Her har du videoen og blogginnlegget finn du under videoen!

Øksnevadskogen er ei naturskjønn oppleving på Jæren rett ved Øksnevad VGS. Denne turstaden har ikkje noko tydleg turløype, men har lengre eller kortare rundar å velge i og du kan om du ynskjer ta ein lengre tur på kryss og tvers stiane i mellom. Ein kan også gå rundt i skjølve skogen og oppleve ulike skogsområder og eventyrleg natur som etterkvart ikkje føles som same skog som me byrja turen i.
Parkering ved Øksnevad vgs eller gardsutsalget. Ingen toalett, ingen søppelspann heller ikkje ved rasteplasser/ gapahuk, men kan hende det er nokon søppelspann ved eller til og frå parkering til småsøppel, men til større ting skal du ha med avfallspåsar.



Naturopplevinga her er allikevel så flott og unik at det bør opplevast. Kle deg til ulikt terreng, fottøy som tåler fuktighet, sittjeunderlag, mat, tørkepapir, avfallspåsar og andre ting du kan få bruk for her kan det fort gå nokre timar.
Øksnevadskogen får sterk firer.
