Dei tinga eg saknar – Roxmann

Eg kan hugsa det som om det var i går, mor mi å eg går in dørene på Roxmann på Bryne. Lukta og atmosfæren kan ein ikkje gløyma.

Det var svært trist når denne tida var over for her har me hatt mange koselege sosiale stunder. Det er nestan litt rart, men eg trur faktisk ikkje me har nokon bilete her i frå sjølv om eg har besøkt denne staden frå eg satt i vogna til i vert fall ungdomskule tid.

Eg har fått dyppa sukkerbiter i min mammas kaffi og drukket kaffilatte på denne staden. Her har eg vore med mi syster og mor, tremenningar og søskenborn og kost oss med boller, brus, påsmurte herlegheiter og ikkje minst halvt horn med ost, skinka, piffi og varmt i mikroen.

Det var f.eks. fast stoppestad på shopping når tanter var besøk og det var tid for ein kaffidrøs.  Me var innom her med klassekamerater og til og med tatt ein kaffi med lærarinne på ungdomskulen.

Me har kost oss masse her oppigjønå alle år og sjølv om det er lenge sidan er rart at det ikkje er ein stad me kan stoppa opp å ta ein kaffi lenger.

Dette har alltid våre vår adventskalendertradisjon .

Heilt sidan eg har vore lita har me hatt same tradisjon, år etter år – og me held forsatt med same tradisjonen. Det høyrer liksom jula til.

Nå vil fortelje om vår tradisjon når det kjem til adventskalender .

Når eg va lita var det ein heilt spesiell ting som verkeleg ga julekjensle.

Nemleg denne adventsunda meg å søstera mi hadde i barndommen. Det var mi søster som fant på dette og eg gjekk på skulen å gleda meg til adventstunda me skulle ha når eg kom heim.

Me hadde advendtsgåver, julekaker , mandarin,  julegodter og julebrus.  Me såg på utvalde julakalendera på vhs og på tv.

Gåvekalenderen

Kvar dag opna me gåver me hadde kjøpt og pakka inn til kvarandre.  Me hadde ein viss pris sum me gjekk etter det skulle ikkje vara dyrt og flott , men billig og flott.

Me hadde meir fokus på overraskelsen og merksemda. Tida ilag og kosen var det viktigaste.  Sjølve gåva skal merkera nedtellinga til juleaftå og me ga noko frå rundt 5- 20kr dagen og ca 50 kr juleaaftå. Slik me gjer me det ennå.

Når me var små ga me kvarandre bruksting, småleker , julegodt og ting me samla på osv.  Nå gjer me likt og har kanskje byta ut smålekene med lys, pynt ol. elles gir me nokså likt. Me har kanskje ikkje adventstund på same måte, men me ser julekalendera og opner gåver.

Der gjelder å vara tidleg ute med å begynne å ha augene opne når me er i butikken.  Ein kan då finna mykje fint, enten noko som har ein billig pris frå før av, i ei hylle med varer til sterkt nedsatt pris eller i bruktbutikk.

Eg har funne så mykje fint sjølv ja, flotte varer heilt ned til 2,70 kr (før pris).  Sjølv har eg fått så flotte ting.  Smykker ol. filmar,  cdar osv. Kan nevna ein cd med julamusikken til Celine Dion ein gang og «the hot tub time machine ein annan.

Dette er ein så kjekk tradisjon som me har lyst å holde på og gi vidare til våre ungar. Spesielt denne adventstunda me hadde som små.

Har du nokon adventskalender?  Kva med avdventstradisjonar?

Ha fine adventstid.

Elin

Julakalendertida

Ein ting som gir julastemning er å tella ner til aftå med ein (eller nokon) koselege julakalendera.

Om det er ein for dei aller minste eller for heile familien kan skal ein julakalender inneholda kos, spenning og ein lykkeleg slutt.

Her har me eit godt utval å velga i mellom på DVD. Norske, danske og eit par svenske. Me bruker å velga oss 2-3 stykker me skal sjå, men utanom det er det Jul i Skomakergata og The Julekalender me må sjå kvart år (inga jul utan😅)

I år har eg også lyst å sjå Albert og Herbert, svenske julakalender med Thomas Von Brømsen og er Svenskane sin Fleksnes og modern.

Me har ein god del liggande oppe på loftet, så her er det berre å velga kva me skal sjå. Både DVDar og VHS.

Olsenbanden jr, Pakten, Hallo det er jul, Alle tiders nisse, begge Mysteriet på Greveholm, Amalies jul, jul på Sesam stasjon for å nevna nokon.

I tillegg er det litt å velga i på NRK sine nettsider også, så me skal nok få kosa oss.

Kva kalender likar du å tella ner med?

Har du noko på film? Har du tatt vare på nokon gamle du også?

Elin 🙂

 

Hausttid og skrekkfilmer

Det er haust og me er inne i den koselege tida for fyr i peisen, tende lys og god film.

Det er noko med denne tida som gjer at ein blir ekstra trekka til skrekkfilmer. Ikkje berre då det er Halloween måneden, men også det sure kalde været og vinden som bles om nettene.

Då er det akkurat passe koseleg med naturen sin eigen ekstra effekt til gode gamle klassikere av skrekkfilmer. Då får eg den ultimate hauststemninga.

 

 

Halloweenmånaden!

Heldigvis har halloweenfeiringa vorte ein del forlenga med åra..

I dag har fleire og fleire Oktober til Halloween- månad med aktiviteter nå og då, før var det så travelt då alt skulle vara ferdig til den eine dagen, i tillegg måtte ein velga blandt alle kjekke stader kor ein skulle gå den eine kvelden, eller om ein ville ha fest sjølv var det mange som ikkje kunne koma pga. dei var andre stader.

Då var det verre å velga i aktiviter, nå kan du få deg med fleire arrangement og festar og dela det utover månanden / hausttida.

Det er så godt at ein ikkje lenger treng velgja mellom det eine eller andre sjølve dagen. Me kan setta oss ner med med noko halloween snack, fyre i peisen, tenna lys og sjå ein god film. Ha ein skikkeleg koselg sofakveld ein dag eller ha eit stort Halloweenparty med alt som høyrer til ein annan dag.

Coffee corner, Klepp- Omtale

Link

Coffee corner på klepp er ein koseleg stad som eg anbefaler deg å besøka. Om du bur i nærleiken, i Sandnes eller er på ferie.

Denne koselige staden ligg rett ved vegen gjennom Klepp sentrum. Er du på langtur så ikkje ta vegen gjennom den kjedelege klepp tunnelen, ta turen gjennom klepp sentrum og ta pausen her eller ta gjerne turen her eingång sjølv om du bur litt lengre vekke fordi Coffee corner anbefales!

Her kan du lese min anmeldelse på tripadvisor:

lhttps://www.tripadvisor.dk/ShowUserReviews-g12843597-d23203057-r798691937-Coffee_Corner-Kleppe_Klepp_Municipality_Rogaland_Western_Norway.html

Coffe corner på facebook:

https://nb-no.facebook.com/pages/category/Pub/Coffee-Corner-1344423498940975/