Kor bør du gå? Kinamat, Jæren.

Det er mange plasser på Jæren å få seg litt Kinamat og det blir berre meir ser det ut til.

Eg er glad i  Kinamat og har vore på mange forskjellige stader,  derfor har eg lyst til å vise dykk dei koselegaste Kinaplassane på sør til nord-Jæren..

Eg vil ta dei fram i tilfeldig rekkefølge dei stadene eg sjølv liker best som eg ynskjer at du skal besøka og trur du skal få ei fin oppleving om du besøker nokon av desse stadene.

 

Peking Garden,  Klepp

Peking Garden ligg rett ved vegen (jærvegen) inn til Klepp. Flott kinesisk restaurant med tradisjonell kinesisk innredning.  Dette er ein plass for familien etter mi meining og me har vore her til mange anledninger frå avbrekk i kvardagen til feiring av bursdag ol. Me har vore små samlingar på to til større samlinger med langbord.  Barna fekk is gratis etter middagen noko eg har opplevd på fleire kinarestauranter. Dei imøtekommande ansatte har gjort det til ein fin oppleving kvar gång.

Wen Hua house, Bryne

Et steinkast frå togstasjonen på Bryne ligg den litle sjarmerande kinarestauranten Wen Hua House. Fin til kvardag og fest.  Her kan du gå for den hyggelige samtalen eller eit lite selskap. Maten er meget god, behagelig musikk og dei ansatte er så smilande og hyggelege. Lokala er nyleg pussa opp og eg likar godt at dei alikavel har klart å behalde den gode gamle sjarmen som er dei.

Mikado,  Stavanger 

Her har me vore ved mange anledninger f.eks ein middag midt i veka og bursdagsfeiring.  Me har vore på buffet her eit par gonger anledning bursdager og maten er utruleg god og desserten på buffeen er fantastisk. Flott utsikt, herleg atmosfære og mange nydelige kinesiske detaljer i innredninga bla. fiskedammer med fargerike kinesiske fisker. Er nok ein grunn til at me ofte ender opp på denne plassen når me er i Stavanger.

Coffee corner, Klepp

Midt i kleppekrossen finn du den koselige kafeen Coffe Corner. Eg likar at det ikkje er for moderne, men veldig koseleg med litt preg av moderne og rustikke detaljer.  Flott, lyst og opent.  Ein kan få litt forskjellige mat og middager her. Kinamaten her er blant den beste eg har smakt og det er ein forfriskande stad å nyta eit måltid eller berre ein kaffikopp med flott utsikt ut i mot klepp sentrum.

Kina steak house, Sandnes

Ein liten, men veldig koseleg og inbydane stad i Sandnes sentrum. Det er ein annleis ro her inne og skuldrene senkes. Her staden for ein date eller  venninnemiddag etter mi meining då dette er ein stad for dei fine samtalane med ein betre middag.  Ein fin fornøyelse!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.