Eit nytt liv utan minne

Nordisk filmanbefaling

Mannen uten minne, FIN

Dette er ein fin fortelling om ein mann som mister hukommelsen etter overfall i parken. Nå må han starta eit nytt liv då han ikkje hugsar noko om seg sjølv eller kvar han kjem frå og dette med to tomme hender og utan pengar.

Mannen møter både gledar og konfliktar i det nye livet, Korleis går med dei bekjentskapa i det nye miljøet på søppelplassen der han nå må bu? Kva skjer når han finn interesse for ei frivillig arbeidene i Frelsesarmeen? Kva utfordringar møter han og korleis taklar han dei?

Det er mykje som skjer i hans nye liv og denne dramakomedien er verdt å sjå for ein roleg og fin kveld på sofaen.

Skodespelet

Finnar er annleis skodespelarar enn nordmenn, dei tolkar rollar generelt strengare/stramare og tolkar denne historia på ein heilt anna måte enn om ein slik film var laga i Noreg.

Dei er traustare som folk og har generelt litt mindre ordforråd og difor passer rollane perfekt. Hovudrolleinnehaver Markku Peltola får fram sårbarheita og motet til denne hovedperson på ein god måte og medskodespelarane er med å dra oss djupt inn historia med rollane som visar både medkjensle, vennskap og ekte frekkhet mot mannen i hovedrolla.

Produksjonsår er 2002

Denne fIlmen kan du no sjå gratis på Rakuten TV og skal være tilgjengeleg på Netflix, SF Anytime, Google play og kanskje andre stader.