Å be om unnskyldning

Når det kjem til tilgivelse har eg nokon meiningar eg vil dele med dykk.

Eg vil sei litt om to typer mennesker når det kjem til det å koma med unnskyldning.

Det finnes ein type mennesker som trur dei kan behandle deg akkurat slik dei vil og kome tilbake inn i livet ditt igjen når som helst berre dei ber om unnskyldning.

Dei forandrer seg ein kort periode om det er Noko dei vil f.eks ha deg med på Noko eller bli med deg på ein fest eller lignande.

Etter på er dei like avvisande og stenger deg ute heilt til neste gong dei vil noko anna då  begynner smiskinga igjen.. og slik kan dei holde på.. kjem med ofte svært dumme unnskyldningar når du vil ha dei med på noko og avviser deg kvar gong i lengre perioder heilt dei vil var med deg på  noko kjekt igjen, då kjem smiskinga. Og slik vil dei forsette om du ikkje setter foten ned.

Dei kan knusa deg og såra deg. Dei trur at om dei berre smiler fint, smisker og gjer tjenester for deg, evt spanderer mat eller Noko anna tar du dei inn i livet ditt igjen.

Så sett foten ned om du har nokon slike i livet ditt. Kutt heller kontakten du har ikkje behov for å ha desse giftige menneskene i livet ditt som tapper deg for energi. Husk at dei ikkje er venner når dei held på slik. Slike folk ynskjer berre å skumme fløyten.

Den andre type mennesker er dei som ikkje klarer å be om unnskyldning når dei veit dei har gjort noko veldig galt.

Det kan gå lang tid og dei kan hala ut og hala ut. Kanskje virker det dei har gjort verre i sitt eige hovud en det treng å vara.  Jo lengre tid det går jo verre kjennes det og jo dummare føler dei seg. Då blir vanskeligere for dei å be om unnskyldning.

Når det går lang tid ser dei for seg at du skal vara endå sintare. Dersom dei har såra deg stikk det så djupt i samvitet at dei lar vara/ uttsetter å be om unnskyldning då dei ikkje greier å sjå deg inn i augene akkurat no.

 

 

 

 

 

Dei tinga eg saknar – Roxmann

Eg kan hugsa det som om det var i går, mor mi å eg går in dørene på Roxmann på Bryne. Lukta og atmosfæren kan ein ikkje gløyma.

Det var svært trist når denne tida var over for her har me hatt mange koselege sosiale stunder. Det er nestan litt rart, men eg trur faktisk ikkje me har nokon bilete her i frå sjølv om eg har besøkt denne staden frå eg satt i vogna til i vert fall ungdomskule tid.

Eg har fått dyppa sukkerbiter i min mammas kaffi og drukket kaffilatte på denne staden. Her har eg vore med mi syster og mor, tremenningar og søskenborn og kost oss med boller, brus, påsmurte herlegheiter og ikkje minst halvt horn med ost, skinka, piffi og varmt i mikroen.

Det var f.eks. fast stoppestad på shopping når tanter var besøk og det var tid for ein kaffidrøs.  Me var innom her med klassekamerater og til og med tatt ein kaffi med lærarinne på ungdomskulen.

Me har kost oss masse her oppigjønå alle år og sjølv om det er lenge sidan er rart at det ikkje er ein stad me kan stoppa opp å ta ein kaffi lenger.

Julavarer til ekstrem førjulspris = ekstremsalg januar, kva er poenget?

Altså alt av julevarer har ein skyhøg pris før jul. Og legg ein på jule- på chibs/ franske, brus, øl, godteri og anna kan ta manger penger meir for matvarer før jul, det er ein kjent sak.

Om ein ser litt på andre varer også julepynt, puter, pledd, lys osv.

Butikkane bugner av julegodter før jul, men til svært høge prisar og mange har ikkje råd til julegodt til ungane.  Likt med julebrusen, marsipan, chibs osv.

Det er så trist at det skal vara så dyrt at folk ikkje har råd. Bare julebrus i småflasker til ein familie til heile julaferien blir fleire hundre kroner, sama med julegodter.

Så kjem Januar, nå etter jul er det ekstermt salg, det ligg haugar etter jul som ikkje blir solgt, heldigvis finnes folk som hamstrer elles ville dette blitt kasta og er redd mykje blir kasta rundt om i landet.

Det er same rundans år etter år. Ekstreme prisar FØR jul. Mange har ikkje råd, mykje julegodt ( og julepynt o.l.) blir ikkje kjypt og så kjem ekstremsal i Januar og folk som ikkje hadde råd til julagodt til jul må eta julestrømper, julekuler, sjokoladenisser og julamarsipan når jul er slutt.

Nei, det gjer ikkje noko å eta på dette etter jul for det smaker jo forsatt godt, men er trist at mange ikkje har råd til å kosa seg med dette mens det er jul, det er trist at mykje blir liggjande då det ikkje blir kjøpt og at mykje kanskje blir heve i båset etter jul.

Og sida det er likt kvart år lurer eg på kva er poenget? kunne det ikkje kosta ein mellompris? Godteposer til 50-80 kr ca kva om dei koster 25-40 kr før jul istaden for ca 10/20kr etter jul, kva om marsipangriser kunne koste halvparten av prisen før jul?  Polkastenger koster nokon stader borti 50kr og nå rundt 15, kva om dei kunne kosta 25kr før jul? Osv..

Salgstriks

Det som skjer er at dei skrur opp prisane så ekstremt at når priskrigane kjem skal folk få intrykk av stor prisnedgang for kvar gång varen tar eit hopp ned i pris, klassisk salgstriks.

Men eg er lei dette, det er det sama kvart år og taperane blir dei fattige ungane. Priskrig er forsatt greit, ein kan selga nokon av desse varene veldig billeg i liten ein periode nå og då før jul.

Men kan ikkje førprisen vara ein plass på midten mellom prisen før og etter jul? slik at fleire får råd og meir blir kjypt, det ligg ikkje hauger etter jul og ting blir ikkje kasta i søppelet.

Bare ein tanke..

Alle vinner på dette, fleire born får sjokoladenisser i jula, det er bra for miljøet og dei tjener meir for godteriet som elles vil kosta svært lite etter jul eller blitt kasta.

Det som ikkje blir solgt då,  kan selges billig etter jul.. For det er jo tross alt lika godt å kosa seg med då også.

Kvifor bruker ikkje folk butikken?

#bruknærbutikken #brukbyendin #brukbutikken #jul #noreg #norge #norskjul

Kva tenker eg på? spør Facebook
Så var eg her igjen.. eg går i forretning etter forretning og ser etter julasengsett, men kor finn eg dette? i kvar butikk eg går er alle sengsetta like om det er Kid, Spar kjøp eller Princess.

 

Eg var eit par veker sidan inne på Kid og fann ikkje julasengsett, leita og leita. Eg fann noko sengsett, men det som blei kalt julasengsett fekk meg ikkje i julastemning.
Likt er det om eg går i ein annan butikk. Same mønster, same farger. Alle butikkane sel gardiner, tepper og sengsett som ser nokså like kvarandre uansett kor eg går.

«Eg beit merke i denne blusen, den var tydeleg «inn» i år og det var nok mange julebord med damer med slik bluse, der fargen og storleiken på blomstene var forskjell, elles ganske like.»

Det tar meg tilbake nokre år når dei julemønstrane som er inn i år var nokså like julekleda som var inn det året. Eg leite etter julegåve til min søster, blusar og festantrekk i friske farger. Eg leita og leita, men kor eg gjekk var festantrekka for damer mørkoransje, mørkblå og mørkgrøne, ensfarga. Uanset kor eg gjekk var det likt, like mønster og like fargar.
Alle desse klesbutikkkjedane hadde ein ting til felles, ein mørk bluse med store blomster. Eg beit merke i denne blusen, den var tydeleg «inn» i år og det var nok mange julebord med damer med slik bluse der fargen og storleiken på blomstene var forskjell, elles ganske like. Når eg kom til Fretex fann eg mange fine klede, etter å ha leita på heile Kvadrat og heile Maxi Sandnes og berre funne like klede i alle butikkane.

Eit anna år var det tross av at det var jul, umogleg å få tak i raude bluser og kjolar då dette ikkje var inn det året.

Mange mennesker = mange forskjellige smaker og stilar

Kvifor er det slik? Kunne ikkje butikkane heller ha kvar sine stilar heller? Me er tross alt snart inne i 2021 og så greit inn i framtida at ein bør tenka litt lengre en at me forsatt skal alle holda på og selga produkter kun etter kva som er inn. Ein kunne solgt litt varer som var inn no i tilleg, hatt litt utval. Ein butikk kunne solgt sin stil og andre sin stil.

Kvar butikk kunne hatt forskjellig stil, i staden for at alle fylgjer same mote, alltid.

Eg blir litt lei av å gå i butikk etter butikk og sjå på dei same fargane. Me er jo så mange folk her og alle har sin smak. Når det kjem til jul har mange den same smaken som meg og me vil ikkje byta ut julå vår etter det som er inn.  Me vil pynta med det me liker, som gir oss glede..

Eg vil avslutta dette innlegget med ein viktig beskjed. Dei vil at me skal bruka butikkane, men dersom alle buttikkane alltid er fyllt med like ting i same mote medan anna ikkje er å finna i butikken, må me gå på nettet.

I mellomtida må eg nok venta med å gå i butikken og handla julasengsett, slik som sist gång tradisjonsrike mønstre med snø og nissar som gir meg julastemning, ikkje var på «moten». Den gången var det bare gull,sylv, englar og stjerner å finna på julasengsetta og/ eller gråtonar.

Ha god jul og sov godt!

Ligg verdien i summen du gir ?

Står det » design » på noko eller bare det er dyrt løper folk og kjøper fordi folk trur at » jo dyrere jo bedre».
Ein gjenstand til 1000 kan gå fort sund mendan same type gjenstand til 70 kr kjøpt ein annan stad har betre kvalitet og vara i mange år.. samstundes kan ein dyr figur kosta 400 ein stad og kosta under 100 ein anna stad. Same figuren, same merke, same kvalitet, men forskjellig prislapp.

 

Om du kjøper ein dyr lysestake til 800kr hadde du aldri kjøpt same lysestaken om dette i eit merke som var omtalt som et «drittmerke» og i vert fall ikkje til 800 kr. Sjølv om lysestaken hadde vore akkurat den same. Det folk gjer då er å kjøpe ein gjenstand pga. tittel.
Det blir som å henge med dattera til millionæren fordi hun er rik, i staden for å vær venn han du eigentlig vil var ven med.

Folk må gjerne pynte julebordet sitt med bare dyrt service, men liker ikkje at » design » begrepet skal blende folk til å tenke at dyrt = best eller billigt = drit.

Ein figur kan væra svært dyr når han er inne i tida, men når den tida er over er det ofte veldig merkeleg kor liten verdi den har når den plutseleg etter eit år havner i søppelet.

Om du handler ein billig figur ny eller brukt, som du fell pladask for, den er flott, varm, har fine farger og passer inn i di stova. Du kjøper den fordi du elsker den og bare derfor, då vil eg tru du ikkje blir lika fort lei som ein ting du kjøper som er på moten akkurat nå.

Kva med kvalitet, stoff, materiale, kven du har fått det av, korleis han er laga og av kven.
Kva med farger og utsjånad? Burde ikkje den vasen du synest er finast var den plasserar i stova og ikkje den som alle har i stova fordi den er dyr og moteriktig?

Skal eit grått trist skjerf var ein flottare gåve til ei tanta fordi det koster 500, enn eit fargerikt skjerf til 50 på gjenbruk når tanta di strengt tatt liker betre friske farger?

Nokon ting tel meir en penger

Viktige augeblikk, personer, gode saker og utsjånad er mykje viktigare og gir varen høgare verdi en prisen.

Om ein kjærast gir meg ei gåve frå ei 10 kr korg fordi det fekk han til å tenke på meg når han såg det, er dette meir romantisk en om ein rik kjærast går i ein butikk, ber den ansatte berre finna noko og han blar opp 1000 kr uten å i dette meir tanke.
ofte kan ikkje
Kvaltitet gjenspeilas i prisen sjølv om nokon folk trur det.

Utsjånad og kvalitet gir klær høg status for meg og om flotte klær ikkje koster «skjorta» men har ein så overkommeleg pris at vanlige mennesker kan gå med dei også dei utan så mykje pengar får det endå høgare verdi.
Er heilt totalt i mot at det kun skal vera dei rikaste som skal ha «flotte» klær.

*Julegåver er noko som er koselig å få og koselig å gi. Då meiner eg det vikigaste ikkje er kor dyr den er, men at det er lagt tanke og kanskje arbeid i det. Tenk å opna ein ting som står «verdens beste..» eit eller anna på, noko heimalaga, eller ein gåve frå nokon som hugsar at du mangler ein ting eller hugsar kva du liker aller best.

*Du har kanskje ikkje brukt masse penger på gravpynten, kanskje du synest det enkle er finast og du set lenge igjen på gravplassen og luker, planter, fikser og tenner lys. Kanskje snakker litt med den døde. Det er er det som viser kjerlik.

                                . . .

 

Velg gjenstander til huset, klær og puss opp etter din egen smak, velg det du liker, ikkje det naboen liker. Velg dyrt eller billig, men ikkje pynt stova di eller deg sjølv etter status. Er det ein bestemt stil du er ute etter, finn du dette også billigare nytt, men også brukt på gjenbruk, loppemarked ol.
Pengene varer faktisk ikkje alltid og du må bruke dei med omhu, det betyr ikkje at du aldri kan kjøpe dyrt, men det må ikkje overgå andre verdiar.

Unikt design er bare «unikt» ei stund og mote er ikkje på moten alltid og ofte blir du lei etter ei stund. Det må du tenke på før handler med lysten..

Heilt til slutt..

Det blir det litt trist for min del med ein dyr lysestake til 900 kr som har ein høg pris pga. et merke eller fordi den er inn.

Er summen liten stiger verdien på gjenstanden i mine auge. Det kan vara ein kopp eller ein lysestake, er prisen lav ser eg andre kvalitetar, eg ser lysestaken for det den er og ikkje for prislappen. Eg ser på form og  farger og om den har ein historie.
På same måte som mennesker, me skal heller ikkje kjøpe venner for penger. Me vil var i lag med dei som gjer oss glad uavhengig av penger, utdanning og korleis dei bur, så me vil var i lag med dei me blir glade i 💛
På same måte skal du kjøpe ting som gjer deg glad i over lengre tid ikkje berre ei stund til det kjem andre ting på moten.

Spre varme og glede er viktigast

«Gleden borna får av tinga har                                       litt å seie kva vaner du gir ungane»

Entan overause i gåver eller ingen gåver..

Kva med ein mellomting?

Julehandelen går over skaftet eit år, neste år skal det sparast til dei grader

Mange kjenner på det at det liksom må var svært dyrt og flott får å glede, men må det verkeleg det?

Noko av overforbruket kan bytast ut med aktiviteter, heimalaga gåver, malte korger med mat,drikke og divarse bruksting, skjeldne funn frå gjenbruk, loppemarked osv.

Gleden borna får av tinga har litt å seie kva vaner du gir ungane

 

 

 

Å forstå meininga med jula

Ta ungane med på julegåve shopping av gåver som skal sendast til utlandet, å handle inn varer til folk som leverer til fattige familier i Noreg. Ungane og ungdommane kan gi året rundt, ting dei er lei av eller klær som er som er for små kan gies til dei som leverer til fattige land. Så vil ungane sjå ting med andre auger vil eg tru.

Eg er heilt for å gi overraskelser, aktivitetar og tid i julepresanger, men verkeleg ikkje ein einaste gåve å opna under treet?

Spare penger og redde miljøet

«Det som er tull er å ein ny mobil, pc eller anna kvart år.»

 

Det hjelper verken miljøet, økonomien, når ein held på slik overforbruk, spara og så over på eit kolossalt overforbruk heila året for for å spara igjen til jul eller ved å sløse med penger på både mat, nye klær og dyre gåver til både deg sjølv og andre ei jul og sitta på sparebluss neste jul.

Det som hjelper for familieøkonomien og som også er bra for miljøet er og leggje om vanane, året rundt . For eg meiner det skal var greit å gi både kvarandre og ungane gåver til jul, også materielle gleder.

For om det er å spara penger som gjelder så er det ikkje alltid at aktiviter som kino, konserter, teater blir så mykje billigare, alt etter kva du bruker på gåver selvfølgeleg, men det er apsolutt verdt å invistera i TID i saman.

Å gi ungdomen bærbar pc eller mobil er ikkje tull. Då dei kan gjæra lekser, læra masse nye ting, ha kontakt med vener eller finna venner.

Det som er tull er å ein ny mobil, pc eller anna kvart år.

Ein anna ting som er tull er når gåver havner i søppla, har du verkeleg ingen glede av gåva, kan du gi den til nokon som har det. Med dei 5mill nordmenn skulle gjort det same forstår ein at det ikkje er bra for miljøet heller.

 

Spre varme og glede

Om både me vaksne og ungane bruker mindre gjennom året kan me med bruka litt penger på glede i jula på til oss sjølv og andre, utan å sløsa.

Ei gåve under treet med hilsen frå ein du ikkje har sett på lenge eller ser kvar dag.

Eg meiner at ei merksemd frå ein viktig person er viktig.  Prisen skal ikkje var viktig, då meininga med jula er ikkje å «bli rik», men å spre varme og glede..

Så er det heller ikkje så farleg å gi nokon noko dei ynskjer seg dersom det vil glede.

Kos deg med julegåve handelen, entan du gjer det på den eine eller andre måten.

Elin

 

Dei viktigaste forsetta

Mange kjører hardt ut med nyttårsforsetter frå fyrste Januar også dabber det meir og meir av mot sommeren, men eg meiner at du kan ta det med ro og ta ein dag om gången , la ei forandring festa seg om gången og auk gradvis med nye forandringar.
Eg meiner at det viktigaste er at du får til forsettet ditt i løpet av året og ikkje at du får til alle forsetter frå starten av januar.

Slutta å røyka, eta sunnare, byrja og trena osv er blandt dei vanlegaste nyttårforsetta. Det er stort fokus på fysisk sunnare livstil, men kva med også andre viktige ting? kva med dei indre kjennslene våre?

Her er nokre av dei forsetta eg meiner du også kan ha godt av å prøva på å setta deg, som kan få deg til å ta betre vare på deg sjølv og gi deg betre sjølv kjennsle

Finna ein ny hobby, noko du trivst med og bruka tid på dette.
Prøva nye ting, kanskje likar du noko du ikkje trudde du ville lika. Tenk litt utanfor boksen
Finn ut ein måte å utvikla dine evner kreativt, alle har evner og talent. Nå vonar eg at du finn dine,
Finn flotte ting ved deg sjølv og gi deg sjølv komplementer. Om det gjelder, ditt utsjåande, klær, talentet, vennlegheit, humor, at du får andre til å le eller føla seg betre.
Sjå deg i speilet nå og då og sei til deg sjølv -Eg er vakker, – eg er flott , smilet / håret mitt er flott osv fordi DU ER FLOTT!
Få inn ein avslapnings dag og to i månaden, der du tenker på deg sjølv. Du kan eta god mat, gå på kino, kaffibar, sjå film og krypa ner i sofaen.
Kom deg ut- for roen skuld, for fredens skuld, for å slappa av, for å samla tankane, stressa ner, nyta været og naturen, sjå på livet, fuglar, kattar, blomar, himmelen. Både du, hjarta ditt, hjernen din og sjela di har godt av at du kjem deg ut i naturen av og til i løpet av året, i divarse vær, en liten tur er betre en ingen tur.

Eg vonar at året som kjem blir eit godt år og at du får ynskjene dine oppfyllt.

Drikk ein cola, ligg på benken og et ein seigman og du ligger sansynlivis død i morgen !

 

oubt0

Er så utruleg lei dette perfekt og sunnethysteriet som mange har om dagen ..!
Aldri et godis, aldri et sukker eller salt, aldri et pommefri eller pizza, eller lyst brød aldri ligg og slapp av på benken, et aldri ferdig mat, adlri alkohol, aldri snus, aldri sitt oppe seint, spill aldri nettpoker.
Det er greit at dei overnevnte tinga er usunne ting og mengder av dette ikkje er bra for deg i lengden , men det må var låv og unne seg eit glas sprite eller to i helgen og spille nettpoker ein gång i blandt?
Nei, du skal spise sundt, sundt sundt, og trene, trene ,trene og – abb abb, ikke sitte ned, trene! I Media er det tusenvis av «eksperter» som skal fortelja oss korleis me skal leva livet vårt eller ikkje leva livet og alle vet sjølvsakt best.

41313_425297792591_35818_n – Kopi
Til og med sunn mat skal ein halda seg vekke i frå
Nokon vil at me ikkje skal eta frukt , nokon meinar ein aldri ska eta tomat , nokon potet,Nokon meinar at me aldri skal eta brød, andre pasta/ris og gulerøtter osv ; men kva er det igjen då?
Det å informera om kva som skjer med kroppen og psyken om du gjær for mykje av det som»ikkje er bra» eller spiser for mykje av denne usunne maten er heilt greit , men heilt ærleg det er forskjell på å barbera seg og skjæra av seg haka!
Så det å eta moderate mengder av det som er såkalt «farleg» er ikkje så farleg som det å eta dette kvar dag/ fleire gånger i veka og kva me skal eta og kordan ein skal leva liva sine må kvar enkel få velga sjølv og det er ikkje slik at dei fleste av oss trenger eksperter som fortel oss kva som er sundt og kva som ikkje er det .

DSCN1878
Sjølv har eg ein klar regel for meg sjølv aldri brus , godis og snack ,jo

Vatn!

Vatn!

inni mellom, men aldri i vekene. Eg har eit fokus på å ete sund og variert mat frå bunnen og for i meg fem om dagen, eg trener og går turar kvar veke, men i helgene unner eg meg litt kos og sitter oppe seint , i selskaper et eg kake og har mine dager eg ser tv og slapper av.

308943_10150288042687592_1351117669_n
Min personlige meining er at det ikkje er farlig og eta pizza eller snop, men mengden du får i deg. Og det er det også det mange andre ekspertar meinar, for me har ei helse å ta vare på ,men gjelder også den psykiske helsa og da skal me innimellom eta usunn mat som smaker godt og gjør oss glad,men alt med måte! 🙂

Pizzabuffet på Astor i København

Pizzabuffet på Astor i København

Teksting av Jærbu på Farmen

Stor oppmerksomhet

Dette med teksting av Frank Tore Aniksdal frå Vigrestad har skapt stor oppmersomhet  på dei sosiale mediar, og kvar eg logger meg på er det lagt fleire linkar frå  innlegg og innlegga har hundrevis av kommentarar.

Og det diskuteres så det koker om tv 2 teksting på jærbuen.

Tekstinga har fått meir oppmerksomhet en f.eks forlovelsen inne i Big Brother huset. (som eg ikkje har sett nokon skriva om på nokon mediar)

Nokon av dei som har sagt meiningane sine høgt er blant anna SP politiker Geir Pollestad og Hagbert sibelius Rør-reime (AKA Tom Weum. )

 

https://www.facebook.com/video.php?v=10152800876896133  (link til video på facebook Geir pollestad)

 

Diskriminering

Det er ikkje rart at folk har latt seg engasjera av denne saka for dette har nok vekka nokon kjensler hjå folk, mange har ledd av dette og reagerar på at han i det heile tatt blir teksta,  mens det  mange reagerar på er ikkje mest at Frank blir teksta , men det dei reagerar på ( i likhet med meg sjølv )er at jærbuen er den einaste inne på farmen som er teksta. Som om at jærsk er den einaste dialekta folk ikkje forstår.. ??  Og er jærsk faktisk så ufortåeligt som mange skal ha det til?

Og kva med oss jærbuar og dei dialektane me ikkje forstår? kan ikkje dei også bli teksta?

Rundt omkring i dette landet er det folk frå alle stader som alle forstår (og ikkje forstår) forskjellige dialektar, Marit Bjørgen blir ikkje teksta, ikkje Anniken Huitfeldt heller, så kvifor teksta berre jærsk? Og er det skal vare framover, at kvar gång ein jærbu er med i eit program eller sit i benken Thomas og Harald så skal han tekstast?

Entan kan dei teksta heile programmet (slik dei gjorde i «Jakten på Kjærligheten») , eller ikkje teksta programma. Det er mi meining.

 

 

mennesker ,likeverd og mangel på det..

Man lever i 2014 og me burde egentlig lert og godta kvarandre, men slik er det ikkje .. langt i frå .. Faktisk trur eg at det går mindre på utsene no en det gjorde før, i allefall føler eg det slik.

Mange som blir mobba eller utestengde i dag blir det ikkje lenger berre pga. utsene men kva personar dei er inni seg .. og med mobbing meiner eg ikkje berre på skulen slik «barneskule mobbing»(som nok

er den verste form for mobbing).

Eg meiner også ute i samfunnet .. Mange vil nok være uenig og sia dei ikkje røyner noko sjølv .. føler dei kanskje at Noreg er eit fint land, eit trygt land og at folk i Noreg har det fritt og godt.

Eg høyrer ofte folk seie » me har det godt i dette landet..», «me er heldige som bur i Noreg». Då tenker eg at dei sjølve er heldige som  ikkje har røynt det vonde som faktisk foregår i dette landet.

F.eks er Noreg på verdstoppa innen korrupt lik linje med f.eks  Afganistan og Somalia. Det går ut over uskyldige som ikkje er «perfekte» og i eit slikt tillfelle det er dei høgast utdanna og dei med magt som får det

slik dei vil og ikkje dei som fortel sanninga. Og det er det eg meiner med mangel på menneskeverd. For om ein er sikker i sin sak då ein går til rettsak om noko, kvifor må du då «betale» dommerar for og få igjennom ein dom?

På barneskulen er det på eit anna nivå, ein lokker med  leker eller godis for og få nokon til og vare med på mobbing.

I dag skal man helst var innen den «perfekte» rammen. Man skal ha høg utdanning, med god jobb og høg lønn. Man skal være Gift/samboer (mann og kone), ha born som skal gå i barnehage..

i 2014 kan folk  bli melde til barnevernet om det ikkje «perfekt» ..

Ein gång ute på byn  kom ein mann bort til oss  og snakka litt med oss .. eigentleg verka han ikkje så hyggeleg, men me svara han så høfleg me kunne, men då han høyrde at ingen av oss hadde jobb på det tidspunktet ( nokon av oss var heime med små born, nokon hadde var akkurat ferdig skule osv.)

gjekk  med det same , «eg skal ut og lufte meg » skulda han på så gjekk han i frådrinken han hadde drukke to munner av og kom ikkje igjen.. Det var i grunnen heilt greit, men ei sak av prinsipp.

Mange har ei innstilling at dei ikkje vil vare vener/kjæreste  med dei som ikkje har utdanning/ jobb eller som «naver»  for dei er «late» og «utan ambisjonar..» seier dei, men det er ikkje slik det fungerer..

Mange treng hjelp til og komme seg ut i arbeidslivet, Grunner kan vare : Fysisk eller psykisk sjukdom, mobbing, eller at du av ein eller anna grunn har «faldt utanfor..»

Nokon meiner at foreldre utan utdanninger eller åleineforeldre ikkje er gode foreldre. Nokon har til og med sagt at » Det burde ulovleg og vore åleine med born»

Nokon  vil til dømes ikkje ha for mykje med og gjere med folk med andre religeonar, eller som er eller har vore allkoholikarar » dei kan vare farlige » seier nokon.

Så mi meining er at folk som meiner slikt er utan verkeleg  livserefaring..

Man skal ikkje velge vener etter fyrste inntrykkje, men lære seg å kjenne og sjå kven man trivs i lag med og kven som får oss til og le.. Elin F. Håpar dette kan få nokon til og tenke seg om.. 😉