Her ei liste over dei tinga eg meiner du berre må gjer når du besøker våre naboer:
Er du er glad i Danmark?
Kva liker du å gjer når du er i vårt naboland?
Her ei liste over dei tinga eg meiner du berre må gjer når du besøker våre naboer:
Er du er glad i Danmark?
Kva liker du å gjer når du er i vårt naboland?
Mange der ute klager på at dei ikkje finner mann, ikkje ordentlige menn. Mange leiter og dater, forsøker nettdating, singelgrupper osv.
Mange er skuffa over mennene dei dater eller at det berre blir vennskap og aldri ordentlig forhold.
Kvifor blir det ikkje forhold sjølv dei oppnår alle kriterier på lista di? Kvifor blir det ikkje meir sjølv om han har både høg utdanning, er sosial og har godt humør..?
Fordi det ikkje er nok. Den rette kjem ikkje fordi mannen er perfekt etter di lista. Kjemien, kjennslene og den djupe forelskelsen kjem kanskje med ein heilt anna type mann.
Vær open og dropp sjekklista.
Er det nokon ting du bør ha på såkalla liste er det respekt, ærlighet, humor du kan forsatt visualisere korleis du ynskjer ein mann skal vara og sjå ut, sjå denne framfor deg (uten ansikt), men la hovedfokuset vara kva dykk prater om og korleis han behandler deg.
Det som er viktig når du skal vara i forhold er kva dykk gjer i lag, korleis ein mann får deg til å føla og om han gir komplement, støtter deg, stiller opp når du treng han osv.
Ikkje om han har utdanning, er veltrent, sosial og verdensvant.
Utanom det bør du vara open.
Det som er viktig er om han gir deg oppmerksomhet og tid, ikkje berre dyre blomster og gåver.
Om han ofte kjem seint og forsøker å gjer det godt igjen med ein svær bukett blomster kvar gång eller prøver å erstatta kvalitetstid med dyre gåver då han ikkje viser interesse for dine hobbyer og om du då klager og han i tillegg meiner du overreagerer, er dette raude flag etter mi meining.
Ein ordentlig man bør lytta og be ektefølt om unnskyldning.
Om han sender deg melding, vits , dikt eller berre ein fin gif, tagger deg i konkurranser eller eit morosamt klipp ol. på facebook eller ringer deg for å høyre stemmen din er dette absolutt grønne flagg.

Desperate kvantitetsforhold:
Eg har bekjente som presenterar den eine nye mannen etter den andre, som har hatt fleire av og på forhold fordi dei er så desperate etter å » være i forhold».
Ein går raskt inn i forhold kvar gong dei møter ein ny hyggeleg mann dei har kjent ei helg og forholdet tar slutt når dei har blitt kjent. Dei vil ikkje vara «singel» og vil heller bruka tid på mannfolkjakt enn tid med venner
Nokon er desperate etter det perfekte forhold og helst NÅ! Men du finn ikkje alltid det perfekte forhold etter éin tur på byen, det må voksa med tida.
Nokon opplever kjærleik ved fyrste blikk andre finn kjærleiken etter årelangt vennskap. Har du funne ein mann du kjenner noko ekstra for vil situasjonane oppstå etterkvart der ein merker meir og meir kor ekta kjenslene er.
Det kan vara sider ein oppdagar med kvarandre, djupe samtalar, episoder der han hjelper eller støtter deg, gåver du får eller detaljer om deg han hugser som viser at han kjenner deg osv.

Slutt jakten!
Slutt jakten og lev livet ditt. Mitt råd er å behandla deg sjølv slik du ynskjer å bli behandla av ein mann.
Lev livet ditt, kle deg som deg sjølv, gå på konsert og høyr musikk du liker, kom deg ut å finn på aktiviteter du synes er kjekt og del meiningane i samtaler eller på sosiale medier. Då vil du tiltrekke deg mennesker lik deg sjølv og som liker deg for den du er og etter kvart den rette mannen for deg.
Bruk tid på venninne dine, familie og søsken. Gjer ting som er gildt og som får deg til å føla deg bra som f.eks «self care». Som singel har betre tid til å gjera dei tinga du elsker så nyt denne tida i staden for å deppa, då kjem den rette mannen inn i livet ditt på rett tid!
Hugs å nyt tida med venner og familie medan du er singel og har tid til det fordi når du finn den rette vil det kanskje bli mindre tid til venner og familien du har frå før, då du har fått deg kjæreste du vil møta mest mogleg og at det etterkvart blir etablering.
Ha tolmodighet, nyt singellivet og lykke til, Elin.
Når eg var lita var det fast å gå innom Nille i storgata på Bryne. Det var om ein hadde ærend, berre kikka eller for ei kald brus.
Sjølv om Nille forsatt eksisterar er det ikkje det sama langer, Nille er ikkje det det ein gång var. Fyrst var det svært trist når dei flytta frå sentrum og ner til «Jærsenteret» ( i dag M44). Kjøleskapa med dei kalde brusa forsvant også, det var ikkje kjekt det helle. Derfor var det ekstra stor glede og koma til den eine nillebutikken i Oslo som forsatt selde brus (2016) Me måtte kjøpa brus til heile familien her. Ikkje berre pga. varmen, men sjølvsagt for barndomsminnene si skuld.
Etterkvart blei lekeutvalget mindre og på denne tida var eg forsatt i den alderen, så kontor/tegnesaker utvalet. Seinare forsvant kremer, sminke, hårprodukter o.l. Uvalet er dårligare og prisane høgare og Nille har gått frå å vara ein spanande billige altmogleg-butikk til ein dyrare interiørbutikk med eit lite utval av leker og kontorsaker o.l. Mykje på nille er i dag dyrare en andre butikkar som sel lignande ting.
Det er trist at nille ikkje er det sama lenger, nille var liksom ein billigkjede, men har nå same prisklasse som vanlege interiørbutikker og oppover. Mange har ikkje råd til ¨å handla på nille utan ein kjem over ekstremt gode salg, kampanjer o.l. Fordi på dagens Nille blir til og med mange vanleg salg/nedsatt pris for dyrt for mange. Det er synd.
Det er mykje fint å finna på nille i dag og eg setter pris på ein tur av og til der eg finn gode kupp, dei ansatte er hyggelige og det er ein koseleg stad, det er ikkje det eingång var, men koseleg med dei tinga som er som før. F.eks kan eg gå innom her å kjøpe dei same godtene eg hadde som lita og valde ut kva som skulle var oppi godteposane i fødselsdagen min.

Romantikken treng ikkje å utebli om ein har dårleg råd eller vil spare litt pengar. Her er nokon enkle dater som verken krev mykje tiltak eller penger.
Måneskinnstur 
Kvifor ikkje ta din kjære med deg ut midt på natta for ein spontan romantisk måneskinnstur? Ut å sverma som mi mor alltid seier. Dette er ein liten og veldig koseleg ting eit par kan gjera ein gang av og til rundt dei tider det er fullmåne. Ein kan også berre sitje på altanen med noko godt i glaset og under same pleddet evt. under ein terrassevarmer. Utruleg koseleg og heilt gratis!
Piknik på straen
Eit teppe, ei korg med godsaker, fin sommerleg bekledning og lyden av måker og bølgeskvulp. Det treng ikkje å koste så mykje for å bli fantastisk.
Post og oppgåve løype
Å laga ei lita løype i hagen med poster kan være både morosamt og lærerikt. Ein kan gjere det saman med familie og venner eller berre to. Ein kan laga poster og henga opp eller leggja rundt omkring i ei løype. Postane kan ha oppgåver, gåter, hjernetrim , spørsmål om kva som helst eller om deg sjølv. Ein kan klippe ut bilteter frå blader og aviser, kanskje bilder av kjendiser og gjetta kem det er er, kva dei er med i, er gift med osv. eller ha f.eks. biletet av halve ansiktet.
Ein kan gi fysiske premierer, i form av noko romantisk eller begge deler.
Kveldsbad
Er det veldig varmt kan det vara veldig herleg og ikkje minst romantisk å ta turen til eit vatn eller ei strand og ta seg eit avkjølande bad ein litt sein sommerkveld når det bare er dykk to.
Boblebad.
Det kan vara romantisk i sitje i saman i eit varmt og herleg boblebad. Å koma seg på tur med eit hotellrom som har dette kan fort bli kostbart.
Det finnes fleire varianter du kan ha i heimen som ikkje treng å kosta så mykje fordi det er ein invisering som har i mange år. Det treng ikkje å vara med bobler heller, eit vanleg badekar med plass til to gir samme gleden så skal dykk pussa opp badet eller ha ny dysj/ badekar kan ein større oppgradert versjon med plass til begge vere ein god investering.
Ein anna løysning kan vara oppblåsbart badekar til å ha inne eller ute eller oppblåstbart boblebad til terassen i måneskinn eller solnedgangen, roseblader og essens i vatnet og evt. cider eller noko anna godt i glaset. Kan det bli betre?
PS! Ein kan også byggja badestamp sjølv.

Tur i solnedgang
Er det ein nydeleg solnedgang ute så kvifor ikkje ta ein spontan kveldstur når sola går ned og himmelen er på sitt aller vakraste. Ein kan også køyra bort til ein fin stad ei lita stund før sola går ned, gå ein liten tur og setja seg ner på ein fin benk få med seg solnedgangen og fuglekvitter i ein fin skog med blomster eller ved eit lite vatn til mørket kjem.
Måltid i naturen.
Kvifor ikkje ta frukosten på eit teppe plenen eller middagen på terassen? Eller kva med å ta eit av måltida med seg i ein skog eller rasteplass? Me har åte kveldsmat på flotte rasteplasser, frukost i skogen og middagen på ei strand eller på ein fin kai.
Ha med enkel mat og pakk ned i tasker som held på varmen. Gjer klar ein sekk med bestikk, glass, papir og anna du treng på førehand og hugs å finn ut i førehand kor dykk vil reisa så ikkje dykk bruker tid på å leita etter ein plass å stoppa.
PS! Ha ein sekk alltid klar med litt utstyr slik at du kan gå på litt spontane turar oftare utan å trenga så så mykje pakking kvar gong.
Overnatting i telt.
Finn ut kor i nærleiken det er lov å overnatte i telt. Ein teltur er veldig koseleg og ein velger sjølv kva av romanisk utstyr eller anna ein vil ha med. Spidding av pølser eller marshmallows, kvikklunsj, blader, massasje, brettspill, koseklær eller sexy undertøy… Ect.
Finn ut kor det er lov å setta opp telt og tenna bål eller grilla!
Massasje.
Kva med å gi kvarandre herleg massasje av og til? Ein god luktene massasjekrem eller olje. Om ein vil kan det bli ekstra romantisk med duftlys, dempa belysning, musikk, og sjokoladefondue.
Glamping
Sjølv om glamping er luxus versjonen av camping gjer ikkje det at det treng å vara dyrt.
Ein kan kjøpe eit passande telt eller hagetelt i god kvalitet som du kan ha ei stund. Ein kan kjøpa noko å ligga på og utstyr til ein rimeleg pris. Duftlys, tepper, puter, solcelle eller batteri drevne lysfigurer/ lysslynger, plastblomster osv som kan brukast igjen og igjen til dette eller på terassen ol. elles.
Ein kan ha med seg fotbad, god mat og drikke eller kva med å sette opp eit basseng eller boblebad ved siden av?
Her kjem det litt an på kva du har råd til og kvar du setter opp teltet om det er på din eiga tomt, hjå vener, campingplass eller anna.
Viss du sparer til desse tinga treng det ikkje vara så dyrt om det blir som ein investering for fleire år viss dykk liker dette og har oppbevaringsplass slik at dykk kan ta det fram av og til sommerhalvåret.
Spadag.
Ein dag på spa kan væra veldig dyrt, men ein spadag heima trenge ikkje vara det.
Massasje, masker, litt god mat og drikke..
Om dykk ikkje har kan det vara lurt å ha kvar si badekåpe og baderomssko. Elles kan du gå til innkjøp av det dykk ynskjer masker, diverse kremer til kropp, føtter, hud og hår osv, srub, body milk, massasje oljer og kremer, duftlys, essens eller røkelse, pynt, lys , bobbleskum til badekaret, bare fantasien setter grenser.
Tenn litt levande lys på bade og ta ein dysj eller bad i lag, gi kvarandre massasje eller anna kroppspleie. Ha dempa lys, og tenn duftlys eller anna og gjer klar mat på førehand som dykk kan eta.
Oppskåren frukt og smelta sjokolade og søt kjeks til, ost og kjeks eller tapas passer til eit slikt opplegg.
Spillekveld/ spill for par
Kva med å ha ein koseleg spelekveld i lag? Ein kan ka kjekke vanlige brettspel, romantiske eller erotiske spill for voksne.
Ein kan sitta ved spisebordet og ha snacks, musikk i bakgrunnen, heimalaga pizza, brus/ cider ol. og quizspill, oppgåvespill ol.
Eller sitte på gulvet eller på soverommet, sexy undertøy, fingermat, romantisk eller erotisk spill og bobler i glaset.
Tips! Vanlige brettspill til ein billig penge (eller gratis) finn du på gjenbruk, loppesalg eller finn.no. Her veit du aldri kva spanande du kjem over!
Lage stemning, Mange butikker har salgskorger med gode tilbud som ein kan finne mykje spennande i. Mykje er sterkt nedsatt og det kan vara ting du ikkje tenker over der og då at du kan få brukt for.
Lys, lyslenker,telyshåldere servietter, pynt, bordpynt, sjokolade, røkelse, bordbrikker, kremer, oljer, vinkorker/ åpnerar, pynteblomster, og mykje anna kan du finna som kan vara med å skapa stemning.
Elles selger Normal, Rusta og andre billigkjedar mykje fint og har eit greit utval av slikt.
Mat og drikke
Nokon gånger kan ein ha med seg niste på slike turar. Også når det gjelder mat kan du kikke i rabatthyller eller elles i butikken etter tilbud på mat som holder og ha liggjande i ei hylle eller skuff. Du kan finne bla. kjeks, sjokolade, sjokolade og nøttebar, leskedrikk, snacks eller spennande pålegg til nistemat.
Frukt og grønt er også godt å ha med på tur / date.
Gåver
Av og til kan det vara ekstra fint å overraska din kjære med noko ekstra som ein gåve, eit dikt, kort, blomst, sjokolade, pynteting eller noko du har laga.
Slike overraskelser blir ekstra fine om ein overrasker med dette ein gang i blant og det treng heller ikkje vara dyrt.
Kikk litt etter tilbud på fine ting her og der når du er ute på andre ærend, på Finn.no, internettbutikker,gjenbruk og anna. Gjøym det vekk til den dagen daten er.
PS! Kjøper du brukt veit du ikkje kva du kjem over og du kan finna dei heilt spesielle tinga.
Aktivitet
Ein romantisk tur eller date kan bli ekstra interessant med ein liten overraskande oppgåve eller aktivitet. Det kan vara massasje, spill, konkurranse, quiz, postar, brettspill eller anna.
Kikk på finn.no, gjenbruk ol. så veit du aldri kva du kan få tak i av spel og aktivitetar. Du kan også finna mykje spennande på bokhandel og «alt mogleg» butikker som Rusta, Europris og Biltema.
Håper dykk koser dykk og får ein eller fleire fine dating idear av desse forslaga.
- Kva er status og kor går grensa til galskap?
- Kva kjem statusjag av?
- Kvifor er status viktigare enn menneskene rundt for nokon?
- Korleis kan grenselaust statusjag stoppast?
- Jakter du status bevisst eller ubevisst? Dette er nokre spørsmål eg stiller i denne videoen:
Hadde det ikkje våre så oppskrytt på førehand hadde det nok vore litt kjekkare.
Jærdagen skal væra årets vakreste eventyr på Jæren.
Mange jærbuer viser mykje kjennsler rundt det at Jærdagen har vorte mindre og mindre for kvart år.
Jærbuen gledde seg til å endeleg få koma Jærdagen å det var herleg å endeleg få koma ner her igjen
Dei skulle slå til med eit «endå større messa» i år sa dei og derfor blei nok folk litt skuffa med tanke på at det er den minste messå som har våre 😅 Hadde det ikkje våre så oppskrytt på førehand hadde det nok vore litt kjekkare fordi då hadde folk berre gleda seg over at ein endeleg fekk koma på Jærdagen igjen og ikkje gleda seg til det folk trudde skulle bli ei ekstra store messa.
Men supert å sjå folkaliv i sentrum igjen 😊
» Var betre før» seier mange, det var
større, meir ting å sjå, meir og betre tilbuder. Me gjekk med så mykje at me ikkje kunne bæra fordi det var så mykje tilbuder både M44 og i gatene.
Dei siste åra har me måtte leite etter tilbuder som er verkeleg gode, særskilte jærdagstilbud.
Nå kan ikkje alt vara slik det alltid har vore, men kva med å halda på nokon tradisjonar? Det er noko med dei tinga som gjær Jærdag til jærdag.
I år var tivoliet og bilane tilbake. Sist Jærdag var tivoliet vekke og bilane saman med traktorer, maskinar, dyra og anna har vore vekke i mange år og då er det i grunnen ikkje jærdag lenger.
Eg ser at Jærdagen blir mindre og mindre samstundes som Jærnåttå blir større. Det er trist at Jærdagen blir sløvare og må avslutta tidleg så ein stenger av gaten fordi Jærnåttå skal skal starta.
Det er trist at Jærdagen minker av allereie på dagtid og stengt tidlig på kvelden til fordel for Jærnåttå.
Mange jærbuer er lei seg for dette.
Mange må tidleg heim fordi foreldre vil på jærnåttå.
Med messene kvar sine helger kan familiane prioritera Jærdagen for ungane og koma seg på Jærnåttå ei anna helg uten at dette treng ødelegge for Jærdagen.
Jærdagen kunne vore heila helga med liv og røre frå morgon til utover kvelden med live musikk og grillmat for å nevne noko. Ein kunne bruka så lang tid ein ville uten å tenka på at dei stenger av eller fordi foreldre eller andre skal på Jærnåttå og må gå heim.
Kor kjekt hadde ikkje vore for ungdommen og kunne kost seg på kvelden med venner på tivoli, i boder og åte god mat i lag og kanskje høyrt på live musikk, noko mange lengter etter. Når eg var yngre var me på tivoliet til åtte ni tida og ein gong hadde dei oppe heilt elleve på tivoliet.
Var Jærnåttå ein anna helg kunne ein starta tidleg på dagtid med Live musikk i gatene og inne på puber, god mat og drikke litt boder og ikkje minst boder med salg av fan-artikler, cdar ol. frå artistane som opptrede på Jærnåttå. Folkaliv med barn, ungdom og familiar på dagen og nokon stader med aldersgrense på kvelden. Konserter med store artister på hovedscenen om kvelden/ nåttå og ein mindre konsert med border å sitte på, allsang og mindre folk i eit anna lokal for dei som vil det og saknar dette.

Me er mange som vil ha Jærdagen tilbake, som saknar dyr, traktorer og kanontilbuder. Eg ynskjer ein kunne dela opp Jærdagen og Jærnåttå slik at me kunne få to store festivaler på Jæren uten det eine øydela for den andre. Jærdagen er jo også for ungane, dei bryr seg om dyr, tivoli, ansiktsmaling, fiskedam, maskiner osv så kvifor øydelegge dette for dei?
Og kva med Jærnåttå? Korleis forsette å utvikle denne musikkfestivalen utan at det går utover Jærdagen ?

Ein svært viktig ting alle kjøpesenter bør ha er ein god food court ( eller lignande) der alle kan setta seg ner nyta medbrakt mat eller kjøpt på dei ulike matstedene på kjøpesenteret.
Eit veldig stort kjøpesenter bør ha fleire.
Det bra for kundane å kunna setta seg ner godt og behageleg å slappa av når ein er på handel. Å kunne få i seg ein matbit er nødvendig for helsa og trivsel.
Det å kunne slappe godt av og samtidig være fri til å helga om ein vil eta mat kjøpt frå senteret, mat me har tatt med oss eller bare slappe av uten mat og berre drøsa er for oss avgjerande kor me vil handla og kor lenge me blir.
Nokon stader har dei sjølv betjeningsdisk med kaffi og tevann ol. nokon stader gratis eller til ein billig penge. Kopper,papir, bestikk, tallerkener osv. til mat og drikke, til å vaske opp eller papir / engangs står også framme.
Dagligvare butikker har av og til slike disker og så bruker du litt meir tid i butikken. Eg veit i hvertfall at eg handler automatisk meir om eg får sette meg ned litt i staden for å måtte gå med ein gong eg blir sliten eller får vondt i ryggen.
Slike småting gjer det liksom så koseligt at du som kunde er ynskja velkommen på ein måte. Slappe av i hyggelege omgjevnadar og då handlar ein også meir. Det er nok ein av grunnane til at nokon senter / butikkar gjer slike ting for kundene, dei blir lengre og kjøper meir.
OppsummeringSå om me skal bli ekstra lenge på eit kjøpesenter er det lurt å ha mange gode sitteplasser, vatndispensarar, food court OL. der me kan berre slappa av eller nyta mat som er medbrakt eller kjøpt der.
Bonus dersom desse matområdene har noko ekstra som kaffi/ te, bestikk og tallerkener OL.
Når det kjem til tilgivelse har eg nokon meiningar eg vil dele med dykk.
Eg vil sei litt om to typer mennesker når det kjem til det å koma med unnskyldning.
Det finnes ein type mennesker som trur dei kan behandle deg akkurat slik dei vil og kome tilbake inn i livet ditt igjen når som helst berre dei ber om unnskyldning.
Dei forandrer seg ein kort periode om det er Noko dei vil f.eks ha deg med på Noko eller bli med deg på ein fest eller lignande.
Etter på er dei like avvisande og stenger deg ute heilt til neste gong dei vil noko anna då begynner smiskinga igjen.. og slik kan dei holde på.. kjem med ofte svært dumme unnskyldningar når du vil ha dei med på noko og avviser deg kvar gong i lengre perioder heilt dei vil var med deg på noko kjekt igjen, då kjem smiskinga. Og slik vil dei forsette om du ikkje setter foten ned.
Dei kan knusa deg og såra deg. Dei trur at om dei berre smiler fint, smisker og gjer tjenester for deg, evt spanderer mat eller Noko anna tar du dei inn i livet ditt igjen.
Så sett foten ned om du har nokon slike i livet ditt. Kutt heller kontakten du har ikkje behov for å ha desse giftige menneskene i livet ditt som tapper deg for energi. Husk at dei ikkje er venner når dei held på slik. Slike folk ynskjer berre å skumme fløyten.
Den andre type mennesker er dei som ikkje klarer å be om unnskyldning når dei veit dei har gjort noko veldig galt.
Det kan gå lang tid og dei kan hala ut og hala ut. Kanskje virker det dei har gjort verre i sitt eige hovud en det treng å vara. Jo lengre tid det går jo verre kjennes det og jo dummare føler dei seg. Då blir vanskeligere for dei å be om unnskyldning.
Når det går lang tid ser dei for seg at du skal vara endå sintare. Dersom dei har såra deg stikk det så djupt i samvitet at dei lar vara/ uttsetter å be om unnskyldning då dei ikkje greier å sjå deg inn i augene akkurat no.
Det er mange plasser på Jæren å få seg litt Kinamat og det blir berre meir ser det ut til.
Eg er glad i Kinamat og har vore på mange forskjellige stader, derfor har eg lyst til å vise dykk dei koselegaste Kinaplassane på sør til nord-Jæren..
Eg vil ta dei fram i tilfeldig rekkefølge dei stadene eg sjølv liker best som eg ynskjer at du skal besøka og trur du skal få ei fin oppleving om du besøker nokon av desse stadene.
Peking Garden ligg rett ved vegen (jærvegen) inn til Klepp. Flott kinesisk restaurant med tradisjonell kinesisk innredning. Dette er ein plass for familien etter mi meining og me har vore her til mange anledninger frå avbrekk i kvardagen til feiring av bursdag ol. Me har vore små samlingar på to til større samlinger med langbord. Barna fekk is gratis etter middagen noko eg har opplevd på fleire kinarestauranter. Dei imøtekommande ansatte har gjort det til ein fin oppleving kvar gång.
Et steinkast frå togstasjonen på Bryne ligg den litle sjarmerande kinarestauranten Wen Hua House. Fin til kvardag og fest. Her kan du gå for den hyggelige samtalen eller eit lite selskap. Maten er meget god, behagelig musikk og dei ansatte er så smilande og hyggelege. Lokala er nyleg pussa opp og eg likar godt at dei alikavel har klart å behalde den gode gamle sjarmen som er dei.

Her har me vore ved mange anledninger f.eks ein middag midt i veka og bursdagsfeiring. Me har vore på buffet her eit par gonger anledning bursdager og maten er utruleg god og desserten på buffeen er fantastisk. Flott utsikt, herleg atmosfære og mange nydelige kinesiske detaljer i innredninga bla. fiskedammer med fargerike kinesiske fisker. Er nok ein grunn til at me ofte ender opp på denne plassen når me er i Stavanger.
Midt i kleppekrossen finn du den koselige kafeen Coffe Corner. Eg likar at det ikkje er for moderne, men veldig koseleg med litt preg av moderne og rustikke detaljer. Flott, lyst og opent. Ein kan få litt forskjellige mat og middager her. Kinamaten her er blant den beste eg har smakt og det er ein forfriskande stad å nyta eit måltid eller berre ein kaffikopp med flott utsikt ut i mot klepp sentrum.
Ein liten, men veldig koseleg og inbydane stad i Sandnes sentrum. Det er ein annleis ro her inne og skuldrene senkes. Her staden for ein date eller venninnemiddag etter mi meining då dette er ein stad for dei fine samtalane med ein betre middag. Ein fin fornøyelse!
Eg kan hugsa det som om det var i går, mor mi å eg går in dørene på Roxmann på Bryne. Lukta og atmosfæren kan ein ikkje gløyma.
Det var svært trist når denne tida var over for her har me hatt mange koselege sosiale stunder. Det er nestan litt rart, men eg trur faktisk ikkje me har nokon bilete her i frå sjølv om eg har besøkt denne staden frå eg satt i vogna til i vert fall ungdomskule tid.
Eg har fått dyppa sukkerbiter i min mammas kaffi og drukket kaffilatte på denne staden. Her har eg vore med mi syster og mor, tremenningar og søskenborn og kost oss med boller, brus, påsmurte herlegheiter og ikkje minst halvt horn med ost, skinka, piffi og varmt i mikroen.
Det var f.eks. fast stoppestad på shopping når tanter var besøk og det var tid for ein kaffidrøs. Me var innom her med klassekamerater og til og med tatt ein kaffi med lærarinne på ungdomskulen.
Me har kost oss masse her oppigjønå alle år og sjølv om det er lenge sidan er rart at det ikkje er ein stad me kan stoppa opp å ta ein kaffi lenger.