kva manglar Stavanger sentrum?

Større variasjon av butikker ,alminnelige butikker

Stavanger er ein storby med mangfald av mennesker, då meiner eg det bør var eit større utval av butikkar i byen.

Det er mange forskjellige typar butikkar om ein reknar med kjøpesentera, men i sjølve gatene i sentrum er det mykje dyre klede,design og dyre interiør butikkar og mange mennesker finner ikkje noko å shoppa pga. økonomien, økonomiske vanar, smak og personlighet osv.

Me er ikkje alle i frå same miljø og likar ikkje dei same tinga difor blir mange lei av å gå her då folk som ikkje trives med desse butikkane blir skuffa når ein reiser på shopping eller julegåvehandel her og ikkje finn noko her grunna økonomi eller ulike interesser. Då trekker folka til kjøpesentera.

Noko av det ein ikkje finn i Stavanger «Alt mogleg» og hushaldning butikkar som Dollar store og Europris ol. , dei billigare klede kjedane som Kappahl, Lindex, Cubus og Spar Kjøp, morrobutikk , sexshop, diverse annleis klesbutikkar i forskjellige stilar i lågare prisklassar, jernvare/ hushaldning /elektrisk med bra utval av forskjellige nyttig og kjekt å ha( (smarte løysningar til heimen som gjer ting lettare,bmeir miljøvennleg og oppbevaring osv. ) deler til verktøy, husholdningmaskinar ol. slik at det blir mindre kasting av apparater.

Ei storby bør kunne tilby noko for alle og i ulike prisklassar spesielt også når både handelsstanden, politikarar og menneska som brukar byen ofte klager på at det er for lite folk som brukar byen.

Betre kollektivt tilbud

hadde lettare kome seg hadde våre nokon få enkle grep hadde blitt gjort i den kollektive transporten. Billigare, billettar, lettare å betale med kontantar også utan gebyr og fleire avganger kveld /natt spesielt etter arrangement og i helgene.

Dei har arrangement i byane, på utestadene og nattklubbar, men me som bur mot Jæren får ikkje vara med på mykje av dette grunna siste tog avreise er rundt 12 i vekene og 2 tida helg. Dei burde i hatt eit par avganger til i løpet av natta og ei lita stund etter stengetid på nattklubbane i vertfall helga og i samband med slik som Gladmaten, Fjåge i Vågen ol.

Sunn mat i farten

Det lett å få tak i mat i farten både raskt og billig i Stavanger. Pølser på kiosken, snackbar mat og småretter på McDonald og Birger King er ikkje noko problem. Det som er verre er å tak i sunn mat i farten til ein god pris. Nokon kiosker og matbutikker selger eit lite utval påsmurt og salater til grei pris, men det er også eit veldig lite utval. Stort sett har den sunne maten skyhøge prisar. På McDonald kan ein få burger til 30kr og pølse på kiosk koster 20kr og grovt rundstykke med grønt, ost og skinke til 80kr, Spar har lite frukt og grønt i farten og her det blir same salaten kvar gong som er billigast.

Få snackbarar eller take away selger reine salater / varme grønsaksrettar som lite måltid eller som f.eks. tilbehøyr til ein god pris (meiner ikkje vegetar/ veganske rettar då dei ofte har vegetar kjøtt erstatning)

Eit tips om du vil ha litt sunnare mat i farten kan du kjøpa salat frå butikkar og ha attåt tilbehøyr frå ein snackbar for eksempel.

Konditori / Bakeri i vågen

Ein varm solkinnsdag er det herleg å sitje i Vågen på ein av utepøbane og nytta ein kald ei med eller utan alkohol, men noko eg saknar når er i Stavanger er å av og til nyta andre ting enn berre dei tinga ein får servert på bar. Mange eg snakkar med i det dagliga meiner det same og kunne som meg tenkt ein koseleg kafé langs kaien i Vågen i Stavanger. Sitje ute i sola evt. under ein parasoll nyta kaffi og kake, påsmurt eller bakverk. Eller kunne eta softis, kuleis, slush, shaveis, brus etc. på eit koseleg kafébord i varmen og med utsikt utover sjøen og høyra på bølgjeskvulp og lyden av måker.

Offentlige toaletter

Generelt er det alt for lite offentlege toaletter i Stavanger. Er ein på i Vågen f.eks. er det kun eit einaste offentlig toalett og er det opptatt, kø eller ute av drift må ein til Jernbanen eller til toalettet ved «dei røde sjøhus» Dersom eit anna også er ute av drift eller anna er langt mellom toaletta.

Det er også galt at det koster så dyrt å gå på toalett når me tross alt betaler så mykje skatt som me gjer og Stavanger er ein turist by med mykje utenlandske turister som har mindre pengar enn oss.

Toalettet på jernbanen burde i hvert fall være gratis for alle då dette er som navnet seier inne på ein Jernbanestasjon som i utgangspunktet burde vore gratis då mange folk legger igjen mykje penger både i kollektiv transport, bakeriet, Narvesen og tog og buss biletter er jo veldig dyrt. Så her burde funnet Løyning så toalett besøk kunne vore gratis for alle, noko toalettbesøk alltid burde være.

Også under «Fjåge i Vågen» med fleire tusen deltakarar var det eit einaste tilgjengelege toalettet for dei som ikkje er på nokon pub. ( Til og med har eg opplevd dette utav drift🙈🙈)

Enkle og alminnelige spisestader

Stavanger har mange fine restauranter med flott mat til finare anledninger og gjerne for dei litt rikare.

Det er mange forskjellige mennesker som bur og brukar Stavanger by til både kvardag og fest. Eg ser eg ikkje er åleine å sakna nokre andre stader å kjøpa enten billigare, alminneligere eller kvardagsligere mat for dei forskjellige typar menneske som finnes i distriktet.

Det kan vera seg fleire pizzabarer, gatekjøkken mat i finare lokaler( ikkje berre i boder eller små stader med litt stolar), Norsk husmannskost, og koseleg innreia stader som har fast «la carte» meny» som grillet kylling, burger og pommes frites, pizza, biffsnadder etc. Kanskje nokre stader som har både litt husmannskost og har » la carte» meny utenom slik at plassen blir for heile familien. Generelt saknar eg desse stadene som selger denne maten og » gatekjøkken» burgere og grillet kylling inne i fine koselige lokaler.

Kan også til slutt nevne noko som hadde vore bra i Stavanger er fleire sitteplassar også fleir under tak då det er mykje regnvær i dette distriktet, fleire stader å fylle vatn på flaske ( eller beger), nokre meir stader med gratis parkering, rimelige kafear med enkel servering, samt noko av det nemt over hadde endå fleire brukt byen til kvardags og folk med diverse utfordringar får også koma seg ut sosialt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.