Altså alt av julevarer har ein skyhøg pris før jul. Og legg ein på jule- på chibs/ franske, brus, øl, godteri og anna kan ta manger penger meir for matvarer før jul, det er ein kjent sak.
Om ein ser litt på andre varer også julepynt, puter, pledd, lys osv.
Butikkane bugner av julegodter før jul, men til svært høge prisar og mange har ikkje råd til julegodt til ungane. Likt med julebrusen, marsipan, chibs osv.
Det er så trist at det skal vara så dyrt at folk ikkje har råd. Bare julebrus i småflasker til ein familie til heile julaferien blir fleire hundre kroner, sama med julegodter.
Så kjem Januar, nå etter jul er det ekstermt salg, det ligg haugar etter jul som ikkje blir solgt, heldigvis finnes folk som hamstrer elles ville dette blitt kasta og er redd mykje blir kasta rundt om i landet.
Det er same rundans år etter år. Ekstreme prisar FØR jul. Mange har ikkje råd, mykje julegodt ( og julepynt o.l.) blir ikkje kjypt og så kjem ekstremsal i Januar og folk som ikkje hadde råd til julagodt til jul må eta julestrømper, julekuler, sjokoladenisser og julamarsipan når jul er slutt.
Nei, det gjer ikkje noko å eta på dette etter jul for det smaker jo forsatt godt, men er trist at mange ikkje har råd til å kosa seg med dette mens det er jul, det er trist at mykje blir liggjande då det ikkje blir kjøpt og at mykje kanskje blir heve i båset etter jul.
Og sida det er likt kvart år lurer eg på kva er poenget? kunne det ikkje kosta ein mellompris? Godteposer til 50-80 kr ca kva om dei koster 25-40 kr før jul istaden for ca 10/20kr etter jul, kva om marsipangriser kunne koste halvparten av prisen før jul? Polkastenger koster nokon stader borti 50kr og nå rundt 15, kva om dei kunne kosta 25kr før jul? Osv..
Salgstriks
Det som skjer er at dei skrur opp prisane så ekstremt at når priskrigane kjem skal folk få intrykk av stor prisnedgang for kvar gång varen tar eit hopp ned i pris, klassisk salgstriks.
Men eg er lei dette, det er det sama kvart år og taperane blir dei fattige ungane. Priskrig er forsatt greit, ein kan selga nokon av desse varene veldig billeg i liten ein periode nå og då før jul.
Men kan ikkje førprisen vara ein plass på midten mellom prisen før og etter jul? slik at fleire får råd og meir blir kjypt, det ligg ikkje hauger etter jul og ting blir ikkje kasta i søppelet.
Bare ein tanke..
Alle vinner på dette, fleire born får sjokoladenisser i jula, det er bra for miljøet og dei tjener meir for godteriet som elles vil kosta svært lite etter jul eller blitt kasta.
Det som ikkje blir solgt då, kan selges billig etter jul.. For det er jo tross alt lika godt å kosa seg med då også.