Billige kaffear

Eg skulle ynskje det kom meir folkelige og koselige kafear som selde enklare og billigare mat.
problemet er at mange vil driva flotte spisestader med dyrare mat, men me kan ikkje berre ha flotte kafear og spisestader.

Ta jærbuen som er enkel der ynskjer mange å koma seg ut på ein kafé og drøsa med kjente og er ikkje ute etter storflott mat.

I dag selger dei ostefat og flotte salater med brie. Det er greit nok ein gong når me vil kosa oss litt ekstra, men me er av enkle folk og har ikkje lyst å flotta oss med dyr mat fleire gonger i veka.

«Meir enn ei skjeva» på Bryne torg.


Kvifor er det ingen enkle kafear lengre som sel alminnelig mat, enkle smørbrød, billigmerke kaffi
og ikkje verken storflotte mokka og ostekaker med fleire lag som bugner over med pynt og roser, italiensk selskapskaffe eller rekesmørbrød på gourmetloff, ein haug med håndpillede reker og masse sitron og anna pynt som mange hiver av.
Eg ynskjer meg almineleg kafe som selger brownie og langpannekaker, enkle små kakestykker i 20/30 kr klassen, billigkaffi og vanlige rundstykker i samme prisklasse og enkle litt mindre smørbrød med billigere ingredienser frå 40/ 50 kr klassen. På Bryne torg finn ein » Meir enn ei skjeva» som er ein av få slike koselege kafèar.

Rekesmørbrød kan ha meir av andre ingredienser som fiskepudding og crabstick evt. også reine crabsticksmørbrød. Dei kan bruka billigare råvarer, laga maten enklare og selga det billigare
og trenger ikkje bruka masse penger på dyrt moderne interiør og designer møbler.

Mange av oss ynskjer å ha ein møtestad ein kan drøsa. Det er ikkje alltid nødvendig med brasiliansk selskaps kaffi eller storslåtte mokkakaker.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.