Jærdagscomback!

Hadde det ikkje våre så oppskrytt på førehand hadde det nok vore litt kjekkare.

 

Jærdagen skal væra årets vakreste eventyr på Jæren.

Mange jærbuer viser mykje kjennsler rundt det at Jærdagen har vorte mindre og mindre for kvart år.

Jærbuen gledde seg til å endeleg få koma Jærdagen å det var herleg å endeleg få koma ner her igjen

Dei skulle slå til med eit «endå større messa» i år sa dei og derfor blei nok folk litt skuffa med tanke på at det er den minste messå som har våre 😅 Hadde det ikkje våre så oppskrytt på førehand hadde det nok vore litt kjekkare fordi då hadde folk berre gleda seg over at ein endeleg fekk koma på Jærdagen igjen og ikkje gleda seg til det folk  trudde skulle bli ei ekstra store messa.

Men supert å sjå folkaliv i sentrum igjen 😊

Ikkje slik det ein gong var

» Var betre før» seier mange, det var større, meir ting å sjå, meir og betre tilbuder. Me gjekk med så mykje at me ikkje kunne bæra fordi det var så mykje tilbuder både M44 og i gatene.

Dei siste åra har me måtte leite etter tilbuder som er verkeleg gode, særskilte jærdagstilbud.

Nå kan ikkje alt vara slik det alltid har vore, men kva med å halda på nokon tradisjonar? Det er noko med dei tinga som gjær Jærdag til jærdag.

I år var tivoliet og bilane tilbake. Sist Jærdag var tivoliet vekke og bilane saman med traktorer, maskinar, dyra og anna har vore vekke i mange år og då er det i grunnen ikkje jærdag lenger.

Nedprioritert?

Eg ser at Jærdagen blir mindre og mindre samstundes som Jærnåttå blir større. Det er trist at Jærdagen blir sløvare og må avslutta tidleg så ein stenger av gaten fordi Jærnåttå skal skal starta.

Det er trist at Jærdagen minker av allereie på dagtid og stengt tidlig på kvelden til fordel for Jærnåttå.

Mange jærbuer er lei seg for dette.

For familien

Mange må tidleg heim fordi foreldre vil på jærnåttå.

Med messene kvar sine helger kan familiane prioritera Jærdagen for ungane og koma seg på Jærnåttå ei anna helg uten at dette treng ødelegge for Jærdagen.

Jærdagen kunne vore heila helga med liv og røre frå morgon til utover kvelden med live musikk og grillmat for å nevne noko. Ein kunne bruka så lang tid ein ville uten å tenka på at dei stenger av eller fordi foreldre eller andre skal på Jærnåttå og må gå heim.

Kor kjekt hadde ikkje vore for ungdommen og kunne kost seg på kvelden med venner på tivoli, i boder og åte god mat i lag og kanskje høyrt på live musikk, noko mange lengter etter.  Når eg var yngre var me på tivoliet til åtte ni tida og ein gong hadde dei oppe heilt elleve på tivoliet.

Var Jærnåttå ein anna helg kunne ein starta tidleg på dagtid med Live musikk i gatene og inne på puber, god mat og drikke litt boder og ikkje minst boder med salg av fan-artikler, cdar ol. frå artistane som opptrede på Jærnåttå. Folkaliv med barn, ungdom og familiar på dagen og nokon stader med aldersgrense på kvelden. Konserter med store artister på hovedscenen om kvelden/ nåttå og ein mindre konsert med border å sitte på, allsang og mindre folk i eit anna lokal for dei som vil det og saknar dette.

Me er mange som vil ha Jærdagen tilbake, som saknar dyr, traktorer og kanontilbuder.  Eg ynskjer ein kunne dela opp Jærdagen og Jærnåttå slik at me kunne få to store festivaler på Jæren uten det eine øydela for den andre. Jærdagen er jo også for ungane, dei bryr seg om dyr, tivoli, ansiktsmaling, fiskedam, maskiner osv så kvifor øydelegge dette for dei?

Og kva med Jærnåttå? Korleis forsette å utvikle denne musikkfestivalen utan at det går utover Jærdagen ?

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.