Nordisk filmanbefaling
Hævnen -DK
To gutar frå forskjellige verder treffast og utviklar eit unikt venskap i dette dramaet frå 2010. Me blir drokne inn i ei historie som heile tida gjer oss nye spanande episodar.
Dei to gutane ( Markus Rygaard og William Jøhnk Nielsen) har eit utruleg godt samspel og ei innlevingsevne som dreg oss med inn i deira smerte, glede og ikkje minst utforskande væremåte. Vi får bli med på dei mange spanande og skumle opplevingane dei har saman i løpet av filmen.
Christian si mor er daud, Elias har ein far som reiser vekk i lengre periodar for å arbeide. Dei båndar med ein gong dei møtast og saman vikler dei seg både inn og ut av problemer. Kven er det som utsetter dei for kva problemer? og planane dei har for å hevnast er kanskje godt over grensene..
Andre medvirkande er bla. Trine Dyrholm og Mikael Persbrandt.
Denne filmen kan du strømma på Viaplay, YouTube, Appel TV, Google TV.
