Sist var det Spar Kjøp der blandt damesko var dei grå og mørke skonå i store storleiker og små storleiker var lyse fargar. Eg hadde sett meg ut nokon flotte haustsko på Spar Kjøp som var lyserosa og itillegg diverse farger. Når eg kom ner til butikken er dei lyse fargane berre laga i små str. og mørke og / eller grålige i berre store. Er tankegangen at dei som liker mørke farger er store og kraftige damer og dei som liker lyse farger er små nette damer? Eg kunne ikkje kjøpa dei skonå eg likte då.
Det er også svært diskriminerande når dei lager klær og sko i » Dame og manna farger» og klær / sko for damer er bitte små og for menn er alt stort. Menn kan være små og damer store … Nå var det JYSK som har mørke / grålige badekåper i store storleiker og kvite og rosa i berre små storleikar. Men kan være små og tynne og damer kan være store. Ei lita nett dame kan vel lika mørke farger og ei dame som er stor og kraftig kan vel lika å kle seg feminint? og menn kan vel kle seg både i kvit og rosa om dei vil? Også her kunne ikkje eg kjøpe i den fargen eg likar og opplever dette alt for ofte . Trudde me hadde kome lenger..
Kvifor skal mørke farger var berre i store storleiker og lyse farger kun små storleiker ?
Å nekta å ta i mot kontanter er å nekte å ta i mot eit tvunget betalingsmiddel altså ein nekter å ta i mot betaling.
Ein har ikkje lov å nekte å ta i mot kontanter. Du kan også risikere høge bøter har bedriftane råd til dette?
Er du av den moderne typen som har den nyaste smarttelefone, vippser og drar kortet og ikkje forstår problemene mange har?
Fleire enn du trur eiger ikkje smarttelefon engång av ulike grunnar og dårleg råd kan være grunn og ein anna grunn er at mange ikkje får til å bruka ein smarttelefon og alle ulike appane til alle dei ulike oppgåvene. Har ein fyrst lært det blir alt oppdatert og fornya til ein kvar tid og det blir vanskeleg å setje seg inn i folk med fysisk eller psykisk sjukdom eller tilstander, eldre, utviklingshemmede kan ha problemer med teknologien, men også mange friske, oppegående og høgt utdanna mennesker kan problemer med på dette området.
Det kan være mange grunner til at folk ynskjer å betale kontanter. Mange av oss ynskjer ikkje å betale små beløp med kort, ein har ikkje andre betalingsmoglegheiter, nokon har problemer med andre betalingsmetoder, men ein av grunnane er retten til å velge og friheten kontantane gir oss.
Nekter du kontanter nekter du å ta i mot betaling. Mange klager f.eks. på svinn og sniking på bussen og at det sjølvsagt kan gå utover økonomien til ein bedrift, men har bedriften råd til å miste kunder og derfor i verste fall måtte selge ut mat til svært lågare prisar eller at mat/ varer ikkje blir solgt då kundene uteblir? Eller har butikkane råd til dei store bøtene dei risikerer? Alt dette fordi dei nekter kontanter..
Dei snakkar om at dei ynskjer at endå fleire skal bruka den kollektive transporten, men mange ynskjer ikkje dette når dei ikkje tar kontanter og då er fridomen større med bilen. Om det ikkje kan være fritt val korleis me skal betale, får det berre vara meiner mange.
Nekter du eller det blir store problemer med kontanter i ein butikk, buss eller kafe gjer du det vanskeleg for mange potensielt viktige kunder som kanskje ikkje vil koma igjen og du må tenka på om du som bedrift har råd til dette. Samstundes må politikarane våre tenke på om det er slik dei får fleire til å bruke den kollektive transporten.
Kontanter er tvunget betalingsmiddel ikkje berre gyldig betalingsmiddel.
Med dei stadig stigande prisane på mat og arrangement er det inga overrasking lenger når me høyrer om prisstigning her og der..
