Dei tinga eg saknar – Roxmann

Eg kan hugsa det som om det var i går, mor mi å eg går in dørene på Roxmann på Bryne. Lukta og atmosfæren kan ein ikkje gløyma.

Det var svært trist når denne tida var over for her har me hatt mange koselege sosiale stunder. Det er nestan litt rart, men eg trur faktisk ikkje me har nokon bilete her i frå sjølv om eg har besøkt denne staden frå eg satt i vogna til i vert fall ungdomskule tid.

Eg har fått dyppa sukkerbiter i min mammas kaffi og drukket kaffilatte på denne staden. Her har eg vore med mi syster og mor, tremenningar og søskenborn og kost oss med boller, brus, påsmurte herlegheiter og ikkje minst halvt horn med ost, skinka, piffi og varmt i mikroen.

Det var f.eks. fast stoppestad på shopping når tanter var besøk og det var tid for ein kaffidrøs.  Me var innom her med klassekamerater og til og med tatt ein kaffi med lærarinne på ungdomskulen.

Me har kost oss masse her oppigjønå alle år og sjølv om det er lenge sidan er rart at det ikkje er ein stad me kan stoppa opp å ta ein kaffi lenger.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.