Haustkos, mørketid og Allehelgen

#Halloween #allehelgen

Halloween for oss er av og til full pynting, mat og fest med masse vener, andre gånger blir det ei stille og roleg feiring utan stora pyntinga og Halloweenfestane me bruker og ha. I år er det roleg makert med litt halloweenkos i gjennom oktober litt feiring med vener, aftå.

«Halloween treng ikkje vara                                                                                              meir skremmande en du lager sjølv.«

Ein årsak kan vere at det ennå ikkje er lika stort ennå som f.eks påske eller jul. Samtid varer feiringa lenger og lenger, h,eldigvis. Når var lita var det den eine dagen og det var mest fokus på masker og «knask og knep».
Så blei det litt Halloweenfester med vener og familie Lørdag nærast Halloween.
Eg meiner Halloveen er viktig, det bryter med den mørke hausten. Ein må ha noko å sjå fram til eller bruka tid på som f.eks laga ting
eller mat for årstida og pynta med lys o.l. dersom ein synest hausten er trist som mange gjer.
Eg for min del gler meg over hausten, over fargane i naturen, varme drikkar og ikkje minst Allehelgen.

Nå er det Halloween meir eller mindre heile oktober. Eg er glad for det, fordi det blei alt for travelt når det berre var den eine dagen og folk ikkje visste f.eks kvifor ein halloweenfest dei skulle på eller kven dei skulle be på fest når nokon ville ha det så skremmande så mogleg og andre ikkje likar dette.
Nå kan du gå på fleire festar og stelle til fleire festar. Ein kan nytte heile månaden til å gjera kjekke ting som høyrer høgtida til, som å bake, pynte, laga mat og gå på fest ein dag, ha filmkos ein annan dag.

Ein kan gjer som ein vil, det er viktig. Det treng ikkje vara noko fokus på skremming og masker om ein ikkje vil. Ein kan invitera vener over på hyggeleg lag i Halloween stil om ein vil, tenne lys og sjå film eller baka.
Borna har meir variert utkledning også nå om dagen en før, dei kler seg som bamsar og dyr eller andre ting.
Halloween treng ikkje vara meir skremmande en du lager sjølv.

Det viktigaste er å kosa oss med folk me er glade i rundt oss.

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *