Heilt sidan eg har vore lita har me hatt same tradisjon, år etter år – og me held forsatt med same tradisjonen. Det høyrer liksom jula til.
Nå vil fortelje om vår tradisjon når det kjem til adventskalender .
Når eg va lita var det ein heilt spesiell ting som verkeleg ga julekjensle.
Nemleg denne adventsunda meg å søstera mi hadde i barndommen. Det var mi søster som fant på dette og eg gjekk på skulen å gleda meg til adventstunda me skulle ha når eg kom heim.
Me hadde advendtsgåver, julekaker , mandarin, julegodter og julebrus. Me såg på utvalde julakalendera på vhs og på tv.
Gåvekalenderen
Kvar dag opna me gåver me hadde kjøpt og pakka inn til kvarandre. Me hadde ein viss pris sum me gjekk etter det skulle ikkje vara dyrt og flott , men billig og flott.
Me hadde meir fokus på overraskelsen og merksemda. Tida ilag og kosen var det viktigaste. Sjølve gåva skal merkera nedtellinga til juleaftå og me ga noko frå rundt 5- 20kr dagen og ca 50 kr juleaaftå. Slik me gjer me det ennå.
Når me var små ga me kvarandre bruksting, småleker , julegodt og ting me samla på osv. Nå gjer me likt og har kanskje byta ut smålekene med lys, pynt ol. elles gir me nokså likt. Me har kanskje ikkje adventstund på same måte, men me ser julekalendera og opner gåver.
Der gjelder å vara tidleg ute med å begynne å ha augene opne når me er i butikken. Ein kan då finna mykje fint, enten noko som har ein billig pris frå før av, i ei hylle med varer til sterkt nedsatt pris eller i bruktbutikk.
Eg har funne så mykje fint sjølv ja, flotte varer heilt ned til 2,70 kr (før pris). Sjølv har eg fått så flotte ting. Smykker ol. filmar, cdar osv. Kan nevna ein cd med julamusikken til Celine Dion ein gang og «the hot tub time machine ein annan.
Dette er ein så kjekk tradisjon som me har lyst å holde på og gi vidare til våre ungar. Spesielt denne adventstunda me hadde som små.
Har du nokon adventskalender? Kva med avdventstradisjonar?
Ha fine adventstid.
Elin