Min barndoms Halloween!

Når eg tenker på min barndoms Halloween vekker det mange minner..

Eg er vokst opp på ei tid der Halloween var noko nytt. Fyrst høyrte me berre om det, såg det i filmar og begynnte å hørre om litt folk her heima som feira det.

Då mi syster som er ein del år eldre en meg gjekk på ungdomsskulen snakka nokre om Halloweenfeiringa dei hadde hatt den helga og dei aller fleste i klassen hennar visste ikkje kva det var.

Nokre år seinare gjekk eg på barneskulen og me hørte meir og meir om Halloweenfeiring her og der.

På den tida gjekk det veldig fort frå kun høyra om det til me få år seinare feira det fast heile familien med venner og god mat.

Og ein stad i mellomtida var det slik at me ikkje feira Halloween, me gjekk Halloween.  Me kledde oss ut kom heim med godter og det var det. Mine foreldre var som aller fleste foreldre skeptiske til denne nye tradisjonen «frå  Amerika» som alle inkludert meg sjølv, trudde Halloween opprinnelig stamma frå.

Slik starta vår Halloweenfeiring

Som tidlegare nemnt var det vanliga å gå Halloween på den tida, men på skulen vart eg mykje mobba og fekk ikkje alltid vara med dessverre. Det var då mor mi bestemte seg for å invitere vener og familie til Halloweenfeiring. Det blei tradisjonen.

Då hadde me god mat, pynta huset ( og mengden halloweenpynt auka med åra), gjester og mykje latter og glede.

Min far begynte overraskende å kjøpe gresskar til oss år etter år..

Å kle seg ut var frivillig.

Lyste opp mørketida

For meg blei det noko me såg fram til år etter år. Ein hyggeleg tilstelning å sjå fram til midt i mørketida.

Å gå å gleda seg, forbereda til Halloweenfeiring, handla litt pynt og evt sminke OL. var med på å gi glede.

Her er eit av dei fyrste åra me feira Halloween. Her går me tur på hyttevegen med masker og lykter. Rundt år 2000.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.