Nå er det allereie dyrt frå før av på gladmaten og mange har ikkje råd. At prisane skal stiga med 50 % er jo ein stor skam. Problemet er at det er nok «rike» til å holde det gåande for dei som driver slik og folk seier at dei «gledeleg betaler » sjølv kor dyrt det blir og » det er det verdt» uansett kva det gjelder og kor mykje prisen stiger , men noko til eit par hundre eller ei korg jordbær til variert mellom 50 og 100 kr er ikkje verdt prisen for alle. Itillegg blir fattige mobba og klaga på for at ikkje eter Norsk mat. Kva hadde du gjort om du sleit med å få endane til å møtast og fekk valet mellom ei korg jordbær til 50kr ++ og ei til 25kr?
Om folk skal forsette og betale med glede uansett kor dyrt ting blir , blir fleire»silt vekk» frå sosiale sammenhenger og frå å eta normal sunn Norsk mat.
Diverre finnes det folk både blant vanlige mennesker og politikere som meiner det skal vera slik. Dei vil berre ha «flotte» folk på desse festivalane, konsertane, restauranter og skal få tilgang til den beste Norske maten osv.
Heldigvis er ikkje dette meiningane til folk flest, men med desse stadig stigande prisane og i tillegg dårlegare tilrettelegging for hemmande, er den vegen det går . Ta kjøpesentera f.eks veldig mange av dei i området har vonde benker å sitte på til vanlege besøkande, men inne på kaffeane er det gode mjuke sitteplasser, men der er det sjølvsagt dyrt. Slike festivaler har stort sett berre harde sitteplasser og er så dyre at berre rike har råd. Jo dyrere alt blir, jo færre kjem til å møta opp her og der på arrangement og om nokon år er Noreg dauere og fattigere. Dei «svake» blir stadig silt vekk frå å delta i vanlige sosiale sammenhenger, samstundes som me må sitte å sjå på fleire nedleggelsar om me ikkje grip inn og gjer noko med dette.
Med den rekordfarten prisane har hatt til no , korleis vil det vara om 3 år? Då vil kanskje ikkje butikkmedarbeidere , arrangørar , artistar , utsillarar og andre ansatte rundt omkring som har jobb i dag kanskje ikkje har arbeid å gå til om 3år?
Ein er fri og frank og lev livet til det fulle. Plutseleg ein dag skjer det noko heilt uventa, med eit får du auge kontakt med nokon som skal visa seg å være heilt spesiell. Dykk møtes fleire gånger og det er like spesielt kvar gong som om augeblika står stille. Du får ikkje denne personen ut av hovudet og kjærleik ved fyrste blikk finnes jo ikkje eller?
Det var ikkje dette du ville og benekter kanskje desse kjenslene lenge i starten. Det du eigentleg hadde sett for deg var å være fri. Fri til å leve singellivet og gjere det du vil og ta dagane slik dei kjem og ikkje at du skulle dele livet med ein annan, men nå er det eit menneske du ikkje for ut av hovudet og du forsøker jo då dette ikkje var ein del av planen, nei du ville aldri binde deg til nokon, du ville vara fortsatt fri og frank.
For kor lenge er du eigentleg fri til å leva det du i utgangspunktet ville før du begynner å kjenna på lengselen etter det andre menneske?
Er det ekte kjærleik vil du tenkje meir på denne personen med tida, kjenslene og lengselen vil auka. Om du innerst inne elsker eit menneske er du då heilt fri utan dette mennesket i livet ditt? Fri til å gjera slik du vil når du vil?
Er du ikkje allereie «bunden» til dette mennesket?
For det livet du i utgangspunktet ynskja å leva med «piker, vin og sang» eller rote rundt på fester med «mann etter mann» er vel ikkje det same lenger når du gjennom hjarta eigentleg har blitt knytta til eit bestemt menneske? Du er jo ikkje kjenslemessig lenger like fri til å leva dette livet lenger.
Når tida går blir det kanskje vanskelegare å tvihalde på singellivet. Noko av deg ynskjer dette samstundes som hjarta ditt lengter meir og meir etter ein person. Før har du vore både betatt og forelska, men dette er annleis og sjølv om du forsøkjer å gløyme dei kjem dei att i hovudet ditt igjen og igjen. Då er du ikkje lenger kjenslemessig fri til å leve dette «frie» singellivet, du er knytta til denne personen, du er ordentleg forelska.
Du må ta eit val
Då må du ta eit val. Skal du fortsette å lura deg sjølv at du ikkje er interessert i fast forhold? Å være tilknytta eit menneske er ikkje gale når det er den store kjærleiken. Er tanken på å sitje i armkroken til denne personen betre enn tanken på å liggja rundt med forskjellige?
Skal du fortsette å tviholde på singellivet og sjå på at den du elskar finn seg ein annan? Det er no du må ta eit val.
Fridom finn du i lykka
Er du i denne situasjonen er den ordentlige friheten når du har funnet saman med den du elskar. Du er ikkje like fri som singel om du går å lengter etter ein bestemt person. Tenk deg om, om ein er redd for å binde seg, kvifor binda seg til singellivet i staden for det mennesket du innerst inne går å lengter etter?
Er du mest fri når du er saman med den du elskar eller når ein annan er saman den personen du elsker?
Fridom kjem med lykka du får når du og denne personen har funne kvarandre og funnet saman. Fridom er når ein har eit menneske i livet som ser deg og elskar deg for den du er. Fridom er ein person som er med deg på det du likar å gjere og omvendt og som du kan være både sint, sur og sta av og til utan dei bryr seg. Fridom er ein person du har i livet ditt du kan var deg sjølv med og snakke om alt med.
Når ein har funne ein heilt spesiell person som liker deg for den du er bør du ikkje ta vedkommande for gitt for det kjem nok ikkje fleire like han eller ho i livet ditt. Hugs at om det er noko heilt spesielt mellom dykk finnes moglegheita at det kan bli dykk.
Det er no du skal ta eit val, det er betre å prøve og mislykkast enn å aldri prøva.
Me har mange kjekke plasser her på Bryne å få oss rask gatekjøkken mat og snacks mat. Eg vil koma med nokre anbefalingar over dei stadene eg er mest glad i.
Bintang, ei lita koseleg take-away bu ved jernbanen kor ein kan få både kinesisk, kebab og baktpotet for å nevna noko. God stekt ris og vårrullane her er noko av dei beste eg har smakt og alle eg kjenner skryt av dei. Noko av kinamaten her er for dei som likar at det river litt, men du kan trygt bestille vanlig stekt ris. Anbefaler virkelig å smaka baktpotet her og «Vikingskip».
Il tempo, italiensk mat. Ein av hovedgrunnane til anbefalinga av denne staden er den koselege utendørs paviljongen kor det er heilt fantastisk å nyte god mat om sommaren. Her er mykje god mat å velga frå kebab , pizza, pasta omm. Her kan du også få litt flottere spekemat ol. og feks bestille litt dyrare brett med fin ost og spekemat med heim.
Wen hua house, liten og fine kinesiske restaurant ved jernbanen i nærleiken av torget. Dei så klart kinesisk snack-mat her som innbakt scampi, vårruller og anna, men utan om det har dei ein heil meny med bla. burgerar, snitzel, frityrstekt fisk, løvbiff ++ Verdt et besøk!
Eg skulle ynskje det kom meir folkelige og koselige kafear som selde enklare og billigare mat. problemet er at mange vil driva flotte spisestader med dyrare mat, men me kan ikkje berre ha flotte kafear og spisestader.
Ta jærbuen som er enkel der ynskjer mange å koma seg ut på ein kafé og drøsa med kjente og er ikkje ute etter storflott mat.
I dag selger dei ostefat og flotte salater med brie. Det er greit nok ein gong når me vil kosa oss litt ekstra, men me er av enkle folk og har ikkje lyst å flotta oss med dyr mat fleire gonger i veka.
«Meir enn ei skjeva» på Bryne torg.
Kvifor er det ingen enkle kafear lengre som sel alminnelig mat, enkle smørbrød, billigmerke kaffi og ikkje verken storflotte mokka og ostekaker med fleire lag som bugner over med pynt og roser, italiensk selskapskaffe eller rekesmørbrød på gourmetloff, ein haug med håndpillede reker og masse sitron og anna pynt som mange hiver av. Eg ynskjer meg almineleg kafe som selger brownie og langpannekaker, enkle små kakestykker i 20/30 kr klassen, billigkaffi og vanlige rundstykker i samme prisklasse og enkle litt mindre smørbrød med billigere ingredienser frå 40/ 50 kr klassen. På Bryne torg finn ein » Meir enn ei skjeva» som er ein av få slike koselege kafèar.
Rekesmørbrød kan ha meir av andre ingredienser som fiskepudding og crabstick evt. også reine crabsticksmørbrød. Dei kan bruka billigare råvarer, laga maten enklare og selga det billigare og trenger ikkje bruka masse penger på dyrt moderne interiør og designer møbler.
Mange av oss ynskjer å ha ein møtestad ein kan drøsa. Det er ikkje alltid nødvendig med brasiliansk selskaps kaffi eller storslåtte mokkakaker.
Når eg tenker på min barndoms Halloween vekker det mange minner..
Eg er vokst opp på ei tid der Halloween var noko nytt. Fyrst høyrte me berre om det, såg det i filmar og begynnte å hørre om litt folk her heima som feira det.
Då mi syster som er ein del år eldre en meg gjekk på ungdomsskulen snakka nokre om Halloweenfeiringa dei hadde hatt den helga og dei aller fleste i klassen hennar visste ikkje kva det var.
Nokre år seinare gjekk eg på barneskulen og me hørte meir og meir om Halloweenfeiring her og der.
På den tida gjekk det veldig fort frå kun høyra om det til me få år seinare feira det fast heile familien med venner og god mat.
Og ein stad i mellomtida var det slik at me ikkje feira Halloween, me gjekk Halloween. Me kledde oss ut kom heim med godter og det var det. Mine foreldre var som aller fleste foreldre skeptiske til denne nye tradisjonen «frå Amerika» som alle inkludert meg sjølv, trudde Halloween opprinnelig stamma frå.
Slik starta vår Halloweenfeiring
Som tidlegare nemnt var det vanliga å gå Halloween på den tida, men på skulen vart eg mykje mobba og fekk ikkje alltid vara med dessverre. Det var då mor mi bestemte seg for å invitere vener og familie til Halloweenfeiring. Det blei tradisjonen.
Då hadde me god mat, pynta huset ( og mengden halloweenpynt auka med åra), gjester og mykje latter og glede.
Min far begynte overraskende å kjøpe gresskar til oss år etter år..
Å kle seg ut var frivillig.
Lyste opp mørketida
For meg blei det noko me såg fram til år etter år. Ein hyggeleg tilstelning å sjå fram til midt i mørketida.
Å gå å gleda seg, forbereda til Halloweenfeiring, handla litt pynt og evt sminke OL. var med på å gi glede.
Her er eit av dei fyrste åra me feira Halloween. Her går me tur på hyttevegen med masker og lykter. Rundt år 2000.
skjønnleik kjem frå innsida fordi er du god, hjelpsam og varm er du vakker i andre sine auge uansett korleis du ser ut.
Skjønnleiken som menneske, å være eit menneske som gir og tar, er tolmodig med dei folka som treng det, blir med på ting du trur du ikkje vil lika for å glede andre eller som ofte hjelper og gir gode råd vil både du og andre sjå deg som eit vakkert menneske då får du sjarm og glimt i auge og skjønnleik på innsida blir til skjønnleik på utsida.
Andre ser deg som vakker før du gjer det sjølv..
Har du ein positiv innstilling får du ein positiv utråling, og har du eit varmt smil, er godhjerta og snill og hjelpsom med dei rundt deg ser du deg sjølv som vakrare og vakrare for kvar dag som går.
Som ein fortsettelse på innlegget om utelivet i Noreg vil eg skriva litt om kva type aktivitetar som det burde arrangerast i utelivet for å sosialiserast meir
Mange sitter åleine,men utelivet lokker ikkje alle ut det kan eg forstå. Mange vil vara sosiale og kose seg meir med andre det er lite å finne på ute på byen i Noreg samanlikna med andre land.
Byane og mange pøbar er fulle med festglade nordmenn. Sjølv om det er mange folk ute på byen mange stader, meiner eg me har eit felles ansvar for dei som sitter åleine. Mange pøbar rundt omkring klager over lite folk og sliter med å få det til gå rundt økonomisk samstundes som mange sitter åleine heime.
Om du ikkje har lest det fyrste innlegget finn du det her:
Her er noko av det som kunne arrangeres som ein del av eit meir variert og spanande uteliv.
• Drikkelek • konkurranse • Film med ekstra lydeffekter • Tema kvelder, evt. med utkledning og mat • buffet • pøb til pøb med oppgåver og rebus • Talent/ humor / underholdning konkurranse med påmelding og utslåing premi til vinner. • Karaokekonkuranse • conga • striptease / poledans / burlesk • «hvorfor det» lek med vanlige folk på scenen. • Drinkoppskrift konkurranse • revy/ humorshow/ talentkonkurranse som alle kan melda seg på å bli med på
Forslag til drikkeleker.
Drikke / festeleker:
• spørsmål og svar lek • beerpong • danseleken • stolleken • sitte fanget lek. Ein person seier» alle som.. ditt eller datt «kan sette seg ein plass fram, men ikkje om dei har nokon på fanget. • Lang rekke med klærnå lek • paring med ballonger • mimelek • Datelek, spørsmål besvares og andre oppgåver. Deltalekerane ser ikkje kvarandre. Vinnerane får premier DATE FOR TO.
Sommer aktiviteter:
• To lag i rekker, ballong festet til rumpa, personen bak skal sprekke ballong kun med å klemme/ presse kroppen. Fyrste lag med alle ballonger sprukket, vinner. (Kva heiter denne leken) • bål og musikk ( spidding av pølse, pinnebrød, marshmallows) • lang rekke med klærnå • vannkrig • bobbledisko / skumparty • conga i sentrum eller gå lange rekka med trubadur fremst og plukke med opp folk og så inn på pøben.. • Badetøy konkurranse for alle ( humoristisk) • wet t-shirt konkurranse seriøs eller morsom der folk kler seg ut og skaper seg.
Når me ser på film og fjernsyn foregår det så mykje meir spanande i gatene og på pøbane i andre land, noko er også for heile familien. Konkurranser med premier er vanleg og folk gleder seg til årelege karneval, talentshow og konkuranser, ofte sesong relatert.
Er nordmenn sløvare på dette området eller står det på initiativ?
Har du forslag til kule konkurranser, partyleker eller andre aktiviteter å ha ute på byen?
Eg er ikkje så glad i det norske utelivet, eg synest det skjer alt for lite på ein vanlig bytur i Noreg. Eg går berre på utvalde ting som konserter ol.
Eg treng nok litt meir spenning enn å berre drikka å jabba. Og på på ein vanlig pøb skjer det nok litt lite, det er litt dumt for eigentleg hadde det vore kjekt å sosialisert seg på eit anna nivå. Eg skulle ynskja at det var meir forskjellige ting å finna på ute på byen om nåttå i helgene for eg vil ha litt meir liv og aktivitet. fyrst og fremst burde spillhaller, bowling, kino også hatt opent( i vert fall der dei som har status som by) og når det var tivoli i byen var det også oppe om nåttå. Eg snakker med så mange som er heilt einge, dei ville også at det skulle vore mer forskjellige underholdning og sosiale aktiviteter på pøbane. «Er derfor eg ikkje går ut » svare mange også.. kanskje noko å tenka på når mange pøbbar klager på at det ikkje kjem folk og at det går dårleg. Dei kan liksom ikkje berre forventa at folk skal komma og drikka drinkar til stive prisar og lytta på trubadurar som spele dei same sangane om og om igjen..
kva med noko meir spanande aktiviteter, då tenker eg på meir en karaoke, quiz og stand up som er gjengangerar på pøber,
Her er linken til mitt neste blogginnlegg der eg skriver litt om kva eg ville hatt som aktiviteter ute på byen: