Kvifor bruker ikkje folk butikken?

#bruknærbutikken #brukbyendin #brukbutikken #jul #noreg #norge #norskjul

Kva tenker eg på? spør Facebook
Så var eg her igjen.. eg går i forretning etter forretning og ser etter julasengsett, men kor finn eg dette? i kvar butikk eg går er alle sengsetta like om det er Kid, Spar kjøp eller Princess.

 

Eg var eit par veker sidan inne på Kid og fann ikkje julasengsett, leita og leita. Eg fann noko sengsett, men det som blei kalt julasengsett fekk meg ikkje i julastemning.
Likt er det om eg går i ein annan butikk. Same mønster, same farger. Alle butikkane sel gardiner, tepper og sengsett som ser nokså like kvarandre uansett kor eg går.

«Eg beit merke i denne blusen, den var tydeleg «inn» i år og det var nok mange julebord med damer med slik bluse, der fargen og storleiken på blomstene var forskjell, elles ganske like.»

Det tar meg tilbake nokre år når dei julemønstrane som er inn i år var nokså like julekleda som var inn det året. Eg leite etter julegåve til min søster, blusar og festantrekk i friske farger. Eg leita og leita, men kor eg gjekk var festantrekka for damer mørkoransje, mørkblå og mørkgrøne, ensfarga. Uanset kor eg gjekk var det likt, like mønster og like fargar.
Alle desse klesbutikkkjedane hadde ein ting til felles, ein mørk bluse med store blomster. Eg beit merke i denne blusen, den var tydeleg «inn» i år og det var nok mange julebord med damer med slik bluse der fargen og storleiken på blomstene var forskjell, elles ganske like. Når eg kom til Fretex fann eg mange fine klede, etter å ha leita på heile Kvadrat og heile Maxi Sandnes og berre funne like klede i alle butikkane.

Eit anna år var det tross av at det var jul, umogleg å få tak i raude bluser og kjolar då dette ikkje var inn det året.

Mange mennesker = mange forskjellige smaker og stilar

Kvifor er det slik? Kunne ikkje butikkane heller ha kvar sine stilar heller? Me er tross alt snart inne i 2021 og så greit inn i framtida at ein bør tenka litt lengre en at me forsatt skal alle holda på og selga produkter kun etter kva som er inn. Ein kunne solgt litt varer som var inn no i tilleg, hatt litt utval. Ein butikk kunne solgt sin stil og andre sin stil.

Kvar butikk kunne hatt forskjellig stil, i staden for at alle fylgjer same mote, alltid.

Eg blir litt lei av å gå i butikk etter butikk og sjå på dei same fargane. Me er jo så mange folk her og alle har sin smak. Når det kjem til jul har mange den same smaken som meg og me vil ikkje byta ut julå vår etter det som er inn.  Me vil pynta med det me liker, som gir oss glede..

Eg vil avslutta dette innlegget med ein viktig beskjed. Dei vil at me skal bruka butikkane, men dersom alle buttikkane alltid er fyllt med like ting i same mote medan anna ikkje er å finna i butikken, må me gå på nettet.

I mellomtida må eg nok venta med å gå i butikken og handla julasengsett, slik som sist gång tradisjonsrike mønstre med snø og nissar som gir meg julastemning, ikkje var på «moten». Den gången var det bare gull,sylv, englar og stjerner å finna på julasengsetta og/ eller gråtonar.

Ha god jul og sov godt!

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *