Om ein ikkje tåler å sjå kroppar får ein koma seg til Svalbard, Antarktis eller sydpolen på sommerferie.
Det er heilt normalt og skal væra heilt normalt å hiva av seg skjorta om ein er svett,
På ei strand bør ein også tala å sjå eit par nakne bryster her og der så lenge ein ligg heilt uskyldig i ro og soler seg.
Det er heilt greit på spesielle restauranter med kleskode, men at ein ikkje kan sitja i bar overkropp på ein alminnelig kafé, i gatekjøkken eller i ei vanleg handlegate blir for dumt.
Kor herleg er ikkje det synet av damer i toppar / bikini topp og kortbukser eller menn i bar overkropp og ryggsekken på ryggen. Kor herleg er ikkje når ein ein sjeldan gang opplever ein slik varme at folk går lettkledde i butikken, i kiosken eller sitter på benken å et is.
Det er ikkje greit at dette ikkje ska vara lov, spesielt ikkje i varmare strøk.
At folk ikkje skal få vara seg sjølv, gå i det dei vi og ikkje minst ikkje få ta av seg når dei er varme er å ta i frå folk fridomen. I verste fall kan det også vare helsefarleg.
Så eg meiner at tåler du ikkje å sjå naken hud i gatene den litla tiå me har sommar eller er på ferie i varmare strøk, så får du koma deg på ferie til Svalbard eller ein annan stad dei garantert ikkje hiver så mykje av seg!