( då kan du om du ynskjar bruka ein med låg solfaktor).  For mykje soling utan solkrem kan du få tørr og irretert hud av og tidlig aldring av huda. 

Det er også lurt og beskytta huda med tanke på hudkreft og føflekkreft.  Rådfør deg med ein som jobber i butikken  og finn den solkremen som passar deg. utvalget er stort  J

(liten ,høg fakor, dyre eller billigara merke, med tan osv) 

Det er også lurt og bruka “after sun”  etter at du hat vert i sola. J

  • Bad i sjøen i sommer (om det ikkje er for kaldt :p ): saltvatnet er bra for huda di og for håret ditt.  Huda vert rensa og håret blir skinnande.  Har også lest at det veks snarare.  Dersom du badar mykje i saltvatn i sommar, held du huda di fin heile sommaren. Om du har psoriasis, eksem, sår, kveser eller anna hudproblem er sjøvatn  bra. gjer hol på kvesa eller på eit sår så blir det rensa.
  • Sia huda kan verta tørr er  det lurt og bruka body lotion av og til. Her er også utvalget stort, men eg anbefaler og bruka ein heilt enkel parafymerfri variant. Skjølv liker eg ikkje og bruka alt for dyre body lotionar. ( Og det  stemmer ikkje alltid at alt som er dyrt er det beste. )Billig er også bra!.
  • Det er også lurt og bruka noko på lippene som enten  beskytter  for sola eller fuktigheitsgjivande. eller begge deler.

Sminke:

  • Eg anbefalar og ikkje bruka mykje sminke om sommaren. Dropp Eyliner, brunkrem, grunnlagskrem, sterke leppstifter, rouge, osv, spesielt alt på ein gång. Då skjuler du naturlige vakre gløden sommaren gjir deg! J   
  • fotoElinF

    Om du skal bruka smike er det fint med augenskygger med fargar mix noko som du synest er fint samen som passar deg og augene dine, og ein lipgloss som er fin til, ver kreativ!

Om du skal ha mascara anbefaler eg ein vanfast ein om du skal bada, men berre på den augnavippa oppe. Det treng ikkje vara det dyraste på markede for og vara bra.

Det er også fint og bruka blanding av friske fargar på neglene både på tåneglene og fingrane. 

klikkher for fleire bileter : http://elinf.bloggnorge.com/?page_id=125&preview=true