Norsk uteliv del 2- aktivitetar ute på byen

 

Som ein fortsettelse på innlegget om utelivet i Noreg vil eg skriva litt om kva type aktivitetar som det burde arrangerast i utelivet for å sosialiserast meir

Mange sitter åleine,men utelivet lokker ikkje alle ut det kan eg forstå. Mange vil vara sosiale og kose seg meir med andre det er lite å finne på ute på byen i Noreg samanlikna med andre land.

Byane og mange pøbar er fulle med festglade nordmenn. Sjølv om det er mange folk ute på byen mange stader, meiner eg me har eit felles ansvar for dei som sitter åleine. Mange pøbar rundt omkring klager over lite folk og sliter med å få det til gå rundt økonomisk samstundes som mange sitter åleine heime.

Om du ikkje har lest det fyrste innlegget finn du det her:

Her er noko av det som kunne arrangeres som ein del av eit meir variert og spanande uteliv.

• Drikkelek
 • konkurranse
 • Film med ekstra lydeffekter
 • Tema kvelder, evt. med utkledning og mat
 • buffet
 • pøb til pøb med oppgåver og rebus
 • Talent/ humor / underholdning konkurranse med påmelding og utslåing premi til vinner.
 • Karaokekonkuranse
 • conga
 • striptease / poledans / burlesk
 • «hvorfor det» lek med vanlige folk på scenen.
 • Drinkoppskrift konkurranse
 • revy/ humorshow/ talentkonkurranse som alle kan melda seg på å bli med på

Forslag til drikkeleker.

Drikke / festeleker:

 • spørsmål og svar lek
 • beerpong
 • danseleken
 • stolleken
 • sitte fanget lek. Ein person seier» alle som.. ditt eller datt «kan sette seg ein plass fram, men ikkje om dei har nokon på fanget.
 • Lang rekke med klærnå lek
 • paring med ballonger
 • mimelek
 • Datelek, spørsmål besvares og andre oppgåver. Deltalekerane ser ikkje kvarandre. Vinnerane får premier DATE FOR TO.

Sommer aktiviteter:


 • To lag i rekker, ballong festet til rumpa, personen bak skal sprekke ballong kun med å klemme/ presse kroppen. Fyrste lag med alle ballonger sprukket, vinner. (Kva heiter denne leken)
 • bål og musikk ( spidding av pølse, pinnebrød, marshmallows)
 • lang rekke med klærnå
 • vannkrig
 • bobbledisko / skumparty
 • conga i sentrum eller gå lange rekka med trubadur fremst og plukke med opp folk og så inn på pøben..
 • Badetøy konkurranse for alle ( humoristisk)
 • wet t-shirt konkurranse seriøs eller morsom der folk kler seg ut og skaper seg.

Når me ser på film og fjernsyn foregår det så mykje meir spanande i gatene og på pøbane i andre land, noko er også for heile familien. Konkurranser med premier er vanleg og folk gleder seg til årelege karneval, talentshow og konkuranser, ofte sesong relatert.

Er nordmenn sløvare på dette området eller står det på initiativ?

Har du forslag til kule konkurranser, partyleker eller andre aktiviteter å ha ute på byen?

Haustkos, mørketid og Allehelgen

#Halloween #allehelgen

Halloween for oss er av og til full pynting, mat og fest med masse vener, andre gånger blir det ei stille og roleg feiring utan stora pyntinga og Halloweenfestane me bruker og ha. I år er det roleg makert med litt halloweenkos i gjennom oktober litt feiring med vener, aftå.

«Halloween treng ikkje vara                                                                                              meir skremmande en du lager sjølv.«

Ein årsak kan vere at det ennå ikkje er lika stort ennå som f.eks påske eller jul. Samtid varer feiringa lenger og lenger, h,eldigvis. Når var lita var det den eine dagen og det var mest fokus på masker og «knask og knep».
Så blei det litt Halloweenfester med vener og familie Lørdag nærast Halloween.
Eg meiner Halloveen er viktig, det bryter med den mørke hausten. Ein må ha noko å sjå fram til eller bruka tid på som f.eks laga ting
eller mat for årstida og pynta med lys o.l. dersom ein synest hausten er trist som mange gjer.
Eg for min del gler meg over hausten, over fargane i naturen, varme drikkar og ikkje minst Allehelgen.

Nå er det Halloween meir eller mindre heile oktober. Eg er glad for det, fordi det blei alt for travelt når det berre var den eine dagen og folk ikkje visste f.eks kvifor ein halloweenfest dei skulle på eller kven dei skulle be på fest når nokon ville ha det så skremmande så mogleg og andre ikkje likar dette.
Nå kan du gå på fleire festar og stelle til fleire festar. Ein kan nytte heile månaden til å gjera kjekke ting som høyrer høgtida til, som å bake, pynte, laga mat og gå på fest ein dag, ha filmkos ein annan dag.

Ein kan gjer som ein vil, det er viktig. Det treng ikkje vara noko fokus på skremming og masker om ein ikkje vil. Ein kan invitera vener over på hyggeleg lag i Halloween stil om ein vil, tenne lys og sjå film eller baka.
Borna har meir variert utkledning også nå om dagen en før, dei kler seg som bamsar og dyr eller andre ting.
Halloween treng ikkje vara meir skremmande en du lager sjølv.

Det viktigaste er å kosa oss med folk me er glade i rundt oss.

Å lære å leva for seg sjølv

Eg trur ikkje alle har like vondt av å leve for seg seg sjølv.

Ein kan koma oppi andre perioder eller augeblikk der ein må vara åleine igjen, då er det å kunne underholda seg sjølv ein fin ting.

 

Til deg som  elles er vandt med å ha folk rundt deg ..  kroppen vår har godt av å kjeda seg, det er sundt. Tenk på alt det som er posetivt.

Du for kjenna på kjennsler du ikkje har kjent før, du får læra deg sjølv å kjenne, du er kun fysisk åleine,  du får gå å gleda deg til å treffa dine, du kan gjer ting du elles ikkje har tid til f.eks, meditasjon, væra kreativ, chatting, dataspel etc, du kan få balansera ditt indre deg, samla tankane, skriva dikt, sangar, dagbok  osv.

Å vara åleine kan vera fint, i verfall når det er for ein liten periode.

 

 

Å vera heilt åleina, alltid.

Ein del folk sitter åleine heile året. Å få koma seg ut den lokale puben eller middagar med vener er for mange ingen sjølvfølgje.

Det er liksom det dei er, åleine. Alltid.

Det er mange grunnar til at folk blir einsame og det kan skje av hendingar i livets løp. Å finna vener vaksen alder det ikkje lett for alle.

Å vara einsam må mange vaksne slita med og ein kan bli deprimert av slikt.

 

Eg trur at mange av dykk som er vande med å ha lag, vera med venner, sosialiserast fast i helger eller litlelaurdag osv. har godt av å kjenna litt på korleis mange dessverre har det i sin kvardag.

For dykk som er vande med å treffa folk på puben og eller treffa nokon å snakka med over ein kaffi, kan treffa sine faste sosialiseringskompisar når dette er over. For dei andre er det dessverre likt resten av året, som under Koronatida.

Mange kan ringa, chatta og skypa med familie og vener, andre har ingen å ringa til heila året.

Så dei som ikkje har fått treffast på den lokal puben om dagen er ikkje dei eg synest mest synd på i desse dager, sjølv om eg forstår godt at dei taklar det å væra einsam verre en dei som er vande med det.

Mange kan gleda seg til å treffa sine når dette er over, nokon har ingen å treffa då heller. .

 

 

 

 

Hausten er komen og frukta med den . .

hausten er ei fin tid
Det mørknar sakte og stille, dei fine fargane , halloween , der går i mot vinter og jul..
Noko eg likar aller best med hausten er den deilige frukhagen heima på Bryne.
Bringebær, stikkelsbær, solbær, epler og pærer og meir .. i år bugna det med bær. Me har har plukka og plukka, gitt vekk, frøse ner og laga jus.
i helga laga eg og syster mi Elisabeth råsaft av epler og pærer.
Me tilsett ikkje noko som helst, ikkje sukker heller
Denne safta / jusen smaker så friskt og det kan ikkje verta sunnare en dette.

 

Her verte frukta pressa til jus

 

 

 

 

 

 

 

Dette smaker nydeleg.

Huset luktar så godt når ein held på med slikt. Lukta av haust set seg liksom i huset då..

Klar til siling på gamle måten..          

 

 

 

 

 

Å sila det på denne måten gjer at safta blir endå tynnare. me brukar ikkje alltid å gjera det, men av og til når ein har litt tid til overs lager med dei to typane saft med og utan noko fruktkjøtt.

Fornøyd med storleiken på epla i år . .

 

 

 

 

 

 

 

Har frukt og grønt i hagen? Kva lager du? Nokon faste tradisjonar?

ElinF.

#råsaft #eplehagen #haust #eple #pære #epletre #pæretre

 

Eg er ein evig optimist!

Det betyr ikkje at eg alltid tenker -Ja, Så klart og tar på meg umoglege oppgåver med det same utan å stille spørsmål, men eg stiller spørmål med ein plan om å løysa oppgåva og ikkje grev meg ner i dei kritiske spørsmåla som ofte tammer posetiv tankekraft.

 

Eg tenker aldri – Dette er umogeleg, korleis skal eg/me få det til. Eg tenker – Dette kjem til å varta vanskeleg, korleis KAN me få det til, Kva er det aller fyrste (muse)steget eg må ta for å nå det målet eg har sett meg. Når det er teke, tek eg det der i frå ..

 

 

 

Ny blogg, nye muligheter

Hei.

Javel så ska eg skriva mitt fyrste innlegg i min fyrste blogg.

Her kommer eg til og skiva litt og litt om kva eg meiner om ting rundtomkring. 

Og eg håper at mange leser det eg skriver og ikkje minst håper eg at nokon liker det eg skriver òg.

også håper eg på at nokon komenterer det eg skriv av og til slik at eg ser

at nokon leser, forstår og har ei meining om det eg skriv. ;P

Javel ..så snakkast me kanskje seinare 😉