Det finnes to mennesketypar eg ikkje kjenner meg igjen i (eller forstår skikkeleg) når det kjem til kjærleik. Den eine brukar mykje tid på å jaga eller leita etter nokon å var i lag med slik at dei ofte presenterar ny kjærast og har mange kortvarige forhold, den andre flyktar kvar gong dei kjenner noko spesielt for nokon eller dei har god kjemi med ja til og med ein person som er ekstra spesiell og får djupe kjensler for..
Den som flyktar
Av redsel for tap av fridom..
Om du ikkje meinar sjølvrådigheit som er å ikkje lenger få bestemme alt sjølv lenger, men ei faktisk kjensle av å miste fridom slik som f.eks. i eit fengsel er du kjærast med feil person. Det same gjelder om tanken på å ikkje ha full sjølvrådigheit er verre enn å ikkje ha nokon spesiell i livet ditt.
Om du treff eit fint menneske som du kunne vore i forhold til , men fortsatt kjenner at moglegheita til å ha full sjølvrådigheit veg høgst er det ikkje sikkert dette er rett person eller kanskje det ikkje rett tid. Det kan også var redsel, hjernen din som leiter etter ei grunn å flykta.

Grunnen til at eg ikkje kan forstå denne mennesketypen heilt er fordi eg føler at me i utgangspunktet ikkje skal gå inn i forhold med eit fint menneske du kan var i forhold til då eg tenkar at det er då denne vonde kjensla av å miste sjølvrådigheita fort kan komme snikande eit stykke inn forholdet.
I mitt hovud skal me ikkje gå inn i forhold før ein har funnet ett menneske me ikkje kan leve utan. Det er då ein kjenner på større tap av fridom av å ikkje få var i saman med den me er ordentleg forelska i. Sjølvsagt må me leggje vekk litt kvar av sjølvrådigheita vår begge to om me går inn i forhold til nokon me elskar høgt, men me vil merke at me får så uendeleg mykje meir igjen enn med nokon du berre likar godt.
Det tek meg over til den andre typen eg heller ikkje forstår heilt, men som eg motsetning til den over nestan alltid har visst om eksisterte, er nemleg den som «jaktar» på kjærleiken. For med mindre du synes det er spanande, så forstår eg ikkje dei som gidder dette tross i at dei klager på dette (eller på mannfolka/ Damene).
For meg ser eg ikkje poenget i å date eller møte masse menn ein berre klagar på. Nokon går også inn i mange korte og halvdårlege forhold med nokon som passar «på papiret» eller «det er kjemi der» då dei har så lyst på forhold NO (Helst igår) .

Her gjelder det same som over at ein ikkje bør gå inn i forhold før du møtar nokon du ikkje ynskjer å leva utan. Kjemi kan ein få med mange og kan var kortvarig og dunsta bort i ingenting, var venskapeleg eller med tida utvikla seg til noko stort og vakkert du ikkje vil leva utan. Du skal hugse på at også med kjærleik med fyrste augneblink kan det gå mange år før mange går inn i forhold av ulike årsaker. På ei anna side er det andre som uventa møter sin livs kjærleik når du er ute konsert eller ærend, blir raskt i saman og er i saman i mange fine år. Kanskje då begge var klar for forhold. Forhold må alltid byggjast på eit stabilt fundament, nokon byggjer dette i forholdet andre før forholdet.
Det er difor eg personleg ikkje vil bruke tid på å «jakte» etter nokon, men bruke tida på meg sjølv, venner, jobb og fritid. Skaffa meg meir livserfaring før eit langvarig forhold, evt. reisa og lære språk, bruke singellivet på ting eg kanskje ikkje får lika mykje tid til i eit forhold som hobbyar, egentid og egenpleie. Eg treff jo mange menn som eg pratar og blir betre kjent med på denne måten. Kjærleiken kan f.eks. koma på ein konsert og fyrst når eg treff nokon eg likar ekstra godt, som skiljar seg ut vil eg kanskje date vekommande.
Som sagt å leite etter kjærast og date ny etter ny er nok spanande for nokon, men ikkje noko for meg.
Skribent Elin Fjermestad